< Dommernes 4 >

1 Då Ehud var burte, gjorde Israels-sønerne atter det som var Herren imot.
ויספו בני ישראל לעשות הרע בעיני יהוה ואהוד מת׃
2 Då slepte han deim i henderne på Jabin, kananitarkongen. Jabin hadde kongssætet sitt i Hasor. Hovdingen yver heren hans heitte Sisera; han budde i Haroset-Haggojim.
וימכרם יהוה ביד יבין מלך כנען אשר מלך בחצור ושר צבאו סיסרא והוא יושב בחרשת הגוים׃
3 Og Israels-sønerne ropa til Herren; for Sisera hadde ni hundrad jarnvogner, og han trengde Israels-sønerne hardt i tjuge år.
ויצעקו בני ישראל אל יהוה כי תשע מאות רכב ברזל לו והוא לחץ את בני ישראל בחזקה עשרים שנה׃
4 I den tidi var Debora, kona åt Lappidot, domar i Israel. Ho var ei viskona,
ודבורה אשה נביאה אשת לפידות היא שפטה את ישראל בעת ההיא׃
5 og sat jamleg under eit palmetre millom Rama og Betel på Efraimsheidi - det treet vart heitande Deborapalma - og Israels-sønerne kom upp til henne, so ho skulde skifta rett millom deim.
והיא יושבת תחת תמר דבורה בין הרמה ובין בית אל בהר אפרים ויעלו אליה בני ישראל למשפט׃
6 Ho sende bod etter Barak, son åt Abinoam, frå Kedes i Naftalifylket, og sagde med honom: «Høyr no kva Herren, Israels Gud, segjer til deg: «Tak ut, og drag upp på Taborfjellet, og hav med deg ti tusund mann av Naftali- og Sebulons-ætterne!
ותשלח ותקרא לברק בן אבינעם מקדש נפתלי ותאמר אליו הלא צוה יהוה אלהי ישראל לך ומשכת בהר תבור ולקחת עמך עשרת אלפים איש מבני נפתלי ומבני זבלון׃
7 Og eg skal draga Sisera, hovdingen yver Jabins-heren, burtåt deg til Kisonåi med vognerne og heile horgi hans, og gjeva honom i dine hender.»»
ומשכתי אליך אל נחל קישון את סיסרא שר צבא יבין ואת רכבו ואת המונו ונתתיהו בידך׃
8 Då svara Barak: «Gjeng du med meg, so skal eg taka ut, men gjeng du ikkje med, so gjeng ikkje eg heller.»
ויאמר אליה ברק אם תלכי עמי והלכתי ואם לא תלכי עמי לא אלך׃
9 «Visst skal eg ganga med deg, » sagde Debora, «men då fær ikkje du æra for den ferdi du tek ut på; for Herren skal gjeva Sisera i kvendehand.» So gjorde ho seg reidug og vart med Barak til Kedes.
ותאמר הלך אלך עמך אפס כי לא תהיה תפארתך על הדרך אשר אתה הולך כי ביד אשה ימכר יהוה את סיסרא ותקם דבורה ותלך עם ברק קדשה׃
10 Og Barak stemnde Sebulon og Naftali i hop til Kedes; ti tusund mann fylgde etter honom, og Debora var med.
ויזעק ברק את זבולן ואת נפתלי קדשה ויעל ברגליו עשרת אלפי איש ותעל עמו דבורה׃
11 Den gongen hadde Heber, ein av kenitarne, som var ætta frå Hobab, verbror åt Moses, skilt lag med ætti si, og no flutte han med tjeldbuderne sine alt burt til Besa’annim-eiki som stend innmed Kedes.
וחבר הקיני נפרד מקין מבני חבב חתן משה ויט אהלו עד אלון בצענים אשר את קדש׃
12 Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren upp på Taborfjellet,
ויגדו לסיסרא כי עלה ברק בן אבינעם הר תבור׃
13 baud han ut stridsmagti si, og for med alle vognerne sine, ni hundrad jarnvogner, og alt folket han hadde med seg, frå Haroset-Haggojim til Kisonåi.
ויזעק סיסרא את כל רכבו תשע מאות רכב ברזל ואת כל העם אשר אתו מחרשת הגוים אל נחל קישון׃
14 Då sagde Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gjeva Sisera i dine hender. Veit du’kje at Herren gjeng fyre deg i striden?» So for Barak ned av Taborfjellet, og det fylgde honom ti tusund mann.
ותאמר דברה אל ברק קום כי זה היום אשר נתן יהוה את סיסרא בידך הלא יהוה יצא לפניך וירד ברק מהר תבור ועשרת אלפים איש אחריו׃
15 Og Herren sette ein støkk i Sisera og alle vognkjemporne og heile heren hans, so dei ikkje kunde standa seg for Barak og sverdet hans; då steig Sisera ned av vogni, og rømde på sin fot.
ויהם יהוה את סיסרא ואת כל הרכב ואת כל המחנה לפי חרב לפני ברק וירד סיסרא מעל המרכבה וינס ברגליו׃
16 Men Barak elte vognerne og heren alt til Haroset-Haggojim, og heile Sisera-heren fall for sverdet; det vart’kje att ein einaste mann.
וברק רדף אחרי הרכב ואחרי המחנה עד חרשת הגוים ויפל כל מחנה סיסרא לפי חרב לא נשאר עד אחד׃
17 Sisera rømde på sin fot til tjeldbudi hennar Jael, kona åt Heber, keniten; for det var fred millom Jabin, Hasor-kongen, og ætti åt Heber.
וסיסרא נס ברגליו אל אהל יעל אשת חבר הקיני כי שלום בין יבין מלך חצור ובין בית חבר הקיני׃
18 Og Jael gjekk ut imot Sisera, og sagde: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du tarv ikkje vera rædd!» Då gjekk han inn i tjeldbudi til henne, og ho gøymde honom under felden.
ותצא יעל לקראת סיסרא ותאמר אליו סורה אדני סורה אלי אל תירא ויסר אליה האהלה ותכסהו בשמיכה׃
19 So sagde han: «Kjære væne, gjev meg litt vatn! Eg er tyrst.» Då opna ho mjølkeflaska og gav honom drikka og breidde på honom.
ויאמר אליה השקיני נא מעט מים כי צמאתי ותפתח את נאוד החלב ותשקהו ותכסהו׃
20 Og han sagde til henne: «Statt i budøri, og kjem det einkvar og spør deg um her er nokon, so seg: Nei!»
ויאמר אליה עמד פתח האהל והיה אם איש יבוא ושאלך ואמר היש פה איש ואמרת אין׃
21 Då var det Jael, kona åt Heber, tok ein tjeldnagle, og gjekk stilt inn til Sisera med hamaren i handi, og med han, trøytt som han var, låg i fastaste svevnen, slo ho naglen gjenom tunnvangen hans, so han gjekk ned i jordi. Soleis døydde han.
ותקח יעל אשת חבר את יתד האהל ותשם את המקבת בידה ותבוא אליו בלאט ותתקע את היתד ברקתו ותצנח בארץ והוא נרדם ויעף וימת׃
22 I same bilet kom Barak og søkte etter Sisera. Då gjekk Jael ut imot honom og sagde: «Kom, so skal eg syna deg den mannen du leitar etter!» So gjekk han inn til henne, og då fekk han sjå at Sisera låg livlaus på jordi, med naglen gjenom tunnvangen.
והנה ברק רדף את סיסרא ותצא יעל לקראתו ותאמר לו לך ואראך את האיש אשר אתה מבקש ויבא אליה והנה סיסרא נפל מת והיתד ברקתו׃
23 Den dagen bøygde Gud Jabin i kne for Israel;
ויכנע אלהים ביום ההוא את יבין מלך כנען לפני בני ישראל׃
24 og Israels hand låg tyngre og tyngre på Jabin, Kana’ans-kongen, til dei reint gjorde ende på honom.
ותלך יד בני ישראל הלוך וקשה על יבין מלך כנען עד אשר הכריתו את יבין מלך כנען׃

< Dommernes 4 >