< Salmenes 41 >
1 Til songmeisteren; ein salme av David. Sæl er den som ser til ein vesallmann; på den vonde dag skal Herren frelsa honom.
To the chief Musician. A Psalm of David. Blessed is he that understandeth the poor: Jehovah will deliver him in the day of evil.
2 Herren skal verja honom og halda honom i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva honom til hans mordgiruge fiendar.
Jehovah will preserve him, and keep him alive; he shall be made happy in the land; and thou wilt not deliver him to the will of his enemies.
3 Herren skal stydja han på sotteseng, og vender all hans lega i hans sjukdom.
Jehovah will sustain him upon the bed of languishing: thou turnest all his bed in his sickness.
4 Eg segjer: «Herre, ver meg nådig; læk mi sjæl, for eg hev synda mot deg!»
As for me, I said, Jehovah, be gracious unto me: heal my soul; for I have sinned against thee.
5 Mine fiendar talar vondt um meg: «Når skal han døy, og hans namn forgangast?»
Mine enemies wish me evil: When will he die, and his name perish?
6 Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, so gjeng han ut og talar um det.
And if one come to see [me], he speaketh falsehood; his heart gathereth wickedness to itself: he goeth abroad, he telleth [it].
7 Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som gjer meg vondt:
All that hate me whisper together against me; against me do they devise my hurt.
8 «Ei illgjerning heng ved honom, og han som ligg der, skal ikkje meir standa upp.»
A thing of Belial cleaveth fast unto him; and now that he is laid down, he will rise up no more.
9 Ja, endå den som eg livde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.
Yea, mine own familiar friend, in whom I confided, who did eat of my bread, hath lifted up [his] heel against me.
10 Men du, Herre, ver meg nådig og hjelp meg upp! So vil eg gjeva deim vederlag.
But thou, Jehovah, be gracious unto me, and raise me up, that I may requite them.
11 På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg.
By this I know that thou delightest in me, because mine enemy doth not triumph over me.
12 Og meg held du uppe i mi uskyld og set meg for di åsyn til æveleg tid.
But as for me, thou upholdest me in mine integrity, and settest me before thy face for ever.
13 Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Amen, amen!
Blessed be Jehovah, the God of Israel, from eternity to eternity! Amen, and Amen.