< Salmenes 39 >

1 Til songmeisteren, til Jedutun; ein salme av David. Eg sagde: «Eg vil vakta mine vegar, so eg ikkje syndar med mi tunga; eg vil leggja taum på min munn, so lenge den ugudlege er meg for augo.»
For the Chief Musician. For Jeduthun. A Psalm by David. I said, “I will watch my ways, so that I don’t sin with my tongue. I will keep my mouth with a bridle while the wicked is before me.”
2 Eg tagna og var kurende still; eg tagde utan von um lukka, men mi liding vart rørd upp.
I was mute with silence. I held my peace, even from good. My sorrow was stirred.
3 Mitt hjarta brann i min barm; ved mi grunding kveiktest eld - eg tala med mi tunga.
My heart was hot within me. While I meditated, the fire burnt. I spoke with my tongue:
4 Herre, lat meg få vita min ende og målet på mine dagar, kva det er; lat meg vita kor snargjengd eg er!
“LORD, show me my end, what is the measure of my days. Let me know how frail I am.
5 Sjå, som ei lovebreidd hev du sett mine dagar, og mi livstid er som ingen ting for deg; berre som den tome fåfengd er kvart menneskje sett her. (Sela)
Behold, you have made my days hand widths. My lifetime is as nothing before you. Surely every man stands as a breath.” (Selah)
6 Berre som ein skugge gjeng mannen ikring, berre til fåfengs ståkar dei; han dungar i hop og veit ikkje kven som skal sanka det inn.
“Surely every man walks like a shadow. Surely they busy themselves in vain. He heaps up, and doesn’t know who shall gather.
7 Og no, kva vonar eg, Herre? Mi von stend til deg.
Now, Lord, what do I wait for? My hope is in you.
8 Frels meg frå alle mine misgjerningar, set meg ikkje til spott for dåren!
Deliver me from all my transgressions. Don’t make me the reproach of the foolish.
9 Eg er tagna og let ikkje upp min munn; for du hev gjort det.
I was mute. I didn’t open my mouth, because you did it.
10 Tak di plåga burt frå meg! Ved slag av di hand er det ute med meg.
Remove your scourge away from me. I am overcome by the blow of your hand.
11 Tuktar du ein mann med refsing for skuld, so fortærer du hans fagerleik som motten. Berre fåfengd er kvart menneskje. (Sela)
When you rebuke and correct man for iniquity, you consume his wealth like a moth. Surely every man is but a breath.” (Selah)
12 Høyr mi bøn, Herre, og vend øyra til mitt rop; teg ikkje til min gråt! for eg er framand hjå deg, ein gjest som alle mine feder.
“Hear my prayer, LORD, and give ear to my cry. Don’t be silent at my tears. For I am a stranger with you, a foreigner, as all my fathers were.
13 Sjå burt frå meg, so eg kann kvikna til, fyrr eg fer herifrå og er ikkje meir!
Oh spare me, that I may recover strength, before I go away and exist no more.”

< Salmenes 39 >