< Salmenes 19 >

1 Til songmeisteren; ein salme av David. Himlarne fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.
εἰς τὸ τέλος ψαλμὸς τῷ Δαυιδ οἱ οὐρανοὶ διηγοῦνται δόξαν θεοῦ ποίησιν δὲ χειρῶν αὐτοῦ ἀναγγέλλει τὸ στερέωμα
2 Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap.
ἡμέρα τῇ ἡμέρᾳ ἐρεύγεται ῥῆμα καὶ νὺξ νυκτὶ ἀναγγέλλει γνῶσιν
3 Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst vert ikkje høyrd.
οὐκ εἰσὶν λαλιαὶ οὐδὲ λόγοι ὧν οὐχὶ ἀκούονται αἱ φωναὶ αὐτῶν
4 Ut yver all jordi gjeng deira mål, og til heimsens ende deira ord. Åt soli sette han eit tjeld på deim.
εἰς πᾶσαν τὴν γῆν ἐξῆλθεν ὁ φθόγγος αὐτῶν καὶ εἰς τὰ πέρατα τῆς οἰκουμένης τὰ ῥήματα αὐτῶν ἐν τῷ ἡλίῳ ἔθετο τὸ σκήνωμα αὐτοῦ
5 Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sitt løynrom, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.
καὶ αὐτὸς ὡς νυμφίος ἐκπορευόμενος ἐκ παστοῦ αὐτοῦ ἀγαλλιάσεται ὡς γίγας δραμεῖν ὁδὸν αὐτοῦ
6 Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av honom, og ingen ting er duld for hennar hite.
ἀπ’ ἄκρου τοῦ οὐρανοῦ ἡ ἔξοδος αὐτοῦ καὶ τὸ κατάντημα αὐτοῦ ἕως ἄκρου τοῦ οὐρανοῦ καὶ οὐκ ἔστιν ὃς ἀποκρυβήσεται τὴν θέρμην αὐτοῦ
7 Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjæli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.
ὁ νόμος τοῦ κυρίου ἄμωμος ἐπιστρέφων ψυχάς ἡ μαρτυρία κυρίου πιστή σοφίζουσα νήπια
8 Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.
τὰ δικαιώματα κυρίου εὐθεῖα εὐφραίνοντα καρδίαν ἡ ἐντολὴ κυρίου τηλαυγής φωτίζουσα ὀφθαλμούς
9 Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens domar er sanning, dei er rettferdige alle saman.
ὁ φόβος κυρίου ἁγνός διαμένων εἰς αἰῶνα αἰῶνος τὰ κρίματα κυρίου ἀληθινά δεδικαιωμένα ἐπὶ τὸ αὐτό
10 Dei er kostelegare enn gull, ja, fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja, honning som dryp frå voks-kakorne.
ἐπιθυμητὰ ὑπὲρ χρυσίον καὶ λίθον τίμιον πολὺν καὶ γλυκύτερα ὑπὲρ μέλι καὶ κηρίον
11 Din tenar vert ogso åmint ved deim; når ein held deim, er det stor løn.
καὶ γὰρ ὁ δοῦλός σου φυλάσσει αὐτά ἐν τῷ φυλάσσειν αὐτὰ ἀνταπόδοσις πολλή
12 Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester!
παραπτώματα τίς συνήσει ἐκ τῶν κρυφίων μου καθάρισόν με
13 Haldt og din tenar frå skamløysor, lat deim ikkje få magt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for stor misgjerning.
καὶ ἀπὸ ἀλλοτρίων φεῖσαι τοῦ δούλου σου ἐὰν μή μου κατακυριεύσωσιν τότε ἄμωμος ἔσομαι καὶ καθαρισθήσομαι ἀπὸ ἁμαρτίας μεγάλης
14 Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!
καὶ ἔσονται εἰς εὐδοκίαν τὰ λόγια τοῦ στόματός μου καὶ ἡ μελέτη τῆς καρδίας μου ἐνώπιόν σου διὰ παντός κύριε βοηθέ μου καὶ λυτρωτά μου

< Salmenes 19 >