< Dommernes 17 >

1 Mika heitte ein mann som budde i Efraimsheidi.
And there was a man of mount Ephraim, whose name was Micah.
2 Han sagde til mor si: «Dei elleve hundrad sylvdalarne som vart tekne frå deg - du lyste endå for den skuld ei våbøn, som eg høyrde på - dei pengarne er hjå meg; det er eg som hev teke deim; men no skal du få deim att.» «Herren velsigne deg, min son!» svara mori.
And he said unto his mother, The eleven hundred shekels of silver that were taken from you, about which you cursed, and spoke of also in mine ears, behold, the silver is with me; I took it. And his mother said, Blessed be you of the LORD, my son.
3 So gav han dei elleve hundrad sylvdalarne att til mor si. Då sagde ho: «Desse pengarne vigjer eg no til Herren, og gjev deim frå meg til bate for deg, min son, so du kann gjera eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til.»
And when he had restored the eleven hundred shekels of silver to his mother, his mother said, I had wholly dedicated the silver unto the LORD from my hand for my son, to make a graven image and a molten image: now therefore I will restore it unto you.
4 So tok ho tvo hundrad dalar av pengarne han kom att med, og gav deim til ein gullsmed, og han gjorde for deim eit gudsbilæte med eit støypt fotstykke til; det var sidan på garden hans Mika.
Yet he restored the money unto his mother; and his mother took two hundred shekels of silver, and gave them to the founder, who made thereof a graven image and a molten image: and they were in the house of Micah.
5 Og Mika vart slik mann at han fekk seg eit gudshus, og let gjera ei gullkåpa og husgudar, og sette ein av sønerne sine til å vera prest for seg.
And the man Micah had an house of gods, and made an ephod, and teraphim, and consecrated one of his sons, who became his priest.
6 I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar mann gjorde som han hadde hug til.
In those days there was no king in Israel, but every man did that which was right in his own eyes.
7 Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda; han var av Levi-ætti, av den greini som åtte heime i Judafylket, og der heldt han til.
And there was a young man out of Bethlehemjudah of the family of Judah, who was a Levite, and he sojourned there.
8 Den mannen flutte burt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og vilde finna seg ein verestad kvar det kunde høva. På ferdi si kom han til Efraimsheidi og til garden hans Mika,
And the man departed out of the city from Bethlehemjudah to sojourn where he could find a place: and he came to mount Ephraim to the house of Micah, as he journeyed.
9 og Mika spurde honom: «Kvar kjem du frå?» «Eg er ein levit frå Betlehem i Juda, » svara han, «og no er eg ute og ferdast, og vil finna meg ein verestad kvar det kann høva.»
And Micah said unto him, Whence come you? And he said unto him, I am a Levite of Bethlehemjudah, and I go to sojourn where I may find a place.
10 «Gjev deg til hjå meg!» sagde Mika, «og ver far og prest for meg! Eg skal gjeva deg ti sylvdalar for året, og halda deg med kost og klæde.» So steig leviten innanfor.
And Micah said unto him, Dwell with me, and be unto me a father and a priest, and I will give you ten shekels of silver by the year, and a suit of apparel, and your victuals. So the Levite went in.
11 Han gjekk med på å vera hjå mannen, og vart som ein av sønerne hans.
And the Levite was content to dwell with the man; and the young man was unto him as one of his sons.
12 Mika feste den unge leviten til prest for seg, og han vart verande i huset hans Mika.
And Micah consecrated the Levite; and the young man became his priest, and was in the house of Micah.
13 «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, » sagde Mika, «sidan eg hev fenge ein levit til prest.»
Then said Micah, Now know I that the LORD will do me good, seeing I have a Levite to my priest.

< Dommernes 17 >