< Salmenes 54 >
1 Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David, då zifitarne kom og sagde til Saul: «David held seg løynd hjå oss.» Gud, frels meg ved ditt namn, og døm meg til min rett ved di kraft!
2 Gud, høyr mi bøn, vend øyra til ordi frå min munn!
3 For framande stend upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. (Sela)
4 Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mi sjæl.
5 Det vonde skal falla tilbake på deim som lurar på meg; gjer deim til inkjes i din truskap!
6 Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; ditt namn vil eg prisa, Herre, for det er godt.
7 For det friar meg ut or all naud, og på mine fiendar ser mitt auga med lyst.