< Dommernes 20 >
1 Då tok alle Israels-sønerne ut, og heile lyden, frå Dan til Be’erseba og frå Gileadlandet, samla seg alle som ein mann framfor Herren i Mispa.
Then all the children of Israel went out, and the congregation was assembled as one man, from Dan even to Beersheba, with the land of Gilead, to the LORD at Mizpah.
2 Og dei gjævaste av heile folket, av alle Israels ætter, steig fram der Guds folk heldt møte, fire hundrad tusund i talet, alle gangføre og våpnføre menner.
The leaders of all the people, even of all the tribes of Israel, presented themselves in the assembly of the people of God, four hundred thousand footmen who drew sword.
3 Men Benjamins-sønerne fekk spurt at Israels-sønerne var farne upp til Mispa. Då sagde Israels-sønerne: «Seg frå korleis denne ugjerningi hev gjenge til!»
(Now the people of Benjamin heard that the children of Israel had gone up to Mizpah.) The children of Israel said, "Tell us, how did this wickedness happen?"
4 Og leviten, mannen åt den kona som var drept, tok til ords og sagde: «Eg og fylgjekona mi kom til Gibea i Benjamin, og vilde få hus der med natti.
The Levite, the husband of the woman who was murdered, answered and said, "I came into Gibeah that belongs to Benjamin, I and my secondary wife, to spend the night.
5 Men Gibea-mennerne baud vondt, og kringsette um natti huset eg var i; meg tenkte dei å drepa, og fylgjekona mi valdtok dei, so ho døydde.
And the leaders of Gibeah rose against me, and surrounded the house at night. They intended to kill me, and they raped my secondary wife, and she is dead.
6 Då tok eg fylgjekona mi, og lema henne sund, og sende luterne kring i heile Israels land og rike; for dei hadde gjort eit illverk og ei ugjerning i Israel.
I took my secondary wife, and cut her in pieces, and sent her throughout all the territory of the inheritance of Israel; for they have committed wickedness and disgrace in Israel.
7 No er de samla her, alle Israels menner! Kom no fram med dykkar meining og råd!»
Look, you children of Israel, all of you, give your advice and counsel here."
8 Då reiste folket seg, alle som ein mann, og sagde: «Ingen av oss skal draga burt til sitt tjeld, og ingen fara heim til sitt hus!
All the people arose as one man, saying, "None of us will go to his tent, neither will any of us return to his house.
9 Og so vil me gjera med Gibea: Byen skal under lutkast!
But now this is the thing which we will do to Gibeah: we will go up against it by lot;
10 No tek me ut ti mann for kvart hundrad av alle Israels ætter, og hundrad for kvart tusund, og tusund for kvart titusund; dei skal henta mat til hermennerne, so dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kann gjeva folket der like for den store ugjerningi dei hev gjort i Israel.»
and we will take ten men of one hundred throughout all the tribes of Israel, and one hundred of one thousand, and a thousand out of ten thousand, to get food for the people, those setting forth, that when they come to Gibeah of Benjamin they may repay all the disgrace that they have committed in Israel."
11 So samla dei seg, alle Israels menner, og drog imot byen, sameinte som ein mann.
So all the men of Israel gathered against the city, united as one man.
12 Og Israels-ætterne sende bod kring til alle ættgreiner i Benjamin og sagde: «Kva er dette for ei ugjerning som er gjord hjå dykk!
The tribes of Israel sent men through all the tribe of Benjamin, saying, "What wickedness is this that has happened among you?
13 Send ut til oss dei ukjurorne i Gibea, so me kann slå deim i hel og rydja det vonde ut or Israel!» Men Benjamins-sønerne vilde ikkje høyra på Israels-sønerne, brørne sine.
Now therefore deliver up the men, the wicked men who are in Gibeah, that we may put them to death, and put away evil from Israel." But the sons of Benjamin would not listen to the voice of their brothers, the children of Israel.
14 Dei kom i hop til Gibea frå alle bygderne sine, og vilde draga i strid mot Israels-sønerne.
The people of Benjamin gathered themselves together out of the cities to Gibeah, to go out to battle against the children of Israel.
15 Den dagen vart folket i Benjamins-bygderne mynstra: det var seks og tjuge tusund våpnføre mann, umfram Gibea-buarne; dei vart mynstra for seg, og var sju hundrad i talet, alle saman utvalde hermenner.
The people of Benjamin were numbered on that day out of the cities twenty-six thousand men who drew the sword, besides the inhabitants of Gibeah, who were numbered seven hundred chosen men.
16 Millom alt det folket fanst det sju hundrad utvalde hermenner som var keivhendte; alle desse høvde på eit hår med slyngja; ingen kasta i mist.
Among all this people there were seven hundred chosen men left-handed; everyone could sling stones at a hair and not miss.
17 Benjamin frårekna, mynstra Israels-sønerne fire hundrad tusund våpnføre mann som alle var herfolk.
The men of Israel, besides Benjamin, were numbered four hundred thousand men who drew sword: all these were men of war.
18 Dei gjorde seg reiduge, og gjekk upp til Betel, og spurde Gud: «Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot Benjamins-sønerne?» «Juda skal fyrst, » svara Herren.
The children of Israel arose, and went up to Bethel, and asked counsel of God; and they said, "Who shall go up for us first to battle against the people of Benjamin?" The LORD said, "Judah will go up first."
19 Um morgonen braut Israels-sønerne upp, og lægra seg midt imot Gibea.
The children of Israel rose up in the morning, and camped against Gibeah.
20 So gjekk dei fram til strid mot Benjamin, og fylkte heren sin imot deim burtåt Gibea.
The men of Israel went out to battle against Benjamin; and the men of Israel set the battle in array against them at Gibeah.
21 Då braut Benjamins-sønerne fram frå Gibea, og lagde den dagen tvo og tjuge tusund Israels-menner i marki.
The people of Benjamin came forth out of Gibeah, and destroyed down to the ground of the Israelites on that day twenty-two thousand men.
22 Og folket, Israels-mennerne, herde seg til, og fylkte seg atter på same staden som dei hadde fylkt seg fyrste gongen;
The people, the men of Israel, encouraged themselves, and set the battle again in array in the place where they set themselves in array the first day.
23 Israels-sønerne gjekk upp, og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds, og dei spurde Herren: «Skal me ganga fram att og strida mot Benjamin, bror vår?» «Far imot honom!» svara Herren.
The children of Israel went up and wept before the LORD until evening; and they asked of the LORD, saying, "Shall I again draw near to battle against the people of Benjamin my brother?" The LORD said, "Go up against him."
24 men då dei dagen etter gjekk fram imot Benjamins-sønerne,
The children of Israel came near against the people of Benjamin the second day.
25 for Benjamin andre gongen ut imot deim frå Gibea, og lagde endå attan tusund israelitar i marki, alle saman våpnføre menner.
Benjamin went forth against them out of Gibeah the second day, and destroyed down to the ground of the children of Israel again eighteen thousand men; all these drew the sword.
26 Då gjekk alle Israels-sønerne, heile folket, upp til Betel; der sat dei gråtande for Herrens åsyn, og fasta heile den dagen, alt til kvelds; og dei ofra brennoffer og fredsoffer for Herrens åsyn,
Then all the children of Israel, and all the people, went up, and came to Bethel, and wept, and sat there before the LORD, and fasted that day until evening; and they offered burnt offerings and peace offerings before the LORD.
27 og spurde Herren. For den gongen stod Guds sambandskista der,
The children of Israel asked of the LORD (for the ark of the covenant of God was there in those days,
28 Pinehas, son åt Eleazar og soneson åt Aron, gjorde den tid tenesta framfyr henne, og Israels-sønerne spurde: Skal me endå ein gong draga ut i striden mot Benjamin, bror vår, eller skal me lata vera? «Drag ut! I morgon vil eg gjeva honom i henderne dykkar, » svara Herren.
and Phinehas, the son of Eleazar, the son of Aaron, stood before it in those days), "Shall I yet again go out to battle against the people of Benjamin my brother, or shall I cease?" The LORD said, "Go up; for tomorrow I will deliver him into your hand."
29 Då lagde Israel folk i umsåt rundt ikring Gibea,
Israel set ambushes all around Gibeah.
30 og so for dei tridje venda mot Benjamins-sønerne, og fylkte seg burtåt Gibea, liksom dei fyrre gongerne.
The children of Israel went up against the people of Benjamin on the third day, and set themselves in array against Gibeah, as at other times.
31 Benjamins-sønerne for ut imot deim, og vart dregne burt ifrå byen; og liksom dei fyrre gongerne felte dei i fyrstningi nokre av folket på ålmannvegarne som ber uppetter, den eine til Betel og den andre yver marki til Gibea; det var um lag tretti Israels-menner dei fekk felt.
The people of Benjamin went out against the people, and were drawn away from the city; and they began to strike and kill some of the people, as at other times, on the highways, of which one goes up to Bethel, and the other to Gibeah, in the field, about thirty men of Israel.
32 Då sagde Benjamins-sønerne: «Dei ryk for oss no som fyrr!» Men Israels-sønerne sagde: «Lat oss røma, so me fær drege deim burt frå byen og ut på ålmannvegarne!»
The people of Benjamin said, "They are defeated before us, as previously." But the children of Israel said, "Let us flee, and draw them away from the city to the highways."
33 So tok alle Israels-mennerne ut frå stødet sitt og fylkte seg i Ba’al-Tamar, med umsåtmennerne braut fram frå sitt støde vestanfor Geba.
All the men of Israel rose up out of their place, and set themselves in array at Baal Tamar. And the men of Israel in ambush rushed out of their place west of Geba.
34 Og ti tusund utbladde stridsmenner av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Då vart det ein hard strid; men Benjamins-sønerne visste ikkje at ulukka var tett innpå deim.
There came over against Gibeah ten thousand chosen men out of all Israel, and the battle was severe; but they didn't know that disaster was close upon them.
35 Og Herren laga det so at Benjamin rauk for Israel; Israels-sønerne felte den dagen fem og tjuge tusund og eitt hundrad mann av Benjamins-ætti; alle desse var våpnføre.
The LORD struck Benjamin before Israel; and the children of Israel destroyed of Benjamin that day twenty-five thousand one hundred men: all armed with swords.
36 Benjamins-sønerne trudde fyrst at Israels-mennerne var slegne; for dei drog seg undan for Benjamin, men det var berre av di dei leit på umsåti dei hadde sett mot Gibea.
So the people of Benjamin saw that they were defeated; for the men of Israel gave ground to Benjamin, because they trusted the ambushers whom they had set against Gibeah.
37 Og no brårende umsåtmennerne fram mot Gibea, og trengde seg inn, og øydde heile byen med odd og egg.
The ambushers hurried, and rushed on Gibeah; and the ambushers drew themselves along, and struck all the city with the edge of the sword.
38 Israels-sønerne hadde gjort den avtalen med umsåtmennerne at dei skulde lata ein tett røyk stiga upp ifrå byen.
Now the appointed sign between the men of Israel and the ambushers was that they should make a great cloud of smoke rise up out of the city.
39 Då no Israels-sønerne snudde ryggen til i striden, og Benjamins-sønerne i fyrstningi felte nokre av deim - um lag tretti mann - og sagde: «Dei ryk for oss, som i den fyrste ota!»
The men of Israel turned in the battle, and Benjamin began to strike and kill of the men of Israel about thirty persons; for they said, "Surely they are defeated before us, as in the first battle."
40 då tok røyken til å stiga upp frå byen som ein stor stopul, og då benjaminitarne såg attum seg, fekk dei sjå at heile byen stod i ein loge, som slo upp mot himmelen.
But when the cloud began to arise up out of the city in a pillar of smoke, the Benjamites looked behind them; and look, the whole city went up in smoke into the sky.
41 I det same snudde Israels-mennerne um. Då vart Benjamins-mennerne forfærde; for dei såg at ulukka hadde nått deim.
The men of Israel turned, and the men of Benjamin were terrified; for they saw that disaster had come on them.
42 Dei vende seg og tok vegen til øydemarki for å koma undan Israels-mennerne; men striden fylgde deim fot og fet, og jamvel midt i byarne vart dei nedhogne, dei som åtte heime der.
Therefore they turned their backs before the men of Israel to the way of the wilderness; but the battle overtook them; and those who came out of the cities destroyed them in its midst.
43 Israels-mennerne ringa Benjamin inne, elte honom, og trakka honom ned der han kvilde, alt til dei var beint i aust for Gibea.
They surrounded Benjamin, and they pursued them from Nohah and overtook them near Gibeah toward the east.
44 Og det fall attan tusund mann av Benjamins-ætti; alle desse var djerve stridsmenner.
There fell of Benjamin eighteen thousand men; all these were men of valor.
45 So snudde dei um, og rømde til øydemarki, burtimot Rimmonshøgdi. Og Israels-mennerne felte på ålmannvegarne endå fem tusund mann; sidan sette dei etter deim til Gideon og felte tvo tusund til.
They turned and fled toward the wilderness to the rock of Rimmon: and they killed on the highways five thousand men, and followed hard after them to Gidom, and struck down two thousand men.
46 I alt var det fem og tjuge tusund våpnføre mann av Benjamins-ætti som fall den dagen; alle desse var djerve stridsmenner.
So that all who fell that day of Benjamin were twenty-five thousand swordsmen; all these were valiant fighters.
47 Då snudde dei um, og rømde ut i øydemarki, til Rimmonshøgdi, seks hundrad mann, og dei vart verande på Rimmonshøgdi i fire månader.
But six hundred men turned and fled toward the wilderness to the rock of Rimmon, and stayed in the rock of Rimmon four months.
48 Men Israels-mennerne for attende til Benjaminslandet, og øydde det med odd og egg; både byarne med sine folk, og bufeet, og alt det dei fann, og alle byarne som fanst der, sette dei eld på.
The men of Israel turned again on the people of Benjamin, and struck them with the edge of the sword, both the entire city, and the livestock, and all that they found: moreover all the cities which they found they set on fire.