< Markus 11 >

1 Då dei kom burtimot Jerusalem, til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus tvo av læresveinarne sine i veg og sagde til deim:
अनन्तरं तेषु यिरूशालमः समीपस्थयो र्बैत्फगीबैथनीयपुरयोरन्तिकस्थं जैतुननामाद्रिमागतेषु यीशुः प्रेषणकाले द्वौ शिष्याविदं वाक्यं जगाद,
2 «Gakk burt i den grendi som ligg beint framfor dykk! Med det same de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det endå aldri hev sete noko menneskje på; den skal de løysa og koma hit med!
युवाममुं सम्मुखस्थं ग्रामं यातं, तत्र प्रविश्य यो नरं नावहत् तं गर्द्दभशावकं द्रक्ष्यथस्तं मोचयित्वानयतं।
3 Og dersom nokon segjer med dykk: «Kvi gjer de det?» so skal de svara: «Herren treng um honom, og sender honom straks attende.»»
किन्तु युवां कर्म्मेदं कुतः कुरुथः? कथामिमां यदि कोपि पृच्छति तर्हि प्रभोरत्र प्रयोजनमस्तीति कथिते स शीघ्रं तमत्र प्रेषयिष्यति।
4 So gjekk dei og fann folen; han stod bunden uti gata attmed ei dør, og dei løyste honom.
ततस्तौ गत्वा द्विमार्गमेलने कस्यचिद् द्वारस्य पार्श्वे तं गर्द्दभशावकं प्राप्य मोचयतः,
5 Nokre folk som stod der, sagde til deim: «Kva gjer de? løyser de folen?»
एतर्हि तत्रोपस्थितलोकानां कश्चिद् अपृच्छत्, गर्द्दभशिशुं कुतो मोचयथः?
6 Dei svara so som Jesus hadde sagt; då let folket deim ganga.
तदा यीशोराज्ञानुसारेण तेभ्यः प्रत्युदिते तत्क्षणं तमादातुं तेऽनुजज्ञुः।
7 So kom dei til Jesus med folen og lagde kjolarne sine på honom, og Jesus sette seg uppå.
अथ तौ यीशोः सन्निधिं गर्द्दभशिशुम् आनीय तदुपरि स्ववस्त्राणि पातयामासतुः; ततः स तदुपरि समुपविष्टः।
8 Og mange breidde klædi sine på vegen, andre strådde lauv, som dei hadde henta frå marki.
तदानेके पथि स्ववासांसि पातयामासुः, परैश्च तरुशाखाश्छितवा मार्गे विकीर्णाः।
9 Og dei som gjekk fyre, og dei som fylgde etter, ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!
अपरञ्च पश्चाद्गामिनोऽग्रगामिनश्च सर्व्वे जना उचैःस्वरेण वक्तुमारेभिरे, जय जय यः परमेश्वरस्य नाम्नागच्छति स धन्य इति।
10 Velsigna vere vår fader Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!»
तथास्माकमं पूर्व्वपुरुषस्य दायूदो यद्राज्यं परमेश्वरनाम्नायाति तदपि धन्यं, सर्व्वस्मादुच्छ्राये स्वर्गे ईश्वरस्य जयो भवेत्।
11 So kom han til Jerusalem og gjekk inn i templet. Der såg han seg ikring allstad; men då det tok til å kvelda, gjekk han ut til Betania med dei tolv.
इत्थं यीशु र्यिरूशालमि मन्दिरं प्रविश्य चतुर्दिक्स्थानि सर्व्वाणि वस्तूनि दृष्टवान्; अथ सायंकाल उपस्थिते द्वादशशिष्यसहितो बैथनियं जगाम।
12 Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, kjende han seg svolten.
अपरेहनि बैथनियाद् आगमनसमये क्षुधार्त्तो बभूव।
13 Langt burte såg han eit fiketre med lauv på; han gjekk burtåt, og vilde sjå um han kunde finna noko på det; men då han kom dit, fann han’kje anna enn lauv; for det var ikkje tidi for fikor.
ततो दूरे सपत्रमुडुम्बरपादपं विलोक्य तत्र किञ्चित् फलं प्राप्तुं तस्य सन्निकृष्टं ययौ, तदानीं फलपातनस्य समयो नागच्छति। ततस्तत्रोपस्थितः पत्राणि विना किमप्यपरं न प्राप्य स कथितवान्,
14 Då tala han til treet og sagde: «Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir!» Og det høyrde læresveinarne på. (aiōn g165)
अद्यारभ्य कोपि मानवस्त्वत्तः फलं न भुञ्जीत; इमां कथां तस्य शिष्याः शुश्रुवुः। (aiōn g165)
15 Då dei kom til Jerusalem, gjekk han inn i templet og tok til å driva ut deim som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor,
तदनन्तरं तेषु यिरूशालममायातेषु यीशु र्मन्दिरं गत्वा तत्रस्थानां बणिजां मुद्रासनानि पारावतविक्रेतृणाम् आसनानि च न्युब्जयाञ्चकार सर्व्वान् क्रेतृन् विक्रेतृंश्च बहिश्चकार।
16 og let ingen få lov til å bera nokon reidskap gjenom templet.
अपरं मन्दिरमध्येन किमपि पात्रं वोढुं सर्व्वजनं निवारयामास।
17 Og han lærde deim og sagde: «Stend det’kje skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?» Men de hev gjort det til eit røvarbol.»
लोकानुपदिशन् जगाद, मम गृहं सर्व्वजातीयानां प्रार्थनागृहम् इति नाम्ना प्रथितं भविष्यति एतत् किं शास्त्रे लिखितं नास्ति? किन्तु यूयं तदेव चोराणां गह्वरं कुरुथ।
18 Dei øvste prestarne og dei skriftlærde fekk høyra det, og lurde på korleis dei skulde få teke livet av honom; dei var rædde honom; for alle folk var hugtekne av læra hans.
इमां वाणीं श्रुत्वाध्यापकाः प्रधानयाजकाश्च तं यथा नाशयितुं शक्नुवन्ति तथोेपायं मृगयामासुः, किन्तु तस्योपदेशात् सर्व्वे लोका विस्मयं गता अतस्ते तस्माद् बिभ्युः।
19 Men når det leid til kvelds, gjekk han alltid ut or byen.
अथ सायंसमय उपस्थिते यीशुर्नगराद् बहिर्वव्राज।
20 Då dei tidleg um morgonen gjekk framum fiketreet, såg dei at det hadde turka radt ifrå roti.
अनन्तरं प्रातःकाले ते तेन मार्गेण गच्छन्तस्तमुडुम्बरमहीरुहं समूलं शुष्कं ददृशुः।
21 Peter kom i hug dei ordi Jesus hadde lyst, og sagde: «Meister, sjå fiketreet som du banna, hev turka!»
ततः पितरः पूर्व्ववाक्यं स्मरन् यीशुं बभाषं, हे गुरो पश्यतु य उडुम्बरविटपी भवता शप्तः स शुष्को बभूव।
22 Då tok Jesus til ords og sagde: «Hav tru til Gud!
ततो यीशुः प्रत्यवादीत्, यूयमीश्वरे विश्वसित।
23 Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg ut i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil.
युष्मानहं यथार्थं वदामि कोपि यद्येतद्गिरिं वदति, त्वमुत्थाय गत्वा जलधौ पत, प्रोक्तमिदं वाक्यमवश्यं घटिष्यते, मनसा किमपि न सन्दिह्य चेदिदं विश्वसेत् तर्हि तस्य वाक्यानुसारेण तद् घटिष्यते।
24 Difor segjer eg dykk: Kva de bed um og ynskjer etter, so tru visst at de alt hev fenge det - då fær de det!
अतो हेतोरहं युष्मान् वच्मि, प्रार्थनाकाले यद्यदाकांक्षिष्यध्वे तत्तदवश्यं प्राप्स्यथ, इत्थं विश्वसित, ततः प्राप्स्यथ।
25 Og når de stend og bed, og hev noko imot einkvan, so tilgjev honom det! Då skal og far dykkar i himmelen tilgjeva dykk for misgjerningarne dykkar!
अपरञ्च युष्मासु प्रार्थयितुं समुत्थितेषु यदि कोपि युष्माकम् अपराधी तिष्ठति, तर्हि तं क्षमध्वं, तथा कृते युष्माकं स्वर्गस्थः पितापि युष्माकमागांमि क्षमिष्यते।
26 Men um de ikkje tilgjev, skal ikkje heller far dykkar i himmelen tilgjeva dykkar misgjerningar.»
किन्तु यदि न क्षमध्वे तर्हि वः स्वर्गस्थः पितापि युष्माकमागांसि न क्षमिष्यते।
27 So kom dei til Jerusalem att. Og med han gjekk ikring i templet, kom dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne burt til honom
अनन्तरं ते पुन र्यिरूशालमं प्रविविशुः, यीशु र्यदा मध्येमन्दिरम् इतस्ततो गच्छति, तदानीं प्रधानयाजका उपाध्यायाः प्राञ्चश्च तदन्तिकमेत्य कथामिमां पप्रच्छुः,
28 og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven gav deg retten til å gjera det?»
त्वं केनादेशेन कर्म्माण्येतानि करोषि? तथैतानि कर्म्माणि कर्त्तां केनादिष्टोसि?
29 «Eg vil spyrja dykk um ein ting, » sagde Jesus. «Svara meg, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette:
ततो यीशुः प्रतिगदितवान् अहमपि युष्मान् एककथां पृच्छामि, यदि यूयं तस्या उत्तरं कुरुथ, तर्हि कयाज्ञयाहं कर्म्माण्येतानि करोमि तद् युष्मभ्यं कथयिष्यामि।
30 Var dåpen åt Johannes frå himmelen eller frå menneskje? Svara meg!»
योहनो मज्जनम् ईश्वरात् जातं किं मानवात्? तन्मह्यं कथयत।
31 Då lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen, » so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?»
ते परस्परं विवेक्तुं प्रारेभिरे, तद् ईश्वराद् बभूवेति चेद् वदामस्तर्हि कुतस्तं न प्रत्यैत? कथमेतां कथयिष्यति।
32 Lat oss heller svara: «Frå menneskje!»» men det torde dei ikkje for folket; for alle trudde at Johannes var retteleg ein profet.
मानवाद् अभवदिति चेद् वदामस्तर्हि लोकेभ्यो भयमस्ति यतो हेतोः सर्व्वे योहनं सत्यं भविष्यद्वादिनं मन्यन्ते।
33 So svara dei honom: «Det veit me ikkje.» «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette, » sagde Jesus.
अतएव ते यीशुं प्रत्यवादिषु र्वयं तद् वक्तुं न शक्नुमः। यीशुरुवाच, तर्हि येनादेशेन कर्म्माण्येतानि करोमि, अहमपि युष्मभ्यं तन्न कथयिष्यामि।

< Markus 11 >