< Salmenes 102 >

1 Bøn av ein arming, når han vanmegtast og let sitt klagemål strøyma fram for Herren. Herre, høyr mi bøn, og lat mitt rop koma fram til deg!
Hear my prayer, O LORD, and let my cry come unto you.
2 Løyn ikkje ditt andlit for meg den dagen eg er i naud! Bøyg ditt øyra til meg! Den dagen eg ropar, svara meg snart!
Hide not your face from me in the day when I am in trouble; incline your ear unto me: in the day when I call answer me speedily.
3 For dagarne mine hev fare burt som ein røyk, og mine bein er som glødde i eld.
For my days are consumed like smoke, and my bones are burned as an hearth.
4 Mitt hjarta er solstukke og visnar som gras, for eg hev gløymt å eta brødet mitt.
My heart is smitten, and withered like grass; so that I forget to eat my bread.
5 For mi høgmælte stynjing heng beini fast ved kjøtet mitt.
By reason of the voice of my groaning my bones cleave to my skin.
6 Eg likjest pelikanen i øydemarki, eg er som ula på aude stader.
I am like a pelican of the wilderness: I am like an owl of the desert.
7 Eg lyt vaka og vera som ein einsleg fugl på taket.
I watch, and am as a sparrow alone upon the house top.
8 Heile dagen spottar mine fiendar meg, dei som reint er ville mot meg, sver ved meg.
Mine enemies reproach me all the day; and they that are mad against me are sworn against me.
9 For eg et oska som brød, og drykken min blandar eg med gråt
For I have eaten ashes like bread, and mingled my drink with weeping.
10 for din vreide og din harm skuld, for du hev teke meg upp og kasta meg burt.
Because of your indignation and your wrath: for you have lifted me up, and cast me down.
11 Mine dagar er som ein skugge når han lengjest, og eg visnar som gras.
My days are like a shadow that declines; and I am withered like grass.
12 Men du, Herre, sit i all æva, og ditt minne varer frå ætt til ætt.
But you, O LORD, shall endure for ever; and your remembrance unto all generations.
13 Du vil standa upp, du vil miskunna Sion, for det er tid til å vera nådig mot henne, ja, timen er komen.
You shall arise, and have mercy upon Zion: for the time to favour her, yea, the set time, has come.
14 For dine tenarar hev godhug for steinarne hennar, og dei ynkast yver hennar grus.
For your servants take pleasure in her stones, and favour the dust thereof.
15 Og heidningar skal ottast Herrens namn, og alle kongar på jordi di æra.
So the heathen shall fear the name of the LORD, and all the kings of the earth your glory.
16 For Herren hev bygt upp att Sion, han hev synt seg i si æra;
When the LORD shall build up Zion, he shall appear in his glory.
17 han hev vendt seg til bøni frå dei hjelpelause, og han hev ikkje vanvyrdt deira bøn.
He will regard the prayer of the destitute, and not despise their prayer.
18 Dette skal verta uppskrive for den komande ætti, og det folket som vert skapt, skal lova Herren,
This shall be written for the generation to come: and the people which shall be created shall praise the LORD.
19 for han hev set ned frå si heilage høgd, Herren hev frå himmelen skoda på jordi
For he has looked down from the height of his sanctuary; from heaven did the LORD behold the earth;
20 og vil høyra sukken frå den bundne og løysa ut daudens born,
To hear the groaning of the prisoner; to loose those that are appointed to death;
21 so dei i Sion skal forkynna Herrens namn og hans pris i Jerusalem,
To declare the name of the LORD in Zion, and his praise in Jerusalem;
22 når folkeslag kjem i hop og kongerike til å tena Herren.
When the people are gathered together, and the kingdoms, to serve the LORD.
23 Han hev bøygt mi kraft på vegen, han hev korta av mine dagar.
He weakened my strength in the way; he shortened my days.
24 Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år.
I said, O my God, take me not away in the midst of my days: your years are throughout all generations.
25 Fordom grunnfeste du jordi, og himmelen er verk av dine hender.
Of old have you laid the foundation of the earth: and the heavens are the work of your hands.
26 Dei skal forgangast, men du stend; alle skal dei eldast som eit klæde, som ein klædnad skifter du deim, og dei vert umskifte;
They shall perish, but you shall endure: yea, all of them shall wax old like a garment; as a vesture shall you change them, and they shall be changed:
27 men du er den same, og dine år tek aldri ende.
But you are the same, and your years shall have no end.
28 Borni åt dine tenarar skal bu i ro, og deira avkjøme skal standa trygt for di åsyn.
The children of your servants shall continue, and their seed shall be established before you.

< Salmenes 102 >