< Dommernes 16 >
1 Ein gong kom Samson til Gaza; der fekk han sjå ei skjøkja, og gjekk inn til henne.
E Sansone andò a Gaza, vide quivi una meretrice, ed entrò da lei.
2 Då det spurdest bland folket i Gaza at Samson var komen der, ringa dei honom inne, og lurde på honom innmed byporten heile natti, men heldt seg elles rolege med natti var. «Me vil bia til det dagast; då skal me slå honom i hel, » tenkte dei.
Fu detto a que’ di Gaza: “Sansone è venuto qua”. Ed essi lo circondarono, stettero in agguato tutta la notte presso la porta della città, e tutta quella notte se ne stettero queti dicendo: “Allo spuntar del giorno l’uccideremo”.
3 Samson vart liggjande til midt på natti. Midnattsbil reis han upp. Han tok tak i hurderne i byporten og i båe portstolparne, og rykte deim upp i hop med bommen, lagde deim på herdarne, og bar deim upp på toppen av det fjellet som ligg midt for Hebron.
E Sansone si giacque fino a mezzanotte; e a mezzanotte si levò, diè di piglio ai battenti della porta della città e ai due stipiti, li divelse insieme con la sbarra, se li mise sulle spalle, e li portò in cima al monte ch’è dirimpetto a Hebron.
4 Sidan lagde han hug til ei kvinna i Sorekdalen, som heitte Dalila.
Dopo questo, s’innamorò di una donna della valle di Sorek, che si chiamava Delila.
5 Då kom filistarfyrstarne upp til henne og sagde: «Sjå um du kann få lokka honom til å segja deg kvar han hev den store styrken sin frå, og korleis me kann råda med honom og binda honom, so me fær døyvt honom! Då skal me gjeva deg tusund sylvdalar kvar, og meir.
E i principi de’ Filistei salirono da lei e le dissero: “Lusingalo e vedi dove risieda quella sua gran forza, e come potremmo prevalere contro di lui per giungere a legarlo e a domarlo; e ti daremo ciascuno mille e cento sicli d’argento”.
6 So sagde Dalila til Samson: «Kjære, seg meg kvar du hev den store styrken din frå, og korleis du kann bindast, so ein fær døyvt deg!»
Delila dunque disse a Sansone: “Dimmi, ti prego, dove risieda la tua gran forza, e in che modo ti si potrebbe legare per domarti”.
7 «Dersom dei bind meg med sju rå senestrengjer, som ikkje hev vorte turre, so veiknar eg og vert som eit anna menneskjebarn, » svara han.
Sansone le rispose: “Se mi si legasse con sette corde d’arco fresche, non ancora secche, io diventerei debole e sarei come un uomo qualunque”.
8 Då kom filistarfyrstarne upp til henne med sju rå senestrengjer, som ikkje hadde vorte turre; deim batt ho honom med,
Allora i principi de’ Filistei le portarono sette corde d’arco fresche, non ancora secche, ed ella lo legò con esse.
9 og i kammerset hadde ho folk sitjande og lura. So ropa ho: «filistarane er yver deg, Samson!» Då sleit han sund strengjerne, som ein strytråd brest når han kjem innåt elden, og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.
Or c’era gente che stava in agguato, da lei, in una camera interna. Ed ella gli disse: “Sansone, i Filistei ti sono addosso!” Ed egli ruppe le corde come si rompe un fil di stoppa quando sente il fuoco. Così il segreto della sua forza restò sconosciuto.
10 So sagde ho til honom: Du hev narra meg, og loge for meg. Kjære, seg meg no korleis du kann bindast!»
Poi Delila disse a Sansone: “Ecco tu m’hai beffata e m’hai detto delle bugie; or dunque, ti prego, dimmi con che ti si potrebbe legare”.
11 «Dersom dei bind meg vel med nye reip som aldri hev vore bruka til noko, so veiknar eg og vert som eit anna menneskjebarn, » svara han.
Egli le rispose: “Se mi si legasse con funi nuove che non fossero ancora state adoperate, io diventerei debole e sarei come un uomo qualunque”.
12 So tok Dalila nye reip og batt honom med, og ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» og i kammerset sat det folk og lurde. Men han sleit reipi av armarne sine, som det var tråd.
Delila prese dunque delle funi nuove, lo legò, e gli disse: “Sansone, i Filistei ti sono addosso”. L’agguato era posto nella camera interna. Ed egli ruppe, come un filo, le funi che aveva alle braccia.
13 Då sagde Dalila til honom: «Til dessa hev du narra meg og loge for meg! Seg no korleis du kann bindast!» «Dersom du vev dei sju hårflettorne mine inn i veven!» svara han.
Delila disse a Sansone: “Fino ad ora tu m’hai beffata e m’hai detto delle bugie; dimmi con che ti si potrebbe legare”. Ed egli le rispose: “Non avresti che da tessere le sette trecce del mio capo col tuo ordìto”.
14 So slo ho ått med vevskeidi, og ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» Då vakna han or svevnen, og rykte ut både vevskeidi og varpet.
Essa le fissò al subbio, poi gli disse: “Sansone, i Filistei ti sono addosso”. Ma, egli si svegliò dal sonno, e strappò via il subbio del telaio con l’ordìto.
15 So sagde ho til honom: «Korleis kann du segja du hev meg kjær, når du ikkje hev tiltru til meg? No hev du narra meg tri gonger og ikkje sagt meg kvar du hev den store styrken din frå!»
Ed ella gli disse: “Come fai a dirmi: T’amo! mentre il tuo cuore non è con me? Già tre volte m’hai beffata, e non m’hai detto dove risiede la tua gran forza”.
16 Som ho no tagg og truga dag etter dag, og aldri let honom få fred, vart han so leid seg at han vilde mest døy,
Or avvenne che, premendolo ella ogni giorno con le sue parole e tormentandolo, egli se ne accorò mortalmente,
17 og so opna han heile sitt hjarta for henne: «Det hev aldri kome saks på mitt hovud, » sagde han; «for eg hev vore vigd til Gud alt ifrå morsliv. Vert eg raka, so fer styrken min frå meg; eg veiknar og vert som alle andre menneskjeborn.»
e le aperse tutto il cuor suo e le disse: “Non è mai passato rasoio sulla mia testa, perché sono un nazireo, consacrato a Dio, dal seno di mia madre; se fossi tosato, la mia forza se ne andrebbe, diventerei debole, e sarei come un uomo qualunque”.
18 Då skyna Dalila at han hadde sagt henne heile sanningi; ho sende bod etter filistarfyrstarne, og sagde: «Kom her upp! For denne gongen hev han sagt meg heile sanningi.» Då kom filistarfyrstarne upp til henne, og hadde pengarne med seg.
Delila, visto ch’egli le aveva aperto tutto il cuor suo, mandò a chiamare i principi de’ Filistei, e fece dir loro: “Venite su, questa volta, perché egli m’ha aperto tutto il suo cuore”. Allora i principi dei Filistei salirono da lei, e portaron seco il danaro.
19 So svævde ho Samson i fanget sitt, og ropa på ein mann ho hadde sitjande der, og let honom klyppa dei sju hårflettorne hans; då tok han til å veikna, og styrken hans for frå honom.
Ed ella lo addormentò sulle sue ginocchia, chiamò l’uomo fissato, e gli fece tosare le sette trecce della testa di Sansone; così giunse a domarlo; e la sua forza si partì da lui.
20 Og Dalila ropa: «Filistarane er yver deg, Samson!» Då vakna han or svevnen, og tenkte: «Eg skal gjera meg fri og rista meg laus, som so mang ein gong fyrr; » for han visste ikkje at Herren hadde vendt seg ifrå honom.
Allora ella gli disse: “Sansone, i Filistei ti sono addosso”. Ed egli, svegliatosi dal sonno, disse: “Io ne uscirò come le altre volte, e mi svincolerò”. Ma non sapeva che l’Eterno s’era ritirato da lui.
21 Filistarane tok Samson, og stakk ut augo på honom, og førde han ned til Gaza; der batt dei honom med dubbel koparlekkja, og han laut sveiva handkverni i fangehuset.
E i Filistei lo presero e gli cavaron gli occhi; lo fecero scendere a Gaza, e lo legarono con catene di rame. Ed egli girava la macina nella prigione.
22 Men håret hans tok til å veksa sterkt med same det var klypt.
Intanto, la capigliatura che gli avean tosata, cominciava a ricrescergli.
23 So kom Filistarfyrstarne i hop, og bar fram eit stort offer for Dagon, guden sin, og heldt fest; «for, » sagde dei, «vår gud hev gjeve Samson, vår uven, i vår magt.»
Or i principi dei Filistei si radunarono per offrire un gran sacrifizio a Dagon, loro dio, e per rallegrarsi. Dicevano: “Il nostro dio ci ha dato nelle mani Sansone, nostro nemico”.
24 og då folket såg honom, lova dei guden sin, og kvad: I handi vår gav guden vår uvenen vår, han som øydde landet vårt han som drap ned folket vårt.
E quando il popolo lo vide, cominciò a lodare il suo dio e a dire: “Il nostro dio ci ha dato nelle mani il nostro nemico, colui che ci devastava il paese e che ha ucciso tanti di noi”.
25 Som dei no var komne på godlag, ropa dei: «Henta Samson hit, so han kann leika for oss!» Då henta dei Samson or fangehuset, og han laut leika for deim. Dei sette honom millom stolparne.
E nella gioia del cuor loro, dissero: “Chiamate Sansone, che ci faccia divertire!” Fecero quindi uscir Sansone dalla prigione, ed egli si mise a fare il buffone in loro presenza. Lo posero fra le colonne;
26 Då sagde Samson til guten som leidde honom: «Slepp meg, og lat meg få halda i dei stolparne som huset kviler på, og stydja meg innåt deim!»
e Sansone disse al fanciullo, che lo teneva per la mano: “Lasciami, ch’io possa toccar le colonne sulle quali posa la casa, e m’appoggi ad esse”.
27 Men huset var fullt av menner og kvinnor; alle filistarfyrstarne var der, og på taket var det um lag tri tusund menner og kvinnor, som såg på med Samson leika.
Or la casa era piena d’uomini e di donne; e tutti i principi de’ Filistei eran quivi; e c’eran sul tetto circa tremila persone, fra uomini e donne, che stavano a guardare mentre Sansone faceva il buffone.
28 Og Samson kalla på Herren og sagde: «Herre, min Gud, kom meg i hug, og styrk meg denne eine gongen, min Gud, so eg fær hemnt meg på filistarane for eitt av dei tvo augo mine!»
Allora Sansone invocò, l’Eterno e disse: “O Signore, o Eterno, ti prego, ricordati di me! Dammi forza per questa volta soltanto, o Dio, perch’io mi vendichi in un colpo solo de’ Filistei, per la perdita de’ miei due occhi”.
29 So femnde han kringum båe midstolparne som huset kvilde på, og klemde deim innåt seg, ein med høgre, og ein med vinstre handi.
E Sansone abbracciò le due colonne di mezzo, sulle quali posava la casa; s’appoggiò ad esse: all’una con la destra, all’altra con la sinistra, e disse:
30 «Lat meg døy i hop med filistarane!» sagde han, og tok i med all si magt; då ramla huset i hop yver fyrstarne og yver alt folket som var der, og dei som han drap då han døydde, var fleire enn dei han hadde drepe med han livde.
“Ch’io muoia insieme coi Filistei!” Si curvò con tutta la sua forza, e la casa rovinò addosso ai principi e a tutto il popolo che v’era dentro; talché più ne uccise egli morendo, che non ne avea uccisi da vivo.
31 Men brørne hans og alt skyldfolket kom og tok honom, og førde honom heim, og sette honom ned i gravstaden åt Manoah, far hans, millom Sora og Estaol. Då hadde han styrt Israel i tjuge år.
Poi i suoi fratelli e tutta la casa di suo padre scesero e lo portaron via; quindi risalirono, e lo seppellirono fra Tsorea ed Eshtaol nel sepolcro di Manoah suo padre. Egli era stato giudice d’Israele per venti anni.