< Mika 2 >

1 Usæle dei som tenkjer ut urett og fyrebur vondt, med dei ligg på lega si. Straks det lyser av dag, set dei det i verk! for di det stend i deira magt.
הֹ֧וי חֹֽשְׁבֵי־אָ֛וֶן וּפֹ֥עֲלֵי רָ֖ע עַל־מִשְׁכְּבֹותָ֑ם בְּאֹ֤ור הַבֹּ֙קֶר֙ יַעֲשׂ֔וּהָ כִּ֥י יֶשׁ־לְאֵ֖ל יָדָֽם׃
2 Og dei lystar etter annan manns åkrar og ranar deim, etter hus og tek deim. Dei gjer vald både mot mannen og huset hans, både mot bonden og eigedomen hans.
וְחָמְד֤וּ שָׂדֹות֙ וְגָזָ֔לוּ וּבָתִּ֖ים וְנָשָׂ֑אוּ וְעָֽשְׁקוּ֙ גֶּ֣בֶר וּבֵיתֹ֔ו וְאִ֖ישׁ וְנַחֲלָתֹֽו׃ פ
3 Difor taler Herren soleis: Sjå, eg vil tenkja ut det som vondt er imot denne ætti, og de skal ikkje få til å smetta halsarne dykkar utor eller ganga so bratte i nakken heretter. For det vert ei vond tid.
לָכֵ֗ן כֹּ֚ה אָמַ֣ר יְהוָ֔ה הִנְנִ֥י חֹשֵׁ֛ב עַל־הַמִּשְׁפָּחָ֥ה הַזֹּ֖את רָעָ֑ה אֲ֠שֶׁר לֹֽא־תָמִ֨ישׁוּ מִשָּׁ֜ם צַוְּארֹֽתֵיכֶ֗ם וְלֹ֤א תֵֽלְכוּ֙ רֹומָ֔ה כִּ֛י עֵ֥ת רָעָ֖ה הִֽיא׃
4 Den dagen skal sume kveda ei nidvisa um dykk og sume syngja ein syrgjesong, og dei skal segja: «No er det slutt, » segjer dei, «reint til avgrunns me gjekk. No skifter han arven ut som folket mitt fekk. Sjå, kor han tek han ifrå meg! Gardarne våre no eiga skal folk som burt ifrå Herren fall.»
בַּיֹּ֨ום הַה֜וּא יִשָּׂ֧א עֲלֵיכֶ֣ם מָשָׁ֗ל וְנָהָ֨ה נְהִ֤י נִֽהְיָה֙ אָמַר֙ שָׁדֹ֣וד נְשַׁדֻּ֔נוּ חֵ֥לֶק עַמִּ֖י יָמִ֑יר אֵ֚יךְ יָמִ֣ישׁ לִ֔י לְשֹׁובֵ֥ב שָׂדֵ֖ינוּ יְחַלֵּֽק׃
5 So skal du ingen hava som strekkjer mæletråd kring jord i Herrens lyd.
לָכֵן֙ לֹֽא־יִֽהְיֶ֣ה לְךָ֔ מַשְׁלִ֥יךְ חֶ֖בֶל בְּגֹורָ֑ל בִּקְהַ֖ל יְהוָֽה׃
6 «Haldt upp med denne preikingi!» So preikar dei. «Um slikt skal dei ikkje preika! Det er då ikkje måte på hædingsord!»
אַל־תַּטִּ֖פוּ יַטִּיפ֑וּן לֹֽא־יַטִּ֣פוּ לָאֵ֔לֶּה לֹ֥א יִסַּ֖ג כְּלִמֹּֽות׃
7 Er dette sømeleg tale, du Jakobs hus? Er Herren kanskje brålyndt? Hev gjerningarne hans synt noko slikt? Er ikkje mykje heller ordi mine gode imot den som fer reideleg åt?
הֶאָמ֣וּר בֵּֽית־יַעֲקֹ֗ב הֲקָצַר֙ ר֣וּחַ יְהוָ֔ה אִם־אֵ֖לֶּה מַעֲלָלָ֑יו הֲלֹ֤וא דְבָרַ֨י יֵיטִ֔יבוּ עִ֖ם הַיָּשָׁ֥ר הֹולֵֽךְ׃
8 Men alt lenge hev no folket mitt reist seg imot meg som uvenerne mine: De dreg kåpa av klædi på folk som fredsame gjeng vegen sin framum, og ikkje vil vita av strid.
וְאֶתְמ֗וּל עַמִּי֙ לְאֹויֵ֣ב יְקֹומֵ֔ם מִמּ֣וּל שַׂלְמָ֔ה אֶ֖דֶר תַּפְשִׁט֑וּן מֵעֹבְרִ֣ים בֶּ֔טַח שׁוּבֵ֖י מִלְחָמָֽה׃
9 Kvinnorne i folket mitt driv de ut ifrå heimarne deira, som var gleda deira; frå borni deira tek de for alle tider prydnaden min.
נְשֵׁ֤י עַמִּי֙ תְּגָ֣רְשׁ֔וּן מִבֵּ֖ית תַּֽעֲנֻגֶ֑יהָ מֵעַל֙ עֹֽלָלֶ֔יהָ תִּקְח֥וּ הֲדָרִ֖י לְעֹולָֽם׃
10 Upp med dykk og gakk dykkar veg! For dette er ikkje nokon kvilestad, for den sulking skuld som valdar tyning, ja, skræmeleg tyning.
ק֣וּמוּ וּלְכ֔וּ כִּ֥י לֹא־זֹ֖את הַמְּנוּחָ֑ה בַּעֲב֥וּר טָמְאָ֛ה תְּחַבֵּ֖ל וְחֶ֥בֶל נִמְרָֽץ׃
11 Kom ein med vind og svik og laug og sagde: «Eg vil preika for deg um vin og sterk drykk, » sjå det vilde vera ein preikar for dette folket!
לוּ־אִ֞ישׁ הֹלֵ֥ךְ ר֙וּחַ֙ וָשֶׁ֣קֶר כִּזֵּ֔ב אַטִּ֣ף לְךָ֔ לַיַּ֖יִן וְלַשֵּׁכָ֑ר וְהָיָ֥ה מַטִּ֖יף הָעָ֥ם הַזֶּֽה׃
12 Samla, ja, samla vil eg deg, Jakob, so mange du er; sanka, ja, sanka eg leivningen av Israel. Eg vil føra deim saman som sauer til ei kvi, som ein buskap til sitt beite, so det vert dyn av menneskje.
אָסֹ֨ף אֶאֱסֹ֜ף יַעֲקֹ֣ב כֻּלָּ֗ךְ קַבֵּ֤ץ אֲקַבֵּץ֙ שְׁאֵרִ֣ית יִשְׂרָאֵ֔ל יַ֥חַד אֲשִׂימֶ֖נּוּ כְּצֹ֣אן בָּצְרָ֑ה כְּעֵ֙דֶר֙ בְּתֹ֣וךְ הַדָּֽבְרֹ֔ו תְּהִימֶ֖נָה מֵאָדָֽם׃
13 Vegbrøytaren fer fyre deim; dei bryt seg igjenom og stimar fram gjenom grindi og slepp ut; kongen deira fer fyre deim, og Herren er i brodden for deim.
עָלָ֤ה הַפֹּרֵץ֙ לִפְנֵיהֶ֔ם פָּֽרְצוּ֙ וַֽיַּעֲבֹ֔רוּ שַׁ֖עַר וַיֵּ֣צְאוּ בֹ֑ו וַיַּעֲבֹ֤ר מַלְכָּם֙ לִפְנֵיהֶ֔ם וַיהוָ֖ה בְּרֹאשָֽׁם׃ פ

< Mika 2 >