< Salmenes 36 >

1 Til songmeisteren; av Herrens tenar David. Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, kjenner eg i mitt inste hjarta. Ingen ræddhug for Gud er det for hans augo.
in finem servo Domini David dixit iniustus ut delinquat in semet ipso non est timor Dei ante oculos eius
2 For ein høler honom i augo ved å finna hans synd, ved å hata honom.
quoniam dolose egit in conspectu eius ut inveniatur iniquitas eius ad odium
3 Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt.
verba oris eius iniquitas et dolus noluit intellegere ut bene ageret
4 Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde.
iniquitatem meditatus est in cubili suo adstetit omni viae non bonae malitiam autem non odivit
5 Herre, til himmelen når di miskunn, din truskap upp til dei høge skyer.
Domine in caelo misericordia tua et veritas tua usque ad nubes
6 Di rettferd er som Guds fjellhøgder, dine domar er ei stort havdjup; menneskje og dyr frelser du, Herre!
iustitia tua sicut montes Dei iudicia tua abyssus multa homines et iumenta salvabis Domine
7 Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Og menneskjeborni flyr inn i skuggen av dine vengjer.
quemadmodum multiplicasti misericordiam tuam Deus filii autem hominum in tegmine alarum tuarum sperabunt
8 Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du deim å drikka.
inebriabuntur ab ubertate domus tuae et torrente voluntatis tuae potabis eos
9 For hjå deg er livsens kjelda, i ditt ljos ser me ljos.
quoniam apud te fons vitae in lumine tuo videbimus lumen
10 Lat di miskunn vara lenge for deim som kjenner deg, og di rettferd for dei trurøkne i hjarta!
praetende misericordiam tuam scientibus te et iustitiam tuam his qui recto sunt corde
11 Lat ikkje ovmods fot koma yver meg, og hand av ugudlege ikkje jaga meg burt!
non veniat mihi pes superbiae et manus peccatoris non moveat me
12 Der fell dei som gjer urett; dei vert støytte ned og kann ikkje standa upp.
ibi ceciderunt qui operantur iniquitatem expulsi sunt nec potuerunt stare

< Salmenes 36 >