< Matteus 15 >
1 So kom det nokre farisæarar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sagde:
Then some Pharisees and scribes came to Jesus from Jerusalem and asked,
2 «Kvi bryt læresveinarne dine dei skikkarne me hev etter dei gamle? dei tvær ikkje henderne fyrr dei gjeng til bords!»
“Why do Your disciples break the tradition of the elders? They do not wash their hands before they eat.”
3 «Og de, » svara han, «kvi bryt de Guds bod for skikkarne dykkar skuld?
Jesus replied, “And why do you break the command of God for the sake of your tradition?
4 Gud hev sagt: «Du skal æra far din og mor di!» og: «Den som bannar far sin eller mor si, skal døy!»
For God said, ‘Honor your father and mother’ and ‘Anyone who curses his father or mother must be put to death.’
5 Men de segjer: «Når ein talar so til far sin eller mor si: «Det som eg kunde ha hjelpt deg med, lyt eg gjeva til templet, » so tarv han ikkje æra foreldri sine.»
But you say that if anyone says to his father or mother, ‘Whatever you would have received from me is a gift devoted to God,’
6 Soleis hev de gjort Guds bod um inkje for dykkar eigi læra skuld.
he need not honor his father or mother with it. Thus you nullify the word of God for the sake of your tradition.
7 De hyklarar! Jesaja spådde sant um dykk då han sagde:
You hypocrites! Isaiah prophesied correctly about you:
8 «Med lipporn’ lovar dei meg, denne lyden, men hugen deira er langt ifrå meg.
‘These people honor Me with their lips, but their hearts are far from Me.
9 D’er liten mun i at dei meg vil æra, når dei lærer folk det som er mannebod.»»
They worship Me in vain; they teach as doctrine the precepts of men.’”
10 So kalla han folket hitåt seg og sagde til deim: «Høyr etter, og tenk på det eg segjer!»
Jesus called the crowd to Him and said, “Listen and understand.
11 Det er’kje det som kjem inn i munnen som gjer menneskja urein, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer menneskja urein!
A man is not defiled by what enters his mouth, but by what comes out of it.”
12 Då gjekk læresveinarne fram og sagde til honom: «Veit du at farisæarane vart arge då dei høyrde det du sagde?»
Then the disciples came to Him and said, “Are You aware that the Pharisees were offended when they heard this?”
13 Han svara: «Kvar plante som ikkje far min i himmelen hev sett, skal rivast upp med rot.
But Jesus replied, “Every plant that My heavenly Father has not planted will be pulled up by its roots.
14 Bry dykk ikkje um deim! Dei er blinde vegleidarar for blinde; og når ein blind leider ein blind, so dett dei båe i grefti.»
Disregard them! They are blind guides. If a blind man leads a blind man, both will fall into a pit.”
15 Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Tyd oss den likningi di!»
Peter said to Him, “Explain this parable to us.”
16 «Hev de endå ikkje betre vit, de heller?» svara han.
“Do you still not understand?” Jesus asked.
17 «Skynar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, gjeng ned i magen, og fer ut der det skal?
“Do you not yet realize that whatever enters the mouth goes into the stomach and then is eliminated?
18 Men det som gjeng ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer menneskja urein;
But the things that come out of the mouth come from the heart, and these things defile a man.
19 for frå hjarta kjem vonde tankar: manndråp, egteskapsbrot, lauslivnad, tjuvskap, range vitnemål, gudsspotting.
For out of the heart come evil thoughts, murder, adultery, sexual immorality, theft, false testimony, and slander.
20 Det er det som gjer menneskja urein; men å eta med utvegne hender gjer ikkje menneskja urein.
These are what defile a man, but eating with unwashed hands does not defile him.”
21 So for Jesus derifrå, og tok vegen burt til bygderne kring Tyrus og Sidon.
Leaving that place, Jesus withdrew to the district of Tyre and Sidon.
22 Då kom det ei kananæisk kona ut frå dei grenderne og ropa: «Herre, Davids son, gjer sælebot på meg! Dotter mi er so ille plåga av ei vond ånd.»
And a Canaanite woman from that region came to Him, crying out, “Lord, Son of David, have mercy on me! My daughter is miserably possessed by a demon.”
23 Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinarne fram og bad honom: «Kjære, få henne frå deg! Ho ropar so etter oss.»
But Jesus did not answer a word. So His disciples came and urged Him, “Send her away, for she keeps crying out after us.”
24 «Det er berre dei forkomne sauerne av Israelshuset eg er send til, » svara han.
He answered, “I was sent only to the lost sheep of the house of Israel.”
25 So kom ho og fall på kne for honom og sagde: «Herre, hjelp meg!»
The woman came and knelt before Him. “Lord, help me!” she said.
26 Men han svara: «Det er’kje vænt å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungarne.»
But Jesus replied, “It is not right to take the children’s bread and toss it to the dogs.”
27 «Det er sant, Herre, » sagde ho, «men hund-ungarne et då av dei molarne som fell frå bordet åt herrarne deira.»
“Yes, Lord,” she said, “even the dogs eat the crumbs that fall from their master’s table.”
28 Då svara Jesus: «Stor er trui di, kona! Du skal få det som du vil.» Og dotter hennar vart god att i same stundi.
“O woman,” Jesus answered, “your faith is great! Let it be done for you as you desire.” And her daughter was healed from that very hour.
29 So for Jesus burt derifrå og kom til Galilæasjøen, og han gjekk upp i fjellet og sette seg der.
Moving on from there, Jesus went along the Sea of Galilee. Then He went up on a mountain and sat down.
30 Då kom dei til honom i store flokkar, og hadde med seg halte og blinde og mållause og kryplingar og mange andre, og lagde deim ned for føterne hans, og han gjorde dei gode att,
Large crowds came to Him, bringing the lame, the blind, the crippled, the mute, and many others, and laid them at His feet, and He healed them.
31 so folket undra seg då dei såg at mållause tala, og kryplingar vart friske og føre, og halte gjekk ikring, og blinde såg; og dei lova Israels Gud.
The crowd was amazed when they saw the mute speaking, the crippled restored, the lame walking, and the blind seeing. And they glorified the God of Israel.
32 Då kalla Jesus læresveinarne til seg og sagde: Eg tykkjer hjarteleg synd i folket; for no hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og dei hev’kje noko å eta; og ikkje vil eg senda deim fastande frå meg; for då kunde dei ormegtast på vegen.»
Then Jesus called His disciples to Him and said, “I have compassion for this crowd, because they have already been with Me three days and have nothing to eat. I do not want to send them away hungry, or they may faint along the way.”
33 Læresveinarne svara: «Kor skal me her i øydemarki få brød nok til å metta so stor ein hop?»
The disciples replied, “Where in this desolate place could we find enough bread to feed such a large crowd?”
34 «Kor mykje brød hev de?» spurde Jesus. «Sju leivar, » sagde dei, «og nokre få småfiskar.»
“How many loaves do you have?” Jesus asked. “Seven,” they replied, “and a few small fish.”
35 Då let han folket setja seg ned på marki,
And He instructed the crowd to sit down on the ground.
36 og han tok dei sju leivarne og fiskarne, og takka, og bytte deim sund og gav det til læresveinarne, og læresveinarne gav det til folket.
Taking the seven loaves and the fish, He gave thanks and broke them. Then He gave them to the disciples, and the disciples gave them to the people.
37 Då alle hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som att var; det var sju fulle korger.
They all ate and were satisfied, and the disciples picked up seven basketfuls of broken pieces that were left over.
38 Og det var fire tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.
A total of four thousand men were fed, in addition to women and children.
39 Sidan bad Jesus farvel med folket, og steig ut i båten og for til Magadanbygdi.
After Jesus had dismissed the crowds, He got into the boat and went to the region of Magadan.