< Salmenes 18 >

1 Til songmeisteren; av Herrens tenar David, som førde fram for Herren ordi i denne songen den dag då Herren hadde frelst honom frå alle hans fiendar og frå Saul. Og han sagde: Herre, eg hev deg hjarteleg kjær, min styrke!
לַמְנַצֵּחַ ׀ לְעֶבֶד יְהוָה לְדָוִד אֲשֶׁר דִּבֶּר ׀ לַיהוָה אֶת־דִּבְרֵי הַשִּׁירָה הַזֹּאת בְּיוֹם הִֽצִּיל־יְהוָה אוֹתוֹ מִכַּף כָּל־אֹיְבָיו וּמִיַּד שָׁאֽוּל׃ וַיֹּאמַר אֶרְחָמְךָ יְהוָה חִזְקִֽי׃
2 Herren er min berggrunn og mi festning og min frelsar; min Gud er mitt berg som eg flyr til, min skjold og mitt frelsehorn, mi borg.
יְהוָה ׀ סַֽלְעִי וּמְצוּדָתִי וּמְפַלְטִי אֵלִי צוּרִי אֶֽחֱסֶה־בּוֹ מָֽגִנִּי וְקֶֽרֶן־יִשְׁעִי מִשְׂגַּבִּֽי׃
3 Eg kallar på Herren som er høglova, og vert frelst frå mine fiendar.
מְהֻלָּל אֶקְרָא יְהוָה וּמִן־אֹיְבַי אִוָּשֵֽׁעַ׃
4 Daudsens reip var spente um meg, og bekkjer av vondskap skræmde meg.
אֲפָפוּנִי חֶבְלֵי־מָוֶת וְֽנַחֲלֵי בְלִיַּעַל יְבַֽעֲתֽוּנִי׃
5 Helheims reip var snørde um meg, daudsens snaror fanga meg. (Sheol h7585)
חֶבְלֵי שְׁאוֹל סְבָבוּנִי קִדְּמוּנִי מוֹקְשֵׁי מָֽוֶת׃ (Sheol h7585)
6 I mi trengsla kalla eg på Herren, og eg ropa til min Gud; han høyrde frå sitt tempel mi røyst, og mitt rop kom for hans andlit, til hans øyro.
בַּצַּר־לִי ׀ אֶֽקְרָא יְהוָה וְאֶל־אֱלֹהַי אֲשַׁוֵּעַ יִשְׁמַע מֵהֵיכָלוֹ קוֹלִי וְשַׁוְעָתִי לְפָנָיו ׀ תָּבוֹא בְאָזְנָֽיו׃
7 Og jordi skok og riste seg, og grunnvollarne i fjelli skalv, og dei skok seg, for han var vreid.
וַתִּגְעַשׁ וַתִּרְעַשׁ ׀ הָאָרֶץ וּמוֹסְדֵי הָרִים יִרְגָּזוּ וַיִּתְגָּֽעֲשׁוּ כִּי־חָרָה לֽוֹ׃
8 Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; gloande kol loga frå honom.
עָלָה עָשָׁן ׀ בְּאַפּוֹ וְאֵשׁ־מִפִּיו תֹּאכֵל גֶּחָלִים בָּעֲרוּ מִמֶּֽנּוּ׃
9 Og han lægde himmelen og steig ned, og det var kolmyrker under hans føter.
וַיֵּט שָׁמַיִם וַיֵּרַד וַעֲרָפֶל תַּחַת רַגְלֽ͏ָיו׃
10 Og han for fram på kerub, og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.
וַיִּרְכַּב עַל־כְּרוּב וַיָּעֹף וַיֵּדֶא עַל־כַּנְפֵי־רֽוּחַ׃
11 Og han gjorde myrker til sitt åklæde rundt ikring seg, til sitt tjeld myrke vatn, tjukke skyer.
יָשֶׁת חֹשֶׁךְ ׀ סִתְרוֹ סְבִֽיבוֹתָיו סֻכָּתוֹ חֶשְׁכַת־מַיִם עָבֵי שְׁחָקִֽים׃
12 Frå glansen for hans andlit for hans skyer fram, hagl og gloande kol.
מִנֹּגַהּ נֶגְדּוֹ עָבָיו עָבְרוּ בָּרָד וְגַֽחֲלֵי־אֵֽשׁ׃
13 Og Herren tora i himmelen, den Høgste let si røyst ljoda: hagl og gloande kol.
וַיַּרְעֵם בַּשָּׁמַיִם ׀ יְֽהוָה וְעֶלְיוֹן יִתֵּן קֹלוֹ בָּרָד וְגַֽחֲלֵי־אֵֽשׁ׃
14 Og han sende ut sine piler og spreidde deim ikring, og eldingar i mengd og fortulla deim.
וַיִּשְׁלַח חִצָּיו וַיְפִיצֵם וּבְרָקִים רָב וַיְהֻמֵּֽם׃
15 Då kom djupålarne i vatnom til synes, og grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved ditt trugsmål, Herre, ved andepusten frå din nase.
וַיֵּרָאוּ ׀ אֲפִיקֵי מַיִם וַֽיִּגָּלוּ מוֹסְדוֹת תֵּבֵל מִגַּעֲרָתְךָ יְהוָה מִנִּשְׁמַת רוּחַ אַפֶּֽךָ׃
16 Han rette ut handi frå det høge, han greip meg; han drog meg upp or store vatn.
יִשְׁלַח מִמָּרוֹם יִקָּחֵנִי יַֽמְשֵׁנִי מִמַּיִם רַבִּֽים׃
17 Han frelste meg frå min megtige fiende og frå mine hatarar, for dei var meg for sterke.
יַצִּילֵנִי מֵאֹיְבִי עָז וּמִשֹּׂנְאַי כִּֽי־אָמְצוּ מִמֶּֽנִּי׃
18 Dei for imot meg på min motgangs dag; men Herren vart min studnad.
יְקַדְּמוּנִי בְיוֹם־אֵידִי וַֽיְהִי־יְהוָה לְמִשְׁעָן לִֽי׃
19 Han førde meg ut i vidt rom; han frelste meg, for han hadde hugnad i meg.
וַיּוֹצִיאֵנִי לַמֶּרְחָב יְחַלְּצֵנִי כִּי חָפֵֽץ בִּֽי׃
20 Herren gjorde med meg etter mi rettferd, han lønte meg etter reinleiken i mine hender.
יִגְמְלֵנִי יְהוָה כְּצִדְקִי כְּבֹר יָדַי יָשִׁיב לִֽי׃
21 For eg tok vare på Herrens vegar og fall ikkje i vondskap frå min Gud.
כִּֽי־שָׁמַרְתִּי דַּרְכֵי יְהוָה וְלֹֽא־רָשַׁעְתִּי מֵאֱלֹהָֽי׃
22 For alle hans lover hadde eg for auga, hans bodord støytte eg ikkje frå meg.
כִּי כָל־מִשְׁפָּטָיו לְנֶגְדִּי וְחֻקֹּתָיו לֹא־אָסִיר מֶֽנִּי׃
23 Og eg var ulastande for honom og tok meg i vare for mi synd.
וָאֱהִי תָמִים עִמּוֹ וָאֶשְׁתַּמֵּר מֵעֲוֺנִֽי׃
24 Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken i mine hender for hans augo.
וַיָּֽשֶׁב־יְהוָה לִי כְצִדְקִי כְּבֹר יָדַי לְנֶגֶד עֵינָֽיו׃
25 Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande mann syner du deg ulastande,
עִם־חָסִיד תִּתְחַסָּד עִם־גְּבַר תָּמִים תִּתַּמָּֽם׃
26 mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde gjer du deg rang.
עִם־נָבָר תִּתְבָּרָר וְעִם־עִקֵּשׁ תִּתְפַּתָּֽל׃
27 For du frelser arme folk og tvingar høge augo ned.
כִּֽי־אַתָּה עַם־עָנִי תוֹשִׁיעַ וְעֵינַיִם רָמוֹת תַּשְׁפִּֽיל׃
28 For du let mi lampa lysa klårt, Herren, min Gud, gjer mitt myrker bjart.
כִּֽי־אַתָּה תָּאִיר נֵרִי יְהוָה אֱלֹהַי יַגִּיהַּ חָשְׁכִּֽי׃
29 For ved deg renner eg mot herflokkar, og ved min Gud spring eg yver murar.
כִּֽי־בְךָ אָרֻץ גְּדוּד וּבֵֽאלֹהַי אֲדַלֶּג־שֽׁוּר׃
30 Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom.
הָאֵל תָּמִים דַּרְכּוֹ אִמְרַֽת־יְהוָה צְרוּפָה מָגֵן הוּא לְכֹל ׀ הַחֹסִים בּֽוֹ׃
31 For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg utan vår Gud?
כִּי מִי אֱלוֹהַּ מִבַּלְעֲדֵי יְהוָה וּמִי צוּר זוּלָתִי אֱלֹהֵֽינוּ׃
32 Den Gud som gyrder meg med kraft og gjer min veg ulastande,
הָאֵל הַמְאַזְּרֵנִי חָיִל וַיִּתֵּן תָּמִים דַּרְכִּֽי׃
33 som gjev meg føter liksom hindarne og set meg upp på mine høgder,
מְשַׁוֶּה רַגְלַי כָּאַיָּלוֹת וְעַל בָּמֹתַי יַעֲמִידֵֽנִי׃
34 som lærer upp mine hender til strid, so mine armar spenner koparbogen.
מְלַמֵּד יָדַי לַמִּלְחָמָה וְֽנִחֲתָה קֶֽשֶׁת־נְחוּשָׁה זְרוֹעֹתָֽי׃
35 Og du gav meg di frelsa til skjold, di høgre hand studde meg, og di småminking gjorde meg stor.
וַתִּתֶּן־לִי מָגֵן יִשְׁעֶךָ וִֽימִינְךָ תִסְעָדֵנִי וְֽעַנְוַתְךָ תַרְבֵּֽנִי׃
36 Du gjorde vidt rom åt mine stig under meg, og mine oklo vagga ikkje.
תַּרְחִיב צַעֲדִי תַחְתָּי וְלֹא מָעֲדוּ קַרְסֻלָּֽי׃
37 Eg forfylgde mine fiendar og nådde deim og vende ikkje um fyrr eg hev gjort av med deim.
אֶרְדּוֹף אוֹיְבַי וְאַשִּׂיגֵם וְלֹֽא־אָשׁוּב עַד־כַּלּוֹתָֽם׃
38 Eg slo deim i knas, so dei vann ikkje reisa seg; dei fell under føter.
אֶמְחָצֵם וְלֹא־יֻכְלוּ קוּם יִפְּלוּ תַּחַת רַגְלָֽי׃
39 Og du gyrde meg med kraft til striden; du bøygde under meg deim som stod upp imot meg.
וַתְּאַזְּרֵנִי חַיִל לַמִּלְחָמָה תַּכְרִיעַ קָמַי תַּחְתָּֽי׃
40 Du let mine fiendar snu ryggen til meg, og mine hatarar, deim rudde eg ut.
וְֽאֹיְבַי נָתַתָּה לִּי עֹרֶף וּמְשַׂנְאַי אַצְמִיתֵֽם׃
41 Dei ropa - men der var ingen frelsar - til Herren, men han svarar deim ikkje.
יְשַׁוְּעוּ וְאֵין־מוֹשִׁיעַ עַל־יְהוָה וְלֹא עָנָֽם׃
42 Og eg smuldrar deim som dust for vinden; som søyla på gator slo eg deim ut.
וְֽאֶשְׁחָקֵם כְּעָפָר עַל־פְּנֵי־רוּחַ כְּטִיט חוּצוֹת אֲרִיקֵֽם׃
43 Du frelste meg frå folke-ufred; du sette meg til hovud for heidningar; folk som eg ikkje kjende, tente meg.
תְּפַלְּטֵנִי מֵרִיבֵי עָם תְּשִׂימֵנִי לְרֹאשׁ גּוֹיִם עַם לֹא־יָדַעְתִּי יַֽעַבְדֽוּנִי׃
44 Ved gjetordet um meg lydde dei meg; framande folk smeikte for meg.
לְשֵׁמַֽע אֹזֶן יִשָּׁמְעוּ לִי בְּנֵֽי־נֵכָר יְכַחֲשׁוּ־לִֽי׃
45 Framande folk visna av og gjekk skjelvande ut or sine borger.
בְּנֵי־נֵכָר יִבֹּלוּ וְיַחְרְגוּ מִֽמִּסְגְּרֽוֹתֵיהֶֽם׃
46 Herren liver, og lova er han, mitt berg, og upphøgd er den Gud som meg frelser,
חַי־יְהוָה וּבָרוּךְ צוּרִי וְיָרוּם אֱלוֹהֵי יִשְׁעִֽי׃
47 den Gud som gjev meg hemn og legg folkeslag under meg,
הָאֵל הַנּוֹתֵן נְקָמוֹת לִי וַיַּדְבֵּר עַמִּים תַּחְתָּֽי׃
48 som frelser meg frå mine fiendar; ja - du lyfter meg høgt yver deim som stend imot meg, frå valdsmannen bergar du meg.
מְפַלְּטִי מֵאֹיְבָי אַף מִן־קָמַי תְּרוֹמְמֵנִי מֵאִישׁ חָמָס תַּצִּילֵֽנִי׃
49 Difor vil eg prisa deg millom heidningarne, Herre, og lovsyngja ditt namn.
עַל־כֵּן ׀ אוֹדְךָ בַגּוֹיִם ׀ יְהוָה וּלְשִׁמְךָ אֲזַמֵּֽרָה׃
50 Han gjer frelsa stor for sin konge, og gjer miskunn mot den som er salva av honom, mot David og hans ætt til æveleg tid.
מגדל מַגְדִּיל יְשׁוּעוֹת מַלְכּוֹ וְעֹשֶׂה חֶסֶד ׀ לִמְשִׁיחוֹ לְדָוִד וּלְזַרְעוֹ עַד־עוֹלָֽם׃

< Salmenes 18 >