< Mika 5 >
1 No flokkar du deg saman, du dotter «flokk». Skansar hev dei kasta upp imot oss. Med staven slær dei Israels domar på kinnbeinet.
nunc vastaberis filia latronis obsidionem posuerunt super nos in virga percutient maxillam iudicis Israhel
2 Men du Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom bygderne i Juda, frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar.
et tu Bethleem Ephrata parvulus es in milibus Iuda ex te mihi egredietur qui sit dominator in Israhel et egressus eius ab initio a diebus aeternitatis
3 Difor gjev han deim yver i ulukka til den tid då ho som skal føda, hev født. Då skal leivningen av brørne hans snu heim att til Israels søner.
propter hoc dabit eos usque ad tempus in quo parturiens pariet reliquiae fratrum eius convertentur ad filios Israhel
4 Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds, høge namn; og dei skal sitja trygt; for no skal han vera stor, til endarne av jordi.
et stabit et pascet in fortitudine Domini in sublimitate nominis Domini Dei sui et convertentur quia nunc magnificabitur usque ad terminos terrae
5 Og han skal vera fred. Kjem Assur inn i landet vårt, stig han inn i borgerne våre, so reiser me imot honom sju hyrdingar, ja, åtte menneskje-hovdingar.
et erit iste pax Assyrius cum venerit in terram nostram et quando calcaverit in domibus nostris et suscitabimus super eum septem pastores et octo primates homines
6 Og dei skal herja Assurs land med sverd, og Nimrods land alt inn i portarne; og han skal frelsa frå Assur når han kjem inn i landet vårt, og når han stig yver landskilet vårt.
et pascent terram Assur in gladio et terram Nemrod in lanceis eius et liberabit ab Assur cum venerit in terram nostram et cum calcaverit in finibus nostris
7 Og leivningen av Jakob skal vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, liksom regnskurer på gras, som ikkje biar på mann eller ventar på menneskjeborn.
et erunt reliquiae Iacob in medio populorum multorum quasi ros a Domino et quasi stillae super herbam quae non expectat virum et non praestolatur filios hominum
8 Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningarne, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar. Ho slær ned når ho fer fram, og riv sund, og det er ingen som bergar.
et erunt reliquiae Iacob in gentibus in medio populorum multorum quasi leo in iumentis silvarum et quasi catulus leonis in gregibus pecorum qui cum transierit et conculcaverit et ceperit non est qui eruat
9 Høg vere di hand yver uvenerne dine! Må alle fiendarne dine ryddjast ut!
exaltabitur manus tua super hostes tuos et omnes inimici tui interibunt
10 Og det skal ganga soleis på den dagen, segjer Herren, då vil eg rydja ut alle hestarne du hev hjå deg, og øyda vognerne dine.
et erit in die illa dicit Dominus auferam equos tuos de medio tui et disperdam quadrigas tuas
11 Og eg vil rydja ut byarne i landet ditt og riva ned alle borgerne dine.
et perdam civitates terrae tuae et destruam omnes munitiones tuas
12 Og eg vil rydja alle trolldomskunster utor henderne på deg; og spåmenner skal ikkje lenger finnast hjå deg.
et auferam maleficia de manu tua et divinationes non erunt in te
13 Eg vil rydja ut dei utskorne gudebilæti dine og minnesteinarne dine, som du hev hjå deg, so du ikkje meir skal bøygja kne for det som henderne dine hev laga.
et perire faciam sculptilia tua et statuas tuas de medio tui et non adorabis ultra opera manuum tuarum
14 Og eg vil riva upp Astarte-stolparne dine or landet ditt, og byarne dine vil eg øyda.
et evellam lucos tuos de medio tui et conteram civitates tuas
15 Og i vreide og harm tek eg hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.
et faciam in furore et in indignatione ultionem in omnibus gentibus quae non audierunt