< Salmenes 127 >
1 Ein song til høgtidsferderne; av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider dei fåfengt som byggjer på det. Dersom Herren ikkje vaktar byen, so vaker vakti fåfengt.
Except YHWH build the house, they labour in vain that build it: except YHWH keep the city, the watchman waketh but in vain.
2 Fåfengt stend de tidleg upp og sit til seint på kvelden og et det mødsame brød; det same gjev han venen sin som søv.
It is vain for you to rise up early, to sit up late, to eat the bread of sorrows: for so he giveth his beloved sleep.
3 Sjå, born er Herrens gåva, livsfrukt er ei løn.
Lo, children are an heritage of YHWH: and the fruit of the womb is his reward.
4 Som piler i kjempehand, soleis er ungdoms søner.
As arrows are in the hand of a mighty man; so are children of the youth.
5 Sæl er den mann som hev sitt pilehus fullt av deim! Ikkje skal dei verta til skammar, når dei talar med fiendar i porten.
Joyful is the man that hath his quiver full of them: they shall not be ashamed, but they shall speak with the enemies in the gate.