< Salmenes 110 >

1 Av David, ein salme. Herren sagde til min herre: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel for dine føter!»
לְדָוִד מִזְמוֹר נְאֻם יְהוָה ׀ לַֽאדֹנִי שֵׁב לִֽימִינִי עַד־אָשִׁית אֹיְבֶיךָ הֲדֹם לְרַגְלֶֽיךָ׃
2 Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar!
מַטֵּֽה־עֻזְּךָ יִשְׁלַח יְהוָה מִצִיּוֹן רְדֵה בְּקֶרֶב אֹיְבֶֽיךָ׃
3 Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg som dogg or fanget på morgonroden.
עַמְּךָ נְדָבֹת בְּיוֹם חֵילֶךָ בְּֽהַדְרֵי־קֹדֶשׁ מֵרֶחֶם מִשְׁחָר לְךָ טַל יַלְדֻתֶֽיךָ׃
4 Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»
נִשְׁבַּע יְהוָה ׀ וְלֹא יִנָּחֵם אַתָּֽה־כֹהֵן לְעוֹלָם עַל־דִּבְרָתִי מַלְכִּי־צֶֽדֶק׃
5 Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest.
אֲדֹנָי עַל־יְמִֽינְךָ מָחַץ בְּיוֹם־אַפּוֹ מְלָכִֽים׃
6 Han dømer millom heidningarne, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord.
יָדִין בַּגּוֹיִם מָלֵא גְוִיּוֹת מָחַץ רֹאשׁ עַל־אֶרֶץ רַבָּֽה׃
7 Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.
מִנַּחַל בַּדֶּרֶךְ יִשְׁתֶּה עַל־כֵּן יָרִים רֹֽאשׁ׃

< Salmenes 110 >