< Salmenes 44 >

1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme til lærdom. Gud, me hev høyrt med våre øyro, våre feder hev fortalt oss den gjerning du gjorde i deira dagar, i forne dagar.
For the Leader; a Psalm of the sons of Korah. Maschil. O God, we have heard with our ears, our fathers have told us; a work Thou didst in their days, in the days of old.
2 Du dreiv ut heidningarne med di hand, men deim planta du; du øydelagde folkeslag, men deim breidde du ut.
Thou with Thy hand didst drive out the nations, and didst plant them in; Thou didst break the peoples, and didst spread them abroad.
3 For ikkje med sitt sverd vann dei landet, og deira arm gav deim ikkje siger, men di høgre hand og din arm og ditt andlits ljos; for du hadde hugnad i deim.
For not by their own sword did they get the land in possession, neither did their own arm save them; but Thy right hand, and Thine arm, and the light of Thy countenance, because Thou wast favourable unto them.
4 Du, Gud, er min konge; byd at Jakob skal verta frelst!
Thou art my King, O God; command the salvation of Jacob.
5 Ved deg skal me støyta ned våre fiendar, ved ditt namn skal me treda under føter deim som reiser seg imot oss.
Through Thee do we push down our adversaries; through Thy name do we tread them under that rise up against us.
6 For min boge lit eg ikkje på, og mitt sverd gjev meg ikkje siger.
For I trust not in my bow, neither can my sword save me.
7 Men du gjev oss siger yver våre fiendar, og deim som hatar oss, gjer du til skammar.
But Thou hast saved us from our adversaries, and hast put them to shame that hate us.
8 Av Gud rosar me oss all dagen og lovar ditt namn til æveleg tid. (Sela)
In God have we gloried all the day, and we will give thanks unto Thy name for ever. (Selah)
9 Og endå hev du støytt oss burt og gjort oss til skam, og du dreg ikkje ut med våre herar.
Yet Thou hast cast off, and brought us to confusion; and goest not forth with our hosts.
10 Du let oss vika attende for fienden, og dei som hatar oss, fær seg herfang.
Thou makest us to turn back from the adversary; and they that hate us spoil at their will.
11 Du gjev oss burt som sauer til å eta upp, og spreider oss ikring millom heidningarne.
Thou hast given us like sheep to be eaten; and hast scattered us among the nations.
12 Du sel ditt folk for ingen ting, og ikkje set du høg pris på deim.
Thou sellest Thy people for small gain, and hast not set their prices high.
13 Du gjer oss til hæding for våre grannar, til spott og spe for deim som bur ikring oss.
Thou makest us a taunt to our neighbours, a scorn and a derision to them that are round about us.
14 Du gjer oss til eit ordtøke millom heidningarne; dei rister på hovudet åt oss millom folki.
Thou makest us a byword among the nations, a shaking of the head among the peoples.
15 Heile dagen stend mi skam for mine augo, og blygsl breider seg yver mitt andlit,
All the day is my confusion before me, and the shame of my face hath covered me,
16 ved røysti av spottaren og hædaren, ved syni av fienden og den hemngiruge.
For the voice of him that taunteth and blasphemeth; by reason of the enemy and the revengeful.
17 Alt dette er kome yver oss, endå me ikkje hev gløymt deg og ikkje svike di pakt.
All this is come upon us; yet have we not forgotten Thee, neither have we been false to Thy covenant.
18 Vårt hjarta veik ikkje frå deg, og våre stig sveiv ikkje ut av din veg,
Our heart is not turned back, neither have our steps declined from Thy path;
19 at du skulde slå oss sund der sjakalar bur, og breida oss ned i daudeskugge.
Though Thou hast crushed us into a place of jackals, and covered us with the shadow of death.
20 Hadde me gløymt vår Guds namn og rett våre hender ut til ein framand gud,
If we had forgotten the name of our God, or spread forth our hands to a strange god;
21 skulde Gud då ikkje ransaka det? for han kjenner hjartans løyndomar.
Would not God search this out? For He knoweth the secrets of the heart.
22 Men for di skuld vert me drepne all dagen, me er rekna som slagtesauer.
Nay, but for Thy sake are we killed all the day; we are accounted as sheep for the slaughter.
23 Vakna upp! Kvi søv du, Herre? Vakna då, støyt ikkje burt for alltid!
Awake, why sleepest Thou, O Lord? Arouse Thyself, cast not off for ever.
24 Kvi løyner du di åsyn, gløymer vår armodsdom og vår trengsla?
Wherefore hidest Thou Thy face, and forgettest our affliction and our oppression?
25 For vår sjæl er nedbøygd i moldi, vår likam nedtrykt til jordi.
For our soul is bowed down to the dust; our belly cleaveth unto the earth.
26 Statt upp til hjelp for oss, og løys oss ut for din nåde skuld!
Arise for our help, and redeem us for Thy mercy's sake.

< Salmenes 44 >