< Salmenes 16 >
1 Ein miktam av David. Vakta meg, Gud! for eg flyr til deg.
2 Eg segjer til Herren: «Du er min Herre; eg hev inkje godt utan deg.
3 Og dei heilage som er i landet, dei er dei herlege som eg hev all min hugnad i.»
4 Mange sorger skal dei hava som byter åt seg ein annan; eg vil ikkje renna ut deira drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor.
5 Herren er min tilmælte deil og mitt staup; du held min lut i hævd.
6 Ein lut er meg tilfallen som er av dei huglege, ja, ein arv som eg finn fager.
7 Eg vil lova Herren som gav meg råd; endå um næterne minner mine nyro meg um det.
8 Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka.
9 Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra fagnar seg, ja, ogso mitt kjøt skal kvila i trygd.
10 For du vil ikkje yverlata mi sjæl til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang. (Sheol )
11 Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.