< Dommernes 7 >

1 Jerubba’al - det er den same som Gideon - og alt folket som var med honom, tok ut tidleg um morgonen, og lægra seg ved Harodkjelda, og Midjans-heren låg nordanfor, frå Morehaugen og burtetter legdi.
Then Jerub Baal (that is, Gideon) rose up early, and all the people who were with him, and they encamped beside the spring of Harod. The camp of Midian was to their north in the valley near the hill of Moreh.
2 Då sagde Herren til Gideon: «Du hev for mykje folk med deg! Eg vil’kje gjeva midjanitarne i henderne på so mange; elles kunde Israel kyta for meg og segja: «Det er mi eigi hand som hev berga meg!»
Yahweh said to Gideon, “There are too many soldiers for me to give you victory over the Midianites, so that Israel may not boast over me, saying, 'Our own power has saved us.'
3 Ropa no ut for folket: «Den som er rædd og fælen, kann snu og fara heim att frå Gileadfjellet!»» Då var det tvo og tjuge tusund mann som snudde heim, og ti tusund vart att.
Now therefore, proclaim in the ears of the people and say, 'Whoever is afraid, whoever trembles, let him return and depart from Mount Gilead.'” So twenty-two thousand people went away, and ten thousand remained.
4 Men Herren sagde til Gideon: «Du hev endå for mykje folk! Lat deim ganga ned til kjelda, so skal eg røyna deim for deg der, og dei som eg segjer skal vera med deg, deim skal du taka med, men alle dei som eg segjer ikkje skal vera med deg, deim skal du ikkje hava med!»
Yahweh said to Gideon, “The people are still too many. Take them down to the water, and I will make their number smaller for you there. If I say to you, 'This one will go with you,' he will go with you; but if I say, 'This one will not go with you,' he will not go.”
5 So let han folket ganga ned til kjelda, og Herren sagde til han: «Alle deim som lepjar vatnet i seg med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle deim som legg seg på kne og drikk.»
So Gideon brought the people down to the water, and Yahweh said to him, “Separate everyone who laps up the water, as a dog laps, from those who kneel down to drink.”
6 Dei som då førde vatnet til munnen med handi og lepja, var tri hundrad i talet; alt hitt folket lagde seg på kne og drakk av vatnet.
Three hundred men lapped. The rest of the men kneeled down to drink water.
7 Og Herren sagde til Gideon: «Med dei tri hundrad mann som drakk av handi, vil eg berga dykk og gjeva Midjan i henderne dine; alt hitt folket kann ganga heim att.»
Yahweh said to Gideon, “With the three hundred men who lapped, I will rescue you and give you victory over the Midianites. Let every other man go back to his own place.”
8 So tok dei til seg ferdakosten åt folket og lurarne deira; og Gideon let alle Israels-menner fara heim so nær som dei tri hundrad; deim hadde han att hjå seg. Midjans-lægret låg nedanfor honom, i lægdi.
So those who were chosen took their supplies and their trumpets. Gideon sent away all the men of Israel, every man to his tent, but he kept the three hundred men. Now the Midian camp was down below him in the valley.
9 Og då det vart natt, sagde Herren til honom: «Gjer deg reidug og tak på lægret der nede! Eg gjev det i henderne dine!
That same night Yahweh said to him, “Get up! Attack the camp, for I am going to give you victory over it.
10 Er du rædd, so gakk fyrst ned med Pura, sveinen din!
But if you are afraid to go down, go down to the camp with Purah your servant,
11 Då fær du høyra kva dei talar um, og sidan kjem du til å kjenna deg so sterk, at du torer taka på lægret.» So gjekk han og Pura, sveinen hans, ned til forpostarne i lægret.
and listen to what they are saying, and your courage will be strengthened to attack the camp.” So Gideon went with Purah his servant, down to the guard posts of the camp.
12 Og midjanitarne og amalekitarne og alle austmennerne låg i dalen, so tett som grashoppar, og det var ikkje tal på kamelarne deira; dei var som sand på havsens strand.
The Midianites, the Amalekites, and all the people of the east settled along in the valley, as thick as a cloud of locusts. Their camels were more than could be counted; they were more in number than the grains of the sand on the seashore.
13 Då Gideon kom, var der ein som fortalde felagen sin ein draum: «No skal du høyra kva eg hev drøymt!», sagde han: «Eg tykte eg såg ei byggkaka kom trillande inn i Midjans-lægret, og då ho kom til tjeldet, skuva ho til det, so det rulla i koll, og der låg det.»
When Gideon arrived there, a man was telling a dream to his companion. The man said, “Look! I had a dream, and I saw a round loaf of barley bread tumbling into the camp of Midian. It came to the tent, and hit it so hard that it fell down and turned it upside down, so that it lay flat.”
14 «Dette er’kje noko anna enn sverdet åt Gideon Joasson, israeliten, » svara hin; «Gud hev gjeve midjanitarne og heile lægret i henderne hans.»
The other man said, “This is nothing other than the sword of Gideon (the son of Joash), the Israelite. God has given him victory over Midian and all their army.”
15 Då Gideon høyrde draumen og uttydingi, lagde han seg på kne og takka Gud. Han gjekk attende til Israels-lægret og sagde: «Ris upp! Herren hev gjeve Midjans-lægret i henderne dykkar!»
When Gideon heard the retelling of the dream and its interpretation, he bowed down in worship. He went back to the camp of Israel and said, “Get up! Yahweh has given you victory over the Midian army.”
16 So skifte han dei tri hundrad mann i tri flokkar, og gav deim alle lurar og tome krukkor i henderne; men inni krukkorne var det kyndlar.
He divided the three hundred men into three groups, and he gave them all trumpets and empty jars, with torches inside each jar.
17 Og han sagde til deim: «Sjå etter korleis eg fer åt, og far de like eins! So snart de ser eg er komen tett innåt lægret, skal de gjera som eg gjer!
He said to them, “Look at me and do what I do. Watch! When I come to the edge of the camp, you must do what I do.
18 Når eg blæs i luren, eg og alle deim som er med meg, so skal de og blåsa i lurarne dykkar rundt ikring heile lægret og ropa: «For Herren og for Gideon!»»
When I blow the trumpet, I and all who are with me, then blow your trumpets also on every side of the entire camp and shout, 'For Yahweh and for Gideon!'”
19 Gideon og hundrad mann som var med honom, kom til utkanten av lægret fyrstundes i midnattsvakti; det var so vidt midjanitarne hadde sett ut vaktpostarne. Då bles dei i lurarne, og slo sund krukkorne, som dei hadde i handi;
So Gideon and the hundred men who were with him came to the edge of the camp, right at the beginning of the middle watch. Just as the Midianites were changing guard, they blew the trumpets and broke the jars that were in their hands.
20 og alle tri flokkarne bles i lurarne og slo sund krukkorne; med vinstre handi greip dei kring kyndlarne, og i høgre handi heldt dei lurarne, og bles i deim og ropa: «Drag sverdet for Herren og for Gideon!»
The three companies blew the trumpets and broke the jars. They held the torches in their left hands and the trumpets in their right hands to blow them. They shouted out, “The sword of Yahweh and of Gideon.”
21 alt med dei vart standande kvar på sin stad rundt ikring lægret. Då tok alt som i lægret var til å renna att og fram og hua og røma,
Every man stood in his place around the camp and all the Midianite army ran. They shouted and ran away.
22 og Herren laga det so at då dei høyrde ljomen av dei tri hundrad lurarne, vende dei sverdi sine mot kvarandre. So gjekk det i heile lægret. Og heren rømde til Bet-Hassitta, burtimot Serera, til Abel-Meholastrandi framum Tabbat.
When they blew the three hundred trumpets, Yahweh set every Midianite man's sword against his comrades and against all their army. The army fled as far as Beth Shittah toward Zererah, as far as the border of Abel Meholah, near Tabbath.
23 Men Israels-mennerne av Naftali og Asser og heile Manasse vart utbodne og sette etter midjanitarne.
The men of Israel from Naphtali, Asher, and all Manasseh were called out, and they went after Midian.
24 Og yver heile Efraimsheidi sende Gideon folk som ropa ut: «Far ned og møt midjanitarne, og steng deim av frå elvi, frå Jordan, alt burt til Bet-Bara!» Då vart alle Efraims-mennerne utbodne og stengde vegen til elvi, til Jordan, alt burtåt Bet-Bara.
Gideon sent messengers throughout all the hill country of Ephraim, saying, “Go down against Midian and take control of the Jordan River, as far as Beth Barah, to stop them.” So all the men of Ephraim gathered together and took control of the waters, as far as Beth Barah and the Jordan River.
25 Dei tok tvo av Midjans-hovdingarne, Oreb og Ze’eb, og drap Oreb på Ramneberget, og Ze’eb ved Ulvepersa. Sidan sette dei etter midjanitarne og kom med hovudi av Oreb og Ze’eb til Gideon på hi sida Jordan.
They captured the two princes of Midian, Oreb and Zeeb. They killed Oreb at the rock of Oreb, and they killed Zeeb at the winepress of Zeeb. They went after the Midianites, and they brought the heads of Oreb and Zeeb to Gideon, who was on the other side of the Jordan.

< Dommernes 7 >