< Salmenes 143 >
1 Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn og vend øyra til mine inderlege bøner! Svara meg i din truskap, i di rettferd,
2 og gakk ikkje til doms med din tenar; for ingen som liver, er rettferdig for di åsyn.
3 For fienden hev forfylgt mi sjæl, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg av i myrkrer som dei æveleg daude.
4 Og mi ånd er vanmegtig i meg, mitt hjarta i meg er forskræmt.
5 Fordoms dagar kjem eg i hug, eg tenkjer på alt ditt verk og grundar på det dine hender hev gjort.
6 Mine hender retter eg til deg, som turre landet tyrster mi sjæl etter deg. (Sela)
7 Herre, svara meg snart, mi ånd forgjengst! Løyn ikkje ditt andlit for meg, so eg skulde likjast deim som fer ned i gravi.
8 Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal vandra, for eg lyfter mi sjæl til deg!
9 Fria meg, Herre, frå mine fiendar, eg søkjer livd hjå deg.
10 Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode ande leide meg på jamne lendet.
11 For ditt namn skuld, Herre, haldt meg i live! I di rettferd før mi sjæl ut or trengsla!
12 Og ryd i di miskunn ut mine fiendar, og øydelegg alle som trengjer mi sjæl, for eg er din tenar.