< Salmenes 42 >

1 Til songmeisteren; ein song til lærdom, av Korahs born. Som ein hjort styn etter vatsbekkjer, so styn mi sjæl etter deg, min Gud.
To the chief Musician, Maschil, for the sons of Korah. As the hart panteth after the water brooks, so my soul panteth after thee, O God.
2 Mi sjæl tyrster etter Gud, etter den livande Gud. Når skal eg koma og syna meg for Guds åsyn?
My soul thirsteth for God, for the living God: when shall I come and appear before God?
3 Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?»
My tears have been my food day and night, while they continually say to me, Where [is] thy God?
4 Dette må eg koma i hug og tøma ut mi sjæl hjå meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med deim til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum.
When I remember these [things], I pour out my soul in me: for I had gone with the multitude, I went with them to the house of God, with the voice of joy and praise, with a multitude that kept holy-day.
5 Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og bruser i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom for frelsa frå hans andlit.
Why art thou cast down, O my soul? and [why] art thou disquieted in me? hope thou in God: for I shall yet praise him [for] the help of his countenance.
6 Min Gud! Mi sjæl er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordanlandet og Hermonhøgderne, frå det vesle fjell.
O my God, my soul is cast down within me: therefore will I remember thee from the land of Jordan, and of the Hermonites, from the hill Mizar.
7 Vatsflod ropar til vatsflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg.
Deep calleth to deep at the noise of thy water-spouts: all thy waves and thy billows are gone over me.
8 Um dagen sender Herren sin nåde, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud.
[Yet] the LORD will command his loving-kindness in the day-time, and in the night his song [shall be] with me, [and] my prayer to the God of my life.
9 Eg må segja til Gud, mitt berg: «Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk?»
I will say to God my rock, Why hast thou forgotten me? why go I mourning because of the oppression of the enemy?
10 Det er som knasing i mine bein, at mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?»
[As] with a sword in my bones, my enemies reproach me; while they say daily to me, Where [is] thy God?
11 Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom, mitt andlits frelsa og min Gud.
Why art thou cast down, O my soul? and why art thou disquieted within me? hope thou in God: for I shall yet praise him, [who is] the health of my countenance, and my God.

< Salmenes 42 >