< Salmenes 137 >
1 Ved Babels elvar, der sat me og gret, når me kom Sion i hug.
Ved Babels elvar, der sat me og gret, når me kom Sion i hug.
2 På vier-runnarne der i landet hengde me harporne våre.
På vier-runnarne der i landet hengde me harporne våre.
3 For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!»
For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!»
4 Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?
Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?
5 Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma seg burt!
Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma seg burt!
6 Gjev tunga må hanga fast ved gomen min, dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda.
Gjev tunga må hanga fast ved gomen min, dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda.
7 Herre, hugsa Edoms søner Jerusalems dag! dei som sagde: «Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!»
Herre, hugsa Edoms søner Jerusalems dag! dei som sagde: «Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!»
8 Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss!
Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss!
9 Sæl er den som tek og krasar dine småborn imot berget!
Sæl er den som tek og krasar dine småborn imot berget!