< Salmenes 30 >
1 Ein salme, ein song då huset vart vigt av David. Høgt vil eg lova deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg.
A Psalm; a Song at the Dedication of the House; of David. I will extol thee, O LORD, for Thou hast raised me up, and hast not suffered mine enemies to rejoice over me.
2 Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.
O LORD my God, I cried unto Thee, and Thou didst heal me;
3 Herre, du hev ført meg upp frå helheimen, du hev vakt meg upp til liv frå deim som fer ned i gravi. (Sheol )
O LORD, Thou broughtest up my soul from the nether-world; Thou didst keep me alive, that I should not go down to the pit. (Sheol )
4 Syng lov til Herren, de hans trugne, og prisa hans heilage namn!
Sing praise unto the LORD, O ye His godly ones, and give thanks to His holy name.
5 For ein augneblink varer hans vreide, ei heil levetid hans nåde; um kvelden kjem gråt til gjest, men til morgons vert det gledesong.
For His anger is but for a moment, His favour is for a life-time; weeping may tarry for the night, but joy cometh in the morning.
6 Men eg sagde i min tryggleik: «Eg skal ikkje verta rikka i all æva.»
Now I had said in my security: 'I shall never be moved.'
7 Herre, ved din nåde hadde du grunnfest mitt fjell; du løynde di åsyn, då vart eg forfærd.
Thou hadst established, O LORD, in Thy favour my mountain as a stronghold — Thou didst hide Thy face; I was affrighted.
8 Til deg, Herre, ropa eg, og til Herren bad eg inderleg:
Unto Thee, O LORD, did I call, and unto the LORD I made supplication:
9 «Kva vinning er det i mitt blod, i at eg fer ned i gravi? Kann mold prisa deg, forkynna din truskap?
'What profit is there in my blood, when I go down to the pit? Shall the dust praise Thee? shall it declare Thy truth?
10 Herre, høyr og ver meg nådig! Herre, ver min hjelpar!»
Hear, O LORD, and be gracious unto me; LORD, be Thou my helper.'
11 Du vende mi sorg um til dans for meg, du klædde av meg min syrgjebunad og gyrde meg med gleda,
Thou didst turn for me my mourning into dancing; Thou didst loose my sackcloth, and gird me with gladness;
12 so mi æra kann lovsyngja deg og ikkje tagna. Herre, min Gud, eg vil æveleg prisa deg.
So that my glory may sing praise to Thee, and not be silent; O LORD my God, I will give thanks unto Thee for ever.