< Salmenes 20 >

1 Til songmeisteren; ein salme av David. Herren bønhøyre deg på trengselsdagen, namnet åt Jakobs Gud berge deg!
In finem. Psalmus David. Exaudiat te Dominus in die tribulationis; protegat te nomen Dei Jacob.
2 Gjev han må senda deg hjelp frå heilagdomen og stydja deg frå Sion!
Mittat tibi auxilium de sancto, et de Sion tueatur te.
3 Gjev han må minnast alle dine grjonoffer og finna ditt brennoffer godt! (Sela)
Memor sit omnis sacrificii tui, et holocaustum tuum pingue fiat.
4 Han gjeve deg etter ditt hjarta og fullføre alle dine råder!
Tribuat tibi secundum cor tuum, et omne consilium tuum confirmet.
5 Me vil fagna oss ved di frelsa og i vår Guds namn lyfta sigermerket. Herren uppfylle alle dine bøner!
Lætabimur in salutari tuo; et in nomine Dei nostri magnificabimur.
6 No veit eg at Herren frelser den han salva; han svarar honom frå sin heilage himmel med frelsande storverk av si høgre hand.
Impleat Dominus omnes petitiones tuas; nunc cognovi quoniam salvum fecit Dominus christum suum. Exaudiet illum de cælo sancto suo, in potentatibus salus dexteræ ejus.
7 Desse prisar vogner, og hine prisar hestar, men me prisar namnet åt Herren, vår Gud.
Hi in curribus, et hi in equis; nos autem in nomine Domini Dei nostri invocabimus.
8 Dei sig i kne og fell, men me stend og held oss uppe.
Ipsi obligati sunt, et ceciderunt; nos autem surreximus, et erecti sumus.
9 Herre, frels kongen! Han svare oss den dag me ropar!
Domine, salvum fac regem, et exaudi nos in die qua invocaverimus te.

< Salmenes 20 >