< 4 Mosebok 30 >

1 Sidan tala Moses til hovdingarne yver Israels-ætterne, og sagde: «Høyr no eit anna bod som Herren hev gjeve:
Et locutus est ad principes tribuum filiorum Israël: Iste est sermo quem præcepit Dominus:
2 Når ein mann hev gjort ein lovnad til Herren, eller svore ein eid, at han vil halda seg ifrå ymse ting, so skal han ikkje brjota ordet sitt; det han hev lova, skal han halda.
Si quis virorum votum Domino voverit, aut se constrinxerit juramento: non faciet irritum verbum suum, sed omne quod promisit, implebit.
3 Når ei ung kvinna, som endå er heime hjå far sin, hev gjort ein lovnad til Herren, og svore at ho vil halda seg ifrå ymse ting,
Mulier si quippiam voverit, et se constrinxerit juramento, quæ est in domo patris sui, et in ætate adhuc puellari: si cognoverit pater votum quod pollicita est, et juramentum quo obligavit animam suam, et tacuerit, voti rea erit:
4 og far hennar fær høyra um lovnaden hennar og eiden ho hev bunde seg med, og tegjer til det, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda.
quidquid pollicita est, et juravit, opere complebit.
5 Men dersom far hennar same dagen som han fær høyra um nokon lovnad ho hev gjort, eller nokon eid ho hev bunde seg med, forbyd henne å halda sitt ord, so skal det vera um inkje, og Herren skal gjeva henne til, etter di det var faren som meinka henne.
Sin autem statim ut audierit, contradixerit pater: et vota et juramenta ejus irrita erunt, nec obnoxia tenebitur sponsioni, eo quod contradixerit pater.
6 Vert ho gift, og hev ein lovnad på seg, eller hev bunde seg med eit tankelaust ord, og sagt at ho vil halda seg ifrå ymse ting,
Si maritum habuerit, et voverit aliquid, et semel de ore ejus verbum egrediens animam ejus obligaverit juramento:
7 og mannen hennar fyrr eller sidan fær vita det, og ikkje segjer noko imot, då skal det gjelda det ho hev lova, og det ordet ho hev bunde seg med, skal gjelda.
quo die audierit vir, et non contradixerit, voti rea erit, reddetque quodcumque promiserat.
8 Men dersom mannen hennar same dagen som han fær vita det, forbyd henne å halda sitt ord, so gjer han lovnaden ho hev på seg um inkje, og det tankelause ordet ho hev bunde seg med, og Herren skal gjeva henne til.
Sin autem audiens statim contradixerit, et irritas fecerit pollicitationes ejus, verbaque quibus obstrinxerat animam suam, propitius erit ei Dominus.
9 Hev ei enkja eller fråskild kona gjort ein lovnad, og nemnt noko ho vil halda seg ifrå, so skal ho halda ord.
Vidua et repudiata quidquid voverint, reddent.
10 Når ei kona etter ho er gift hev lova noko, eller bunde seg med eid til å halda seg ifrå eitt eller anna,
Uxor in domo viri cum se voto constrinxerit et juramento,
11 og mannen hennar fær vita det, men tegjer og ikkje forbyd henne å halda sitt ord, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda.
si audierit vir, et tacuerit, nec contradixerit sponsioni, reddet quodcumque promiserat.
12 Men dersom mannen hennar gjer det um inkje same dagen som han fær høyra um det, so gjeld ikkje noko av dei ordi ho soleis hev slept av munnen, anten det er ein lovnad ho hev gjort, eller det er noko ho hev svore seg ifrå: Mannen hennar hev gjort det um inkje, og Herren skal gjeva henne til.
Sin autem extemplo contradixerit, non tenebitur promissionis rea: quia maritus contradixit, et Dominus ei propitius erit.
13 Kvar lovnad ho hev gjort og kvar eid ho hev svore um å halda seg ifrå eitt eller hitt og spekja seg, kann mannen hennar anten stadfesta eller gjera um inkje.
Si voverit, et juramento se constrinxerit, ut per jejunium, vel ceterarum rerum abstinentiam affligat animam suam, in arbitrio viri erit ut faciat, sive non faciat.
14 Men tegjer han um det til andre dagen, so hev han stadfest alt det ho hev lova eller bunde seg til; han hev stadfest det med di han tagde då han fekk vita det.
Quod si audiens vir tacuerit, et in alteram diem distulerit sententiam, quidquid voverat atque promiserat, reddet: quia statim ut audivit, tacuit.
15 Og gjer han det fyrst um inkje ei tid etter han fekk høyra um det, so ber han ansvaret for brotet hennar.»
Sin autem contradixerit postquam rescivit, portabit ipse iniquitatem ejus.
16 Dette er dei fyresegnerne Herren gav Moses um den retten ein mann hev yver kona si, og ein far yver dotter si, so lenge ho er ung og er heime hjå faren.
Istæ sunt leges, quas constituit Dominus Moysi inter virum et uxorem, inter patrem et filiam, quæ in puellari adhuc ætate est, vel quæ manet in parentis domo.

< 4 Mosebok 30 >