< Salmenes 53 >
1 Til songmeisteren, etter Mahalat; ein salme til lærdom av David. Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira misgjerning; det er ingen som gjer godt.
For the leader. On mahalath. A maskil of David. Fools say in their heart, ‘There is no God.’ Vile, hateful their life is; not one does good.
2 Gud skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.
From heaven God looks out on humans, to see if any are wise, and care for God.
3 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det er ikkje ein einaste.
But all have turned bad, the taint is on all; not one does good, no, not one.
4 Veit dei det då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje.
Have they learned their lesson, those workers of evil? Who ate up my people, eating, devouring, never calling to the Lord.
5 Då vert dei storleg rædde, der ingen ræddhug var; for Gud spreider beini av deim som lægrar seg mot deg; du gjer deim til skammar, for Gud hev støytt deim burt.
Sore afraid will they be, where no fear was; when God scatters the bones of the godless people. They will be put to shame, when God rejects them.
6 Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Gud vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.
If only help from Zion would come for Israel! When God brings his people a change of fortune, how glad will be Jacob, and Israel how joyful!