< Salmenes 46 >
1 Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song. Gud er mi hyggja og vår styrke, fullvel røynd i trengslor.
To him that excelleth upon Alamoth a song committed to the sonnes of Korah. God is our hope and strength, and helpe in troubles, ready to be found.
2 Difor ottast me ikkje, um so jordi vert umskift, og um fjelli ragar hjarta av storhavet,
Therefore will not we feare, though the earth be moued, and though the mountaines fall into the middes of the sea.
3 um havbårorne dyn og skumar, og fjelli skjelv for deira ofse. (Sela)
Though the waters thereof rage and be troubled, and the mountaines shake at the surges of the same. (Selah)
4 Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.
Yet there is a Riuer, whose streames shall make glad the citie of God: euen the Sanctuarie of the Tabernacles of the most High.
5 Gud er midt i honom, so han skal ikkje rugga; Gud hjelper honom i morgonlysingi.
God is in the middes of it: therefore shall it not be moued: God shall helpe it very earely.
6 Folkeslag rasa, rike vart rikka, han let si røyst ljoda, jordi bråna.
When the nations raged, and the kingdomes were moued, God thundred, and the earth melted.
7 Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. (Sela)
The Lord of hostes is with vs: the God of Iaakob is our refuge. (Selah)
8 Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi.
Come, and behold the workes of the Lord, what desolations he hath made in the earth.
9 Han gjer ende på herferder yver all jordi, bryt bogen sund og høgg spjotet av; stridsvognerne brenner han upp i eld.
He maketh warres to cease vnto the endes of the world: he breaketh the bowe and cutteth the speare, and burneth the chariots with fire.
10 «Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.»
Be still and knowe that I am God: I will be exalted among the heathen, and I wil be exalted in the earth.
11 Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. (Sela)
The Lord of hostes is with vs: the God of Iaakob is our refuge. (Selah)