< Dommernes 11 >

1 Jefta frå Gilead var ei gjæv kjempa. Han var son åt ei skjøkja, men Gilead var far hans.
Then Gilead begate Iphtah, and Iphtah the Gileadite was a valiant man, but the sonne of an harlot.
2 Med kona si hadde Gilead og søner; då dei vart vaksne, jaga dei Jefta burt, og sagde til honom: «Du fær ingen lut i arven etter far vår; for du er son åt ei framand kvinna.»
And Gileads wife bare him sonnes, and when the womans children were come to age, they thrust out Iphtah, and sayd vnto him, Thou shalt not inherite in our fathers house: for thou art the sonne of a strange woman.
3 Då rømde Jefta for brørne sine, og sette seg ned i Tob-land, og det samla seg mange lause karar ikring honom, og var med honom på ferderne hans.
Then Iphtah fledde from his brethren, and dwelt in the land of Tob: and there gathered idle fellowes to Iphtah, and went out with him.
4 So leid det av ei tid; då var det ammonitarne gjorde åtak på Israel,
And in processe of time the children of Ammon made warre with Israel.
5 og då ammonitarne bar våpn mot Israel, tok styresmennerne i Gilead ut, og vilde henta Jefta heim frå Tob-land.
And when the children of Ammon fought with Israel, the Elders of Gilead went to fet Iphtah out of the land of Tob.
6 «Kom og ver føraren vår, » sagde dei med honom, «so vil me strida mot ammonitarne!»
And they saide vnto Iphtah, Come and be our captaine, that we may fight with the children of Ammon.
7 «Var det’kje de som hata meg, og dreiv meg burt frå heimen min?» svara Jefta; «kvi kjem de då til meg no som de er i naud?»
Iphtah then answered the Elders of Gilead, Did not ye hate me, and expell me out of my fathers house? how then come you vnto me now in time of your tribulation?
8 «Difor er det me no kjem att til deg, » svara styresmennerne: «Gjeng du med oss og strider mot ammonitarne, so skal du vera hovdingen vår og styra alle Gileads-buarne.»
Then the Elders of Gilead saide vnto Iphtah, Therefore we turne againe to thee now, that thou mayest goe with vs, and fight against the children of Ammon, and bee our head ouer all the inhabitants of Gilead.
9 Då sagde Jefta til styresmennerne i Gilead: «Vert eg med dykk heim, og strider mot ammonitarne, og Herren gjev deim i mi magt, skal eg so vera hovdingen dykkar?»
And Iphtah said vnto the Elders of Gilead, If ye bring me home againe to fight against the children of Ammon, if the Lord giue them before me, shall I be your head?
10 Og dei svara: «Herren skal vera vårt vitne at me i eit og alt vil gjera som du segjer!»
And the Elders of Gilead saide to Iphtah, The Lord be witnesse betweene vs, if we doe not according to thy wordes.
11 Då gjekk Jefta med styresmennerne; folket sette honom til sin hovding og førar, og i Mispa tok han upp att alle ordi sine for Herrens åsyn.
Then Iphtah went with the Elders of Gilead, and the people made him head and captaine ouer them: and Iphtah rehearsed all his wordes before the Lord in Mizpeh.
12 So sende han bod til ammonitarkongen, og sagde: «Hev me noko ubytt, eg og du, sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»
Then Iphtah sent messengers vnto the king of the children of Ammon, saying, What hast thou to doe with me, that thou art come against me, to fight in my lande?
13 Då sagde ammonitarkongen til sendemennerne åt Jefta: «Då Israel kom frå Egyptarland, tok dei landet mitt, frå Arnon til Jabbok og til Jordan. Gjev det no att med godo!»
And the King of the children of Ammon answered vnto the messengers of Iphtah, Because Israel tooke my lande, when they came vp from Egypt, from Arnon vnto Iabbok, and vnto Iorden: now therefore restore those lands quietly.
14 Og Jefta sende endå ein gong bod til ammonitarkongen
Yet Iphtah sent messengers againe vnto the King of the children of Ammon,
15 med dei ordi: «So segjer Jefta: «Israel hev ikkje teke land frå Moab eller frå Ammon.
And said vnto him, Thus saith Iphtah, Israel tooke not the lande of Moab, nor the lande of the children of Ammon.
16 På vegen frå Egyptarland for Israel igjenom øydemarki til Sevhavet og kom til Kades.
But when Israel came vp from Egypt, and walked through the wildernesse vnto the redde Sea, then they came to Kadesh.
17 Då sende dei bod til kongen i Edom, og sagde: «Kjære, lat oss få fara gjenom landet ditt!» Men Edom-kongen høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei og bod; men han vilde ikkje heller. So gav dei seg til i Kades.
And Israel sent messengers vnto the king of Edom, saying, Let me, I pray thee, goe thorowe thy lande: but the King of Edom woulde not consent: and also they sent vnto the King of Moab, but he would not: therefore Israel abode in Kadesh.
18 Sidan heldt dei fram gjenom øydemarki. Dei for utanikring Edomitarlandet og Moabitarlandet, til dei kom austanum Moab, og lægra seg på hi sida Arnon; dei kom ikkje inn på Moabs grunn; for Arnon er landskilet åt Moab.
Then they went through the wildernesse, and compassed the lande of Edom, and the lande of Moab, and came by the Eastside of the lande of Moab, and pitched on the other side of Arnon, and came not within the coast of Moab: for Arnon was the border of Moab.
19 So sende Israel bod til Sihon, amoritarkongen, kongen i Hesbon, og sagde: «Kjære, lat oss få fara gjenom landet ditt, so me kjem dit me skal!»
Also Israel sent messengers vnto Sihon, King of the Amorites, the King of Heshbon, and Israel said vnto him, Let vs passe, we pray thee, by thy lande vnto our place.
20 Men Sihon trudde ikkje Israel so vel at han torde lata dei fara gjenom riket sitt; han samla heile heren sin, og dei lægra seg i Jahsa, og gav seg i strid med Israel.
But Sihon consented not to Israel, that he shoulde goe through his coast: but Sihon gathered all his people together, and pitched in Iahaz, and fought with Israel.
21 Og Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile heren hans i Israels hender; Israel slo deim, og lagde under seg alle amoritarbygderne der i landet;
And the Lord God of Israel gaue Sihon and all his folke into the handes of Israel, and they smote them: so Israel possessed all the lande of the Amorites, the inhabitants of that countrey:
22 heile Amoritarriket lagde dei under seg, frå Arnon til Jabbok, og frå øydemarki til Jordan.
And they possessed all the coast of the Amorites, from Arnon vnto Iabbok, and from the wildernesse euen vnto Iorden.
23 So hev då Herren, Israels Gud, teke landet frå amoritarne og gjeve det til folket sitt, til Israel, og no vil du eigna det til deg!
Nowe therefore the Lord God of Israel hath cast out the Amorites before his people Israel, and shouldest thou possesse it?
24 Er det’kje so at det som Kamos, guden din, let deg vinna, det eignar du til deg, og alt det som Herren, vår Gud, gjer rydigt for oss, det eignar me til oss?
Wouldest not thou possesse that which Chemosh thy god giueth thee to possesse? So whomesoeuer the Lord our God driueth out before vs, them will we possesse.
25 Er då du so mykje betre enn Balak Sipporsson, Moabs-kongen? Trætta han med Israel, eller tok på deim?
And art thou nowe farre better then Balak the sonne of Zippor King of Moab? did he not striue with Israel and fight against them,
26 No er det tri hundrad år sidan Israel busette seg i Hesbon og dei bygderne som ligg umkring, og i Aroer, og bygdarne der umkring og i alle byarne langsmed Arnon; kvi hev de’kje teke deim att i all den tidi?
When Israel dwelt in Heshbon and in her townes, and in Aroer and in her townes, and in all the cities that are by the coastes of Arnon, three hundreth yeeres? why did ye not then recouer them in that space?
27 Eg hev ikkje gjort deg noko vondt; men du gjer meg stor urett med di du tek på meg. Herren, som er den øvste domaren, skal i dag døma millom Israel og Ammon.»»
Wherefore, I haue not offended thee: but thou doest me wrong to warre against me. The Lord the Iudge be iudge this day betweene the children of Israel, and the children of Ammon.
28 Men ammonitarkongen vilde ikkje høyra på det bodet Jefta sende honom.
Howbeit the King of the children of Ammon hearkened not vnto the wordes of Iphtah, which he had sent him.
29 Då kom Herrens Ande yver Jefta, og han for gjenom Gilead og Manasse; so for han fram til Gileadvarden, og Gileadvarden for han fram imot ammonitarne.
Then the Spirite of the Lord came vpon Iphtah, and he passed ouer to Gilead and to Manasseh, and came to Mizpeh in Gilead, and from Mizpeh in Gilead he went vnto the children of Ammon.
30 Og Jefta gjorde ein lovnad til Herren, og sagde: «Gjev du ammonitarne i henderne mine,
And Iphtah vowed a vowe vnto the Lord, and said, If thou shalt deliuer the children of Ammon into mine handes,
31 då skal den som gjeng ut or husdøri mi og møter meg når eg kjem vel heim att frå ammonitarne, då skal den høyra Herren til; eg skal ofra honom til eit brennoffer.»
Then that thing that commeth out of the doores of mine house to meete me, when I come home in peace from the children of Ammon, shall be the Lordes, and I will offer it for a burnt offering.
32 So for han fram imot ammonitarne, og stridde mot deim, og Herren gav deim i henderne hans.
And so Iphtah went vnto the children of Ammon to fight against them, and the Lord deliuered them into his handes.
33 Han slo deim, og elte deim frå Aroer til burtimot Minnit, og tok tjuge byar ifrå deim; sidan elte han deim alt til Abel-Keramim, det vart eit stort mannefall på deim. Då laut Ammons-sønerne bøygja seg under Israel.
And he smote them from Aroer euen till thou come to Minnith, twentie cities, and so foorth to Abel of the vineyardes, with an exceeding great slaughter. Thus the children of Ammon were humbled before the children of Israel.
34 Då Jefta kom heim att til garden sin i Mispa, gjekk dotter hans ut imot honom, og fagna honom med trummor og dans; ho var einaste barnet hans; umfram henne hadde han’kje anten son eller dotter.
Nowe when Iphtah came to Mizpeh vnto his house, beholde, his daughter came out to meete him with timbrels and daunces, which was his onely childe: he had none other sonne, nor daughter.
35 Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund klædi sine, og ropa: «Gud trøyste oss, mi dotter! for ei sorg du veld meg! for ei ulukke du fører meg i! Eg hev gjort so dyr ein lovnad til Herren, og eg kann ikkje taka att ordet mitt.»
And when hee sawe her, hee rent his clothes, and saide, Alas my daughter, thou hast brought me lowe, and art of them that trouble me: for I haue opened my mouth vnto the Lord, and can not goe backe.
36 Då sagde ho til honom: «Far, hev du gjort so dyr ein lovnad til Herren, so gjer det med meg som du gav ordet ditt på, sidan Herren let deg få hemn yver ammonitarne, uvenerne dine!
And she said vnto him, My father, if thou hast opened thy mouth vnto the Lord, doe with me as thou hast promised, seeing that the Lord hath auenged thee of thine enemies the children of Ammon.
37 Men ein ting vilde eg gjerne skulde gjerast for meg, » sagde ho med far sin: «Lat meg vera fri tvo månader, so vil eg ganga ned på heidarne med venorne mine og gråta yver mitt unge liv, eg som lyt fara burt møy!»
Also she saide vnto her father, Doe thus much for me: suffer me two moneths, that I may goe to the mountaines, and bewaile my virginitie, I and my fellowes.
38 «Gjer so!» svara han, og sagde ho kunde vera burte tvo månader. So gjekk ho med venorne sine, og gret på heidarne yver sitt unge liv.
And he sayde, Goe: and he sent her away two moneths: so she went with her companions, and lamented her virginitie vpon the moutaines.
39 Men då tvo månader var lidne, kom ho att til far sin, og då gjorde han med henne det som han hadde lova; og ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan vart det sed i Israel
And after the ende of two moneths, she turned againe vnto her father, who did with her according to his vowe which he had vowed, and she had knowen no man. and it was a custome in Israel:
40 at Israels-døtterne år for år gjeng av og syng minnekvede um dotter åt Jefta frå Gilead, fire dagar um året.
The daughters of Israel went yere by yere to lament the daughter of Iphtah the Gileadite, foure dayes in a yeere.

< Dommernes 11 >