< 4 Mosebok 4 >
1 Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
2 «I Levi-ætti skal du taka tal på deim av Kahats,
3 sønerne som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera tenesta i møtetjeldet, du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner.
4 Det som Kahats-sønerne skal stella med i møtetjeldet, det er dei høgheilage tingi.
5 Når lægret skal flytjast, so skal Aron og sønerne hans ganga inn, og taka ned forhengtæpet, og breida det yver lovtavlekista.
6 Ovanpå det skal dei leggja ein feld av markuskinn, og breida ein heilvoven purpurduk yver, og so setja berestengerne i.
7 Yver skodebrødsbordet skal dei breida eit purpurklæde, og setja fati og skålerne og bollarne og drykkofferkannorne uppå det, og det dagvisse brødet skal og liggja der.
8 Og yver alt dette skal dei breida ein karmesinraud klædesduk, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og setja berestengerne i.
9 So skal dei taka eit purpurklæde og breida yver den bjarte ljosestaken og lamporne som høyrer til, og sakserne og saksplatorne og alle oljekopparne som dei hev når dei steller lamporne,
10 og sveipa både staken og alle desse gognerne inn i ein feld av markuskinn, og leggja det på ei berebår.
11 Yver det gullaltaret skal dei og breida eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um det, og so setja berestengerne i.
12 So skal dei taka alle dei gognerne som dei hev til gudstenesta i heilagdomen, og leggja deim i eit purpurklæde, og sveipa ein feld av markuskinn um deim, og leggja dei på ei bår.
13 Storaltaret skal dei reinska for oska, og breida eit skarlaksklæde yver det
14 og leggja uppå det alle gognerne som dei hev til altartenesta: glodpannorne og steikjespiti og eldskuflerne og blodbollarne, alle gognerne som høyrer til altaret, og so skal dei breida ein feld av markuskinn yver det og setja berestengene i.
15 Og når Aron og sønerne hans er ferdige og hev sveipt inn dei heilage tingi og alle dei gognerne som høyrer til heilagdomen, og heren skal taka ut, då skal dei hine Kahats-sønerne koma og bera; men dei må ikkje røra dei heilage tingi; gjer dei det, lyt dei døy. Dette er det Kahats-sønerne skal bera av det som høyrer til møtetjeldet.
16 Eleazar, son åt Aron, øvstepresten, skal hava tilsynet med lampeoljen og den angande røykjelsen og det daglege grjonofferet og salvingsoljen, og med heile gudshuset og alt som der finst av heilage ting og gogner som høyrer til.»
17 Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
18 «Lat ikkje Kahats-ætti og greinerne hennar verta utrudd or Levi-folket!
19 Høyr no kva de skal gjera for deim, so dei kann få liva og ikkje tarv døy når dei kjem innåt dei heilage tingi: Aron og sønerne hans skal koma, og setja deim, ein for ein, til det arbeidet dei hev å gjera, og syna deim byrderne dei skal bera.
20 Men dei må ikkje ganga inn, ikkje so mykje som ein augneblink, og skoda det heilage; for då lyt dei døy.»
21 Og Herren tala meir til Moses, og sagde:
22 «Av Gersons-sønerne skal du og taka tal på deim som er millom tretti og femti år,
23 og er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstra deim etter ætter og ættgreiner.
24 Høyr no kva det er Gersons-ætterne hev å gjera, kva dei skal taka vare på, og kva dei skal føra:
25 dei skal føra åklædeveverne som høyrer til gudshuset, og møtetjeldet og taket og markuskinns-tekkjet som ligg ovanpå taket, og tæpet til møtetjelddøri,
26 og lereftsgarden, og dørtæpet til porten åt tunet kring huset og altaret, og tjeldtogi, og alle arbeidsgreidorne som høyrer til; og alt som er å gjera med det, skal dei greida.
27 Etter det som Aron og sønerne hans segjer, skal Gersons-sønerne retta seg i alle måtar, både med føringi og med alt anna arbeid dei hev, og de lyt setja deim fyre å taka vel vare på alt det dei førar.
28 Dette er det Gersons-ætterne skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim i alt dei hev å gjera.
29 So skal du telja deim av Merari-sønerne
30 som er millom tretti og femti år, og som er arbeidsføre so dei kann gjera det som skal gjerast i møtetjeldet, og du skal mynstre deim etter ætter og ættgreiner.
31 Det dei hev å føra og skal hava umsut med i møtetjeldet, det er plankarne i huset, med tverstokkarne og stolparne og stabbarne som høyrer til,
32 og stolparne i tungarden, med stabbar og pålar og tog, og all reidskapen som høyrer til, og alt som skal gjerast med det, og de skal nemna for deim kvar ting som de vil hava deim til å taka vare på og føra.
33 Dette er det Merari-ætterne skal gjera, det dei skal stella med i møtetjeldet, og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skal rettleida deim.»
34 Då no Moses og Aron og formennerne for lyden hadde mynstra Kahats-sønerne, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,
35 so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,
36 so var det tvo tusund og sju hundrad og femti mann som var mynstra, kvar etter si ætt.
37 Det var talet på deim som vart mynstra i Kahats-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.
38 Då Gersons-sønerne var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,
39 so mange av deim som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,
40 so var det tvo tusund og seks hundrad og tretti mann som var mynstra, kvar etter si ætt og ættgrein.
41 Det var talet på deim som vart mynstra i Gersons-ætterne, deim som gjorde tenesta i møtetjeldet, og som Moses og Aron mynstra etter Herrens bod.
42 Då Merari-sønerne og ætterne deira var mynstra ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,
43 so mange av dei som var millom tretti og femti år gamle, og arbeidsføre so dei kunde gjera tenesta i møtetjeldet,
44 so var det tri tusund og tvo hundrad mann som var mynstra, kvar etter si ætt.
45 Det var talet på deim som vart mynstra i Merari-ætterne, deim som Moses og Aron mynstra etter det bodet som Herren hadde sendt Moses med.
46 Då alle levitar millom tretti og femti år var talde, alle som var føre til å gjera tenesta i møtetjeldet med bering eller anna arbeid,
47 og Moses og Aron og Israels hovdingar hadde mynstra deim etter ætter og ættgreiner,
48 so var det åtte tusund og fem hundrad og åtteti mann.
49 Dei vart no etter Herrens bod sette til å gjera kvar sitt arbeid og bera kvar si byrd og greida kvar si ærend, og Moses rettleide deim, som Herren hadde sagt med honom.