< Salmenes 3 >
1 Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin. Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg.
2 Mange segjer til mi sjæl: «Det finst ikkje frelsa for honom hjå Gud.» (Sela)
3 Men du, Herre, er min skjold, mi æra og den som lyfter mitt hovud.
4 Eg ropar høgt til Herren, og han svarar meg frå sitt heilage fjell. (Sela)
5 Eg lagde meg og sovna; eg vakna upp, for Herren held meg uppe.
6 Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring.
7 Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennerne på dei ugudlege.
8 Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! (Sela)