< Salmenes 52 >
1 Til songmeisteren; ein salme til lærdom av David, då edomiten Doeg kom og fortalde Saul og sagde til honom: «David er komen i Ahimeleks hus.» Kvi rosar du deg av vondskap, du velduge? Guds nåde varer all dagen.
2 De tunga stilar du på tyning liksom ein kvest rakekniv, du som legg upp svikråd.
3 Du elskar det vonde framfor det gode, lygn framfor å tala sant. (Sela)
4 Du elskar alle drepande ord, du svikfulle tunga!
5 So skal og Gud riva deg ned for alltid; han skal gripa deg og rykkja deg upp frå tjeldet og rydja deg ut or livsens land. (Sela)
6 Og dei rettferdige skal sjå det og ottast, og dei skal læ åt honom og segja:
7 «Sjå der den mann som ikkje heldt Gud for si vern, men sette si lit til sin store rikdom og sette sin styrke i sin vondskap.»
8 Men eg er som eit grønt oljetre i Guds hus; eg set mi lit til Guds nåde æveleg og alltid.
9 Eg vil lova deg til æveleg tid, for du hev gjort det, og eg vil vona på ditt namn, for det er godt, for augo på dine trugne.