< Matteus 16 >
1 Då kom farisæarane og sadducæarane og freista honom, og bad at han vilde lata deim få sjå eit teikn frå himmelen.
Καὶ προσελθόντες οἱ Φαρισαῖοι καὶ Σαδδουκαῖοι πειράζοντες ἐπηρώτησαν αὐτὸν σημεῖον ἐκ τοῦ οὐρανοῦ ἐπιδεῖξαι αὐτοῖς.
2 Han svara: «Um kvelden segjer de: «Det vert godt ver; for himmelen er raud, »
ὁ δὲ ἀποκριθεὶς εἶπεν αὐτοῖς· ⸂Ὀψίας γενομένης λέγετε· Εὐδία, πυρράζει γὰρ ὁ οὐρανός·
3 og um morgonen: «I dag vert det uver; for himmelen er raud og myrk.» Himmelsbragdi veit de å døma um, men tidarteikni kann de ikkje tyda.
καὶ πρωΐ· Σήμερον χειμών, πυρράζει γὰρ στυγνάζων ὁ οὐρανός. ⸀τὸ μὲν πρόσωπον τοῦ οὐρανοῦ γινώσκετε διακρίνειν, τὰ δὲ σημεῖα τῶν καιρῶν οὐ δύνασθε.⸃
4 Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg ifrå deim og gjekk burt.
Γενεὰ πονηρὰ καὶ μοιχαλὶς σημεῖον ἐπιζητεῖ, καὶ σημεῖον οὐ δοθήσεται αὐτῇ εἰ μὴ τὸ σημεῖον ⸀Ἰωνᾶ καὶ καταλιπὼν αὐτοὺς ἀπῆλθεν.
5 Då dei so for yver til hi sida, gløymde læresveinarne å taka brød med seg.
Καὶ ἐλθόντες οἱ ⸀μαθηταὶεἰς τὸ πέραν ἐπελάθοντο ἄρτους λαβεῖν.
6 So sagde Jesus til deim: «Sjå til at de tek dykk i vare for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»
ὁ δὲ Ἰησοῦς εἶπεν αὐτοῖς· Ὁρᾶτε καὶ προσέχετε ἀπὸ τῆς ζύμης τῶν Φαρισαίων καὶ Σαδδουκαίων.
7 Då sagde dei seg imillom: «Det er av di me ikkje tok brød med oss!»
οἱ δὲ διελογίζοντο ἐν ἑαυτοῖς λέγοντες ὅτι Ἄρτους οὐκ ἐλάβομεν.
8 Jesus gådde det og sagde: «Kvi talar de dykk imillom um det at de ikkje hev brød med, de fåtruande?
γνοὺς δὲ ὁ Ἰησοῦς ⸀εἶπεν Τί διαλογίζεσθε ἐν ἑαυτοῖς, ὀλιγόπιστοι, ὅτι ἄρτους οὐκ ⸀ἐλάβετε
9 Hev de endå so lite vit? Kjem de ikkje i hug dei fem brødleivarne til dei fem tusund mann, og kor mange korger de fekk att,
οὔπω νοεῖτε, οὐδὲ μνημονεύετε τοὺς πέντε ἄρτους τῶν πεντακισχιλίων καὶ πόσους κοφίνους ἐλάβετε;
10 og ikkje dei sju leivarne til dei fire tusund, og kor mange korger de då fekk att?
οὐδὲ τοὺς ἑπτὰ ἄρτους τῶν τετρακισχιλίων καὶ πόσας σπυρίδας ἐλάβετε;
11 Kann de då’kje skyna at det ikkje var brød eg tala til dykk um? Men agta dykk for farisæar- og sadducæar-surdeigen!»
πῶς οὐ νοεῖτε ὅτι οὐ περὶ ⸀ἄρτωνεἶπον ὑμῖν; ⸂προσέχετε δὲ ἀπὸ τῆς ζύμης τῶν Φαρισαίων καὶ Σαδδουκαίων.
12 Då skyna dei at det ikkje var surdeigen i brødet han hadde meint, men læra åt farisæarane og sadducæarane.
τότε συνῆκαν ὅτι οὐκ εἶπεν προσέχειν ἀπὸ τῆς ζύμης ⸂τῶν ἄρτων ἀλλὰ ἀπὸ τῆς διδαχῆς τῶν Φαρισαίων καὶ Σαδδουκαίων.
13 Då Jesus var komen til bygderne kring Cæsarea Filippi, spurde han læresveinarne sine: «Kven segjer folk at Menneskjesonen er?»
Ἐλθὼν δὲ ὁ Ἰησοῦς εἰς τὰ μέρη Καισαρείας τῆς Φιλίππου ἠρώτα τοὺς μαθητὰς αὐτοῦ λέγων· ⸀Τίναλέγουσιν οἱ ἄνθρωποι εἶναι τὸν υἱὸν τοῦ ἀνθρώπου;
14 Dei svara: «Sume segjer: «Johannes døyparen, » andre: «Elia», endå andre: «Jeremia eller ein annan av profetarne.»»
οἱ δὲ εἶπαν· Οἱ μὲν Ἰωάννην τὸν βαπτιστήν, ἄλλοι δὲ Ἠλίαν, ἕτεροι δὲ Ἰερεμίαν ἢ ἕνα τῶν προφητῶν.
15 «Kven segjer då de at eg er?» spurde han.
λέγει αὐτοῖς· Ὑμεῖς δὲ τίνα με λέγετε εἶναι;
16 Då tok Simon Peter til ords og sagde: «Du er Messias, den livande Guds Son.»
ἀποκριθεὶς δὲ Σίμων Πέτρος εἶπεν· Σὺ εἶ ὁ χριστὸς ὁ υἱὸς τοῦ θεοῦ τοῦ ζῶντος.
17 Og Jesus sagde til honom: «Sæl er du, Simon Jonason! for det er ikkje kjøt og blod som hev lært deg det, men far min i himmelen.
⸂ἀποκριθεὶς δὲ ὁ Ἰησοῦς εἶπεν αὐτῷ· Μακάριος εἶ, Σίμων Βαριωνᾶ, ὅτι σὰρξ καὶ αἷμα οὐκ ἀπεκάλυψέν σοι ἀλλʼ ὁ πατήρ μου ὁ ἐν τοῖς οὐρανοῖς·
18 Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportarne skal ikkje vinna yver henne. (Hadēs )
κἀγὼ δέ σοι λέγω ὅτι σὺ εἶ Πέτρος, καὶ ἐπὶ ταύτῃ τῇ πέτρᾳ οἰκοδομήσω μου τὴν ἐκκλησίαν, καὶ πύλαι ᾅδου οὐ κατισχύσουσιν αὐτῆς· (Hadēs )
19 Eg vil gjeva deg lyklarne til himmelriket; det som du bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og det som du løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.»
⸀δώσωσοι τὰς ⸀κλεῖδαςτῆς βασιλείας τῶν οὐρανῶν, καὶ ὃ ⸀ἐὰνδήσῃς ἐπὶ τῆς γῆς ἔσται δεδεμένον ἐν τοῖς οὐρανοῖς, καὶ ὃ ⸁ἐὰνλύσῃς ἐπὶ τῆς γῆς ἔσται λελυμένον ἐν τοῖς οὐρανοῖς.
20 So forbaud han læresveinarne å segja det med nokon at han var Messias.
τότε ⸀διεστείλατοτοῖς ⸀μαθηταῖςἵνα μηδενὶ εἴπωσιν ὅτι αὐτός ⸀ἐστινὁ χριστός.
21 Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinarne at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennerne og dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa honom, men tridje dagen skulde han standa upp att.
Ἀπὸ τότε ἤρξατο ⸂ὁ Ἰησοῦς δεικνύειν τοῖς μαθηταῖς αὐτοῦ ὅτι δεῖ αὐτὸν ⸂εἰς Ἱεροσόλυμα ἀπελθεῖν καὶ πολλὰ παθεῖν ἀπὸ τῶν πρεσβυτέρων καὶ ἀρχιερέων καὶ γραμματέων καὶ ἀποκτανθῆναι καὶ τῇ τρίτῃ ἡμέρᾳ ἐγερθῆναι.
22 Peter tok honom til sides og for til å telja for honom og sagde: «Hjelpe deg Gud, Herre! Slikt må aldri henda deg!»
καὶ προσλαβόμενος αὐτὸν ὁ Πέτρος ἤρξατο ἐπιτιμᾶν αὐτῷ λέγων· Ἵλεώς σοι, κύριε· οὐ μὴ ἔσται σοι τοῦτο.
23 Då snudde han seg imot Peter og sagde: «Gakk utor augo mine, Satan! Du er meg eit styggje, for du hev’kje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.»
ὁ δὲ στραφεὶς εἶπεν τῷ Πέτρῳ· Ὕπαγε ὀπίσω μου, Σατανᾶ· σκάνδαλον ⸂εἶ ἐμοῦ, ὅτι οὐ φρονεῖς τὰ τοῦ θεοῦ ἀλλὰ τὰ τῶν ἀνθρώπων.
24 Same gongen sagde Jesus til læresveinarne sine: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.
Τότε ὁ Ἰησοῦς εἶπεν τοῖς μαθηταῖς αὐτοῦ· Εἴ τις θέλει ὀπίσω μου ἐλθεῖν, ἀπαρνησάσθω ἑαυτὸν καὶ ἀράτω τὸν σταυρὸν αὐτοῦ καὶ ἀκολουθείτω μοι.
25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, skal finna det.
ὃς γὰρ ⸀ἐὰνθέλῃ τὴν ψυχὴν αὐτοῦ σῶσαι ἀπολέσει αὐτήν· ὃς δʼ ἂν ἀπολέσῃ τὴν ψυχὴν αὐτοῦ ἕνεκεν ἐμοῦ εὑρήσει αὐτήν.
26 Kva batar det eit menneskje, um han vinn heile verdi, men taper sjæli si? Eller kva hev menneskjet å gjeva i byte for sjæli si?
τί γὰρ ⸀ὠφεληθήσεταιἄνθρωπος ἐὰν τὸν κόσμον ὅλον κερδήσῃ τὴν δὲ ψυχὴν αὐτοῦ ζημιωθῇ; ἢ τί δώσει ἄνθρωπος ἀντάλλαγμα τῆς ψυχῆς αὐτοῦ;
27 For Menneskjesonen skal koma i herlegdomen åt far sin med englarne sine, og då skal han gjeva kvar og ein lika for det dei hev gjort.
μέλλει γὰρ ὁ υἱὸς τοῦ ἀνθρώπου ἔρχεσθαι ἐν τῇ δόξῃ τοῦ πατρὸς αὐτοῦ μετὰ τῶν ἀγγέλων αὐτοῦ, καὶ τότε ἀποδώσει ἑκάστῳ κατὰ τὴν πρᾶξιν αὐτοῦ.
28 Det segjer eg dykk for visst: Sume av dei som stend her, skal ikkje smaka dauden fyrr dei hev set Menneskjesonen koma i sitt kongelege velde.»
ἀμὴν λέγω ὑμῖν ⸀ὅτιεἰσίν τινες ⸂τῶν ὧδε ἑστώτων οἵτινες οὐ μὴ γεύσωνται θανάτου ἕως ἂν ἴδωσιν τὸν υἱὸν τοῦ ἀνθρώπου ἐρχόμενον ἐν τῇ βασιλείᾳ αὐτοῦ.