< Obadias 1 >

1 Syni hans Obadja. So segjer Herren, Herren til Edom: Fretnad hev me fengje frå Herren, og bod er bore ut millom folki: «Kom! Lat oss fara til strid imot det!»
This is the vision of Obadiah: This is what the Lord GOD says about Edom— We have heard a message from the LORD; an envoy has been sent among the nations to say, “Rise up, and let us go to battle against her!”—
2 Ja, liten gjer eg deg millom folki, og ovleg vanvyrd vert du.
“Behold, I will make you small among the nations; you will be deeply despised.
3 Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som i bergrivor byggjar, og bur i den høge heimen og segjer i ditt hjarta: «Kven kastar meg ned?»
The pride of your heart has deceived you, O dwellers in the clefts of the rocks whose habitation is the heights, who say in your heart, ‘Who can bring me down to the ground?’
4 Um du enn byggjer høgt som ørnen, og reiret ditt ligg millom stjernorne, eg kastar deg ned derifrå, segjer Herren.
Though you soar like the eagle and make your nest among the stars, even from there I will bring you down,”
5 Um tjuvar kom til deg eller ransmenn um natti - kor du vert reint til inkjes! - Vilde dei’kje stela det dei trong? Og kom dei og hausta ditt vinberg, vilde dei’kje leiva etter seg?
“If thieves came to you, if robbers by night— oh, how you will be ruined— would they not steal only what they wanted? If grape gatherers came to you, would they not leave some gleanings?
6 Å, kor dei ransakar Esau, kor dei granskar hans skattar!
But how Esau will be pillaged, his hidden treasures sought out!
7 Radt til landskilet driv dei deg alle dine sambandsbrøder; dei svik deg og vinn på deg dine gode vener. I staden for brød legg dei snara for deg som ikkje hev vit.
All the men allied with you will drive you to the border; the men at peace with you will deceive and overpower you. Those who eat your bread will set a trap for you without your awareness of it.
8 Skal eg ikkje den dagen, segjer Herren, øyda ut dei vise or Edom, og vitet or Esaufjelli?
In that day, declares the LORD, will I not destroy the wise men of Edom and the men of understanding in the mountains of Esau?
9 Dei fæler kjemporne, Teman, so kvar mann or Esaufjelli vert utrudd og drepen.
Then your mighty men, O Teman, will be terrified, so that everyone in the mountains of Esau will be cut down in the slaughter.
10 For vald imot Jakob, bror din, skal du sveipast i skjemsla, ja, øydast til æveleg tid.
Because of the violence against your brother Jacob, you will be covered with shame and cut off forever.
11 Den dagen du stod der og såg på, då framande rana hans eiga, og utlendingar kom i hans port og kasta lut um Jerusalem, då var du og som ein av dei.
On the day you stood aloof while strangers carried off his wealth and foreigners entered his gate and cast lots for Jerusalem, you were just like one of them.
12 Sjå ikkje med hugnad på bror din’s dag, på hans motgangsdag, og gled deg ei yver Juda-borni, på øydingsdagen, og bruk ikkje bause ord på trengsledagen!
But you should not gloat in that day, your brother’s day of misfortune, nor rejoice over the people of Judah in the day of their destruction, nor boast proudly in the day of their distress.
13 Drag ikkje inn igjenom mitt folks port på uferdsdagen! Sjå ikkje du og med lyst på hans naud på uferdsdagen! Rett ikkje handi etter hans eiga på uferdsdagen!
You should not enter the gate of My people in the day of their disaster, nor gloat over their affliction in the day of their disaster, nor loot their wealth in the day of their disaster.
14 Og ikkje du stande ved vegemot til å rydja ut deim som rømar! Og fli ikkje ut deim som bergar seg på trengsledagen!
Nor should you stand at the crossroads to cut off their fugitives, nor deliver up their survivors in the day of their distress.
15 For Herrens dag er nær yver alle folki. Som du hev gjort, skal det gjerast med deg, di åtferd kjem att yver hovudet ditt.
For the Day of the LORD is near for all the nations. As you have done, it will be done to you; your recompense will return upon your own head.
16 Som de hev drukke på mitt heilage fjell, skal alle folki drikka stødt, ja, drikka og slurpa og verta som aldri dei vore til.
For as you drank on My holy mountain, so all the nations will drink continually. They will drink and gulp it down; they will be as if they had never existed.
17 Men på Sionsfjellet skal det vera ein flokk av frelste, og det skal vera ein heilagdom, og Jakobs hus skal få att si odelseiga.
But on Mount Zion there will be deliverance, and it will be holy, and the house of Jacob will reclaim their possession.
18 Og Jakobs hus vert eld og Josefs hus ein loge, og Esaus hus vert til halm og eld set dei på det og øyder det ut, og ingen vert att av Esaus hus, for Herren hev tala.
Then the house of Jacob will be a blazing fire, and the house of Joseph a burning flame; but the house of Esau will be stubble— Jacob will set it ablaze and consume it. Therefore no survivor will remain from the house of Esau.”
19 Og Sudlands-folket skal taka Esaufjellet og Låglands-folket filistarane, dei skal taka Efraims-bygdi og Samaria-bygdi, og Benjamin skal taka Gilead.
Those from the Negev will possess the mountains of Esau; those from the foothills will possess the land of the Philistines. They will occupy the fields of Ephraim and Samaria, and Benjamin will possess Gilead.
20 Og dei burtførte av denne fylking av Israels-borni skal taka det som finst av kananitar alt til Sarefat, og dei burtførde frå Jerusalem som er i Sefarad, skal taka Sudlands-byarne i eiga.
And the exiles of this host of the Israelites will possess the land of the Canaanites as far as Zarephath; and the exiles from Jerusalem who are in Sepharad will possess the cities of the Negev.
21 Og frelsarar skal draga upp på Sionsfjellet og døma Esaufjellet, og kongsveldet skal høyra Herren til.
The deliverers will ascend Mount Zion to rule over the mountains of Esau. And the kingdom will belong to the LORD.

< Obadias 1 >