< Johannes 4 >
1 Då no Jesus fekk vita at farisæarane hadde høyrt han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes
When Jesus realized that the Pharisees were aware He was gaining and baptizing more disciples than John
2 - endå det var ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinarne hans -
(although it was not Jesus who baptized, but His disciples),
3 so tok han ut frå Judæa og for til Galilæa att.
He left Judea and returned to Galilee.
4 Han laut fara gjenom Samaria,
Now He had to pass through Samaria.
5 og kom då til ein by i Samaria som heiter Sykar og ligg tett ved den marki som Jakob gav Josef, son sin.
So He came to a town of Samaria called Sychar, near the plot of ground that Jacob had given to his son Joseph.
6 Der var Jakobs-kjelda. Jesus var trøytt etter ferdi, og sette seg beint ned der innmed kjelda; det var ikring den sette timen.
Since Jacob’s well was there, Jesus, weary from His journey, sat down by the well. It was about the sixth hour.
7 Då kjem det ei kvinna frå Samaria og vil draga upp vatn. Jesus segjer til henne: «Lat meg få drikka!»
When a Samaritan woman came to draw water, Jesus said to her, “Give Me a drink.”
8 For læresveinarne hans hadde gjenge inn til byen og skulde kjøpa mat.
(His disciples had gone into the town to buy food.)
9 «Korleis hev det seg, » segjer den samaritanske kvinna, «at du, som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinna, um drikka?» - for jødarne hev ikkje nokoslag samlag med samaritanarne.
“You are a Jew,” said the woman. “How can You ask for a drink from me, a Samaritan woman?” (For Jews do not associate with Samaritans.)
10 Jesus svara: «Dersom du kjende Guds gåva, og visste kven han er, han som bed deg um drikka, so bad du honom, og han gav deg livande vatn.»
Jesus answered, “If you knew the gift of God and who is asking you for a drink, you would have asked Him, and He would have given you living water.”
11 «Herre, » segjer kvinna, «du hev ingen ting å draga upp med, og brunnen er djup! Kvar hev du då det livande vatnet frå?
“Sir,” the woman replied, “You have nothing to draw with and the well is deep. Where then will You get this living water?
12 Er då du større enn Jakob, ættfaren vår, som hev gjeve oss brunnen? han hev sjølv drukke av honom, og sønerne og feet hans med.»
Are You greater than our father Jacob, who gave us this well and drank from it himself, as did his sons and his livestock?”
13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att,
Jesus said to her, “Everyone who drinks this water will be thirsty again.
14 men den som drikk av det vatnet eg vil gjeva honom, vert aldri tyrst meir; for det vatnet eg gjev honom, vert i honom til ei kjelda med vatn som vell upp til ævelegt liv.» (aiōn , aiōnios )
But whoever drinks the water I give him will never thirst. Indeed, the water I give him will become in him a fount of water springing up to eternal life.” (aiōn , aiōnios )
15 «Herre, » sagde kvinna, «gjev meg det vatnet, so eg ikkje vert tyrst meir, og ikkje treng koma alt hit og draga upp vatn!»
The woman said to Him, “Sir, give me this water so that I will not get thirsty and have to keep coming here to draw water.”
16 Han segjer til henne: «Gakk og henta mannen din, og kom hit att!»
Jesus told her, “Go, call your husband and come back.”
17 «Eg hev ingen mann, » svara kvinna. «Det er rett som du segjer, at du ikkje hev nokon mann, » sagde Jesus;
“I have no husband,” the woman replied. Jesus said to her, “You are correct to say that you have no husband.
18 «for du hev havt fem menner, og den du hev no, er ikkje din mann. No sagde du sant.»
In fact, you have had five husbands, and the man you now have is not your husband. You have spoken truthfully.”
19 «Herre, eg ser at du er ein profet!» sagde kvinna.
“Sir,” the woman said, “I see that You are a prophet.
20 «Federne våre tilbad Gud på dette fjellet, og de segjer at det er i Jerusalem ein skal tilbeda honom.»
Our fathers worshiped on this mountain, but you Jews say that the place where one must worship is in Jerusalem.”
21 Jesus segjer til henne: «Tru meg, kvinna; det kjem ei tid då de ikkje skal tilbeda Faderen på dette fjellet og ikkje i Jerusalem heller.
“Believe Me, woman,” Jesus replied, “a time is coming when you will worship the Father neither on this mountain nor in Jerusalem.
22 De tilbed det de ikkje kjenner, me tilbed det me kjenner; for frelsa kjem frå jødarne.
You worship what you do not know; we worship what we do know, for salvation is from the Jews.
23 Men det kjem ei tid, og ho hev alt kome, då dei rette tilbedarane skal tilbeda Faderen i ånd og sanning; for slike tilbedarar er det Faderen vil hava.
But a time is coming and has now come when the true worshipers will worship the Father in spirit and in truth, for the Father is seeking such as these to worship Him.
24 Gud er ånd, og dei som tilbed honom, lyt tilbeda i ånd og sanning.»
God is Spirit, and His worshipers must worship Him in spirit and in truth.”
25 Kvinna segjer til honom: «Eg veit at Messias kjem» - Messias er det same som Kristus -; «når han kjem, skal han læra oss alt.»
The woman said, “I know that Messiah” (called Christ) “is coming. When He comes, He will explain everything to us.”
26 Jesus segjer til henne: «Det er eg - eg som talar med deg.»
Jesus answered, “I who speak to you am He.”
27 I det same kom læresveinarne hans. Dei undra seg yver at han tala med ei kvinna; like vel var det ingen som sagde: «Kva vil du henne?» eller: «Kvi talar du med henne?»
Just then His disciples returned and were surprised that He was speaking with a woman. But no one asked Him, “What do You want from her?” or “Why are You talking with her?”
28 So let kvinna vatskrukka si standa, og gjekk av stad til byen og sagde til folki:
Then the woman left her water jar, went back into the town, and said to the people,
29 «Kom, so skal de sjå ein mann som hev sagt meg alt eg hev gjort! Skal tru han er Messias?»
“Come, see a man who told me everything I ever did. Could this be the Christ?”
30 Då gjekk dei ut or byen. Med dei var på vegen til honom,
So they left the town and made their way toward Jesus.
31 bad læresveinarne honom: «Et, rabbi!»
Meanwhile the disciples urged Him, “Rabbi, eat something.”
32 Han svara: «Eg hev ein mat som ikkje de veit um.»
But He told them, “I have food to eat that you know nothing about.”
33 Då sagde læresveinarne seg imillom: «Tru nokon hev bore mat til honom?»
So the disciples asked one another, “Could someone have brought Him food?”
34 Jesus segjer til deim: «Min mat er at eg gjer det han vil som sende meg, og fullfører hans verk.
Jesus explained, “My food is to do the will of Him who sent Me and to finish His work.
35 Segjer ikkje de: «Det er endå fire månader fyrr hausten kjem?» Men høyr kva eg segjer dykk: Lyft upp augo dykkar og skoda åkrane, korleis dei alt gulnar mot hausten.
Do you not say, ‘There are still four months until the harvest’? I tell you, lift up your eyes and look at the fields, for they are ripe for harvest.
36 Den som haustar fær løn, og samlar grøda til ævelegt liv, so dei skal få gleda seg saman både den som sår og den som haustar. (aiōnios )
Already the reaper draws his wages and gathers a crop for eternal life, so that the sower and the reaper may rejoice together. (aiōnios )
37 For her høver det ordet: «Det er ein som sår og ein annan som haustar.»
For in this case the saying ‘One sows and another reaps’ is true.
38 Eg hev sendt dykk ut til å hausta det som de ikkje hev havt noko arbeidt med; andre hev havt arbeidet, og de hev gjenge inn i arbeidet deira.»
I sent you to reap what you have not worked for; others have done the hard work, and now you have taken up their labor.”
39 Det var mange av samaritanarne frå den byen som trudde på honom for det som kvinna hadde sagt då ho vitna: «Han hev sagt meg alt eg hev gjort!»
Many of the Samaritans from that town believed in Jesus because of the woman’s testimony, “He told me everything I ever did.”
40 Då no samaritanarne kom til honom, bad dei at han vilde vera hjå deim, og han vart verande der tvo dagar.
So when the Samaritans came to Him, they asked Him to stay with them, and He stayed two days.
41 Og mange fleire trudde for skuld ordet han tala,
And many more believed because of His message.
42 og dei sagde til kvinna: «No trur me’kje lenger for skuld det du hev tala; for me hev sjølve høyrt honom og veit no for visst at han er den som skal frelsa verdi.»
They said to the woman, “We now believe not only because of your words; we have heard for ourselves, and we know that this man truly is the Savior of the world.”
43 Då dei tvo dagarne var lidne, tok han ut derifrå og for til Galilæa;
After two days, Jesus left for Galilee.
44 for Jesus vitna sjølv at ein profet vert ikkje æra i sitt eige fedreland.
Now He Himself had testified that a prophet has no honor in his own hometown.
45 Då han no kom til Galilæa, tok galilæarane vel imot honom; dei hadde set alt det han gjorde i Jerusalem på høgtidi; for dei var sjølve komne til høgtidi.
Yet when He arrived, the Galileans welcomed Him. They had seen all the great things He had done in Jerusalem at the feast, for they had gone there as well.
46 So kom han då atter til Kana i Galilæa, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongsmann som hadde ein sjuk son.
So once again He came to Cana in Galilee, where He had turned the water into wine. And there was a royal official whose son lay sick at Capernaum.
47 Då han fekk høyra at Jesus hadde teke ut frå Judæa og var komen til Galilæa, gjekk han til honom og bad at han vilde koma ned og lækja son hans; for han låg på det siste.
When he heard that Jesus had come from Judea to Galilee, he went and begged Him to come down and heal his son, who was about to die.
48 Jesus svara: «Ser de’kje teikn og under, so trur de ikkje.»
Jesus said to him, “Unless you people see signs and wonders, you will never believe.”
49 Kongsmannen segjer til honom: «Herre, kom ned innan barnet mitt døyr!»
“Sir,” the official said, “come down before my child dies.”
50 Jesus segjer til honom: «Gakk heim att! Son din liver.» Mannen trudde det Jesus sagde til honom og gjekk.
“Go,” said Jesus. “Your son will live.” The man took Jesus at His word and departed.
51 Då han alt var på heimvegen, kom tenarane hans imot honom og sagde at guten hans livde.
And while he was still on the way, his servants met him with the news that his boy was alive.
52 So spurde han deim kva tid det hadde vorte betre med honom. «I går den sjuande timen slepte sotti honom, » sagde dei.
So he inquired as to the hour when his son had recovered, and they told him, “The fever left him yesterday at the seventh hour.”
53 Då skyna faren at det var i den same timen som Jesus hadde sagt til honom: «Son din liver, » og han trudde, både han og heile hans hus.
Then the father realized that this was the very hour in which Jesus had told him, “Your son will live.” And he and all his household believed.
54 Dette var det andre teiknet Jesus gjorde då han no atter kom frå Judæa til Galilæa.
This was now the second sign that Jesus performed after coming from Judea into Galilee.