< Salmenes 12 >
1 Til songmeisteren, etter Sjeminit; ein salme av David. Frels, Herre! For det er ute med den gudlege, dei trufaste er komne burt frå menneskjeborni.
2 Lygn talar dei kvar med sin næste, med smeikjande lippa, med tvihuga hjarta talar dei.
3 Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord,
4 deim som segjer: «Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?»
5 «For valdsverket mot dei arme, for sukken for dei fatige vil eg no reisa meg, » segjer Herren; «eg vil hjelpa den til frelsa, som stundar deretter.»
6 Herrens ord er reine ord, eit sylv som er reinsa i verkstaden på jordi, sju gonger skirt.
7 Du, Herre, vil vakta deim, du vil verja dei mot denne ætti for alltid.
8 Rundt um vil dei ugudlege sviva ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå menneskjeborni.