< Johannes 18 >

1 Då Jesus hadde tala desse ordi, gjekk han ut med læresveinarne sine og yver til hi sida av Kedronsbekken. Der var det ein hage; den gjekk han og læresveinarne inn i.
Ταῦτα εἰπὼν, ˚Ἰησοῦς ἐξῆλθεν σὺν τοῖς μαθηταῖς αὐτοῦ πέραν τοῦ χειμάρρου τοῦ Κεδρὼν, ὅπου ἦν κῆπος, εἰς ὃν εἰσῆλθεν αὐτὸς καὶ οἱ μαθηταὶ αὐτοῦ.
2 Men Judas, svikaren, kjende og den staden; for der kom Jesus ofte saman med læresveinarne sine.
ἬΙδει δὲ καὶ Ἰούδας, ὁ παραδιδοὺς αὐτὸν, τὸν τόπον, ὅτι πολλάκις συνήχθη ˚Ἰησοῦς μετὰ τῶν μαθητῶν αὐτοῦ. Ἐκεῖ
3 Judas hadde fenge med seg vaktmannskapet og nokre av sveinarne åt øvsteprestarne og farisæarane, og no kom han dit med kyndlar og lampor og våpn.
ὁ οὖν Ἰούδας λαβὼν τὴν σπεῖραν, καὶ ἐκ τῶν ἀρχιερέων καὶ Φαρισαίων ὑπηρέτας, ἔρχεται ἐκεῖ μετὰ φανῶν, καὶ λαμπάδων, καὶ ὅπλων.
4 Som no Jesus visste alt som skulde koma yver honom, gjekk han fram og sagde til deim: «Kven leitar de etter?»
˚Ἰησοῦς οὖν εἰδὼς πάντα τὰ ἐρχόμενα ἐπʼ αὐτὸν, ἐξελθὼν εἶπεν αὐτοῖς, “Τίνα ζητεῖτε;”
5 «Jesus frå Nasaret, » svara dei. «Det er eg, » segjer han. Judas, svikaren, stod der og saman med deim.
Ἀπεκρίθησαν αὐτῷ, “˚Ἰησοῦν τὸν Ναζωραῖον.” Λέγει αὐτοῖς, “Ἐγώ εἰμι.” ˚Ἰησοῦς εἱστήκει δὲ καὶ Ἰούδας, ὁ παραδιδοὺς αὐτὸν, μετʼ αὐτῶν.
6 Då han no sagde til deim: «Det er eg», for dei attende og fall til jordi.
Ὡς οὖν εἶπεν αὐτοῖς, “Ἐγώ εἰμι”, ἀπῆλθαν εἰς τὰ ὀπίσω καὶ ἔπεσαν χαμαί.
7 So spurde han deim endå ein gong: «Kven leitar de etter?» - «Jesus frå Nasaret, » sagde dei.
Πάλιν οὖν ἐπηρώτησεν αὐτούς, “Τίνα ζητεῖτε;” Οἱ δὲ εἶπον, “˚Ἰησοῦν τὸν Ναζωραῖον.”
8 «Eg hev alt sagt dykk at det er eg, » svara Jesus; «er det då meg de leitar etter, so lat desse få ganga!»
Ἀπεκρίθη ˚Ἰησοῦς, “Εἶπον ὑμῖν ὅτι ἐγώ εἰμι. Εἰ οὖν ἐμὲ ζητεῖτε, ἄφετε τούτους ὑπάγειν”·
9 Soleis skulde det sannast det ordet som han hadde sagt: «Eg hev ikkje mist nokon av deim du gav meg.»
ἵνα πληρωθῇ ὁ λόγος ὃν εἶπεν, ὅτι “Οὓς δέδωκάς μοι, οὐκ ἀπώλεσα ἐξ αὐτῶν οὐδένα.”
10 Simon Peter hadde eit sverd; han drog det og hogg til tenaren åt øvstepresten, og sneidde av honom det høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.
Σίμων οὖν Πέτρος ἔχων μάχαιραν, εἵλκυσεν αὐτὴν καὶ ἔπαισεν τὸν τοῦ ἀρχιερέως δοῦλον, καὶ ἀπέκοψεν αὐτοῦ τὸ ὠτάριον τὸ δεξιόν. Ἦν δὲ ὄνομα τῷ δούλῳ Μάλχος.
11 Då sagde Jesus til Peter: «Stikk sverdet ditt i slira! Lyt eg’kje drikka den skåli som Far min hev gjeve meg?»
Εἶπεν οὖν ὁ ˚Ἰησοῦς τῷ Πέτρῳ, “Βάλε τὴν μάχαιραν εἰς τὴν θήκην· τὸ ποτήριον ὃ δέδωκέν μοι ὁ Πατὴρ, οὐ μὴ πίω αὐτό;”
12 So tok dei og batt Jesus - det var vaktmannskapet og hovdingen deira og sveinarne åt jødarne.
Ἡ οὖν σπεῖρα, καὶ ὁ χιλίαρχος, καὶ οἱ ὑπηρέται τῶν Ἰουδαίων, συνέλαβον τὸν ˚Ἰησοῦν καὶ ἔδησαν αὐτὸν.
13 Dei førde honom fyrst til Annas; for han var verfar åt Kajafas, som var øvsteprest det året.
Καὶ ἤγαγον πρὸς Ἅνναν πρῶτον, ἦν γὰρ πενθερὸς τοῦ Καϊάφα, ὃς ἦν ἀρχιερεὺς τοῦ ἐνιαυτοῦ ἐκείνου.
14 Det var Kajafas som hadde gjeve jødarne den rådi, at det var best ein mann døydde for folket.
Ἦν δὲ Καϊάφας ὁ συμβουλεύσας τοῖς Ἰουδαίοις ὅτι συμφέρει ἕνα ἄνθρωπον ἀποθανεῖν ὑπὲρ τοῦ λαοῦ.
15 Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Den læresveinen var kjend med øvstepresten, og kom med Jesus inn i garden åt øvstepresten;
Ἠκολούθει δὲ τῷ ˚Ἰησοῦ Σίμων Πέτρος καὶ ἄλλος μαθητής. Ὁ δὲ μαθητὴς ἐκεῖνος ἦν γνωστὸς τῷ ἀρχιερεῖ, καὶ συνεισῆλθεν τῷ ˚Ἰησοῦ εἰς τὴν αὐλὴν τοῦ ἀρχιερέως.
16 men Peter vart standande utanfor, ved døri. Den andre læresveinen, han som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med gjenta som vakta porten, og fekk Peter inn.
Ὁ δὲ Πέτρος εἱστήκει πρὸς τῇ θύρᾳ ἔξω. Ἐξῆλθεν οὖν ὁ μαθητὴς ὁ ἄλλος ὁ ἦν γνωστὸς τοῦ ἀρχιερέως, καὶ εἶπεν τῇ θυρωρῷ καὶ εἰσήγαγεν τὸν Πέτρον.
17 So segjer portnargjenta til Peter: «Du skulde vel ikkje og vera ein av læresveinarne åt denne mannen?» «Nei, » svara han.
Λέγει οὖν ἡ παιδίσκη ἡ θυρωρὸς τῷ Πέτρῳ, “Μὴ καὶ σὺ ἐκ τῶν μαθητῶν εἶ τοῦ ἀνθρώπου τούτου;” Λέγει ἐκεῖνος, “Οὐκ εἰμί.”
18 Huskararne og sveinarne hadde gjort upp ein koleld og stod og vermde seg; for det var kaldt. Og Peter stod og hjå deim og vermde seg.
Εἱστήκεισαν δὲ οἱ δοῦλοι καὶ οἱ ὑπηρέται, ἀνθρακιὰν πεποιηκότες, ὅτι ψῦχος ἦν, καὶ ἐθερμαίνοντο· ἦν δὲ καὶ ὁ Πέτρος μετʼ αὐτῶν ἑστὼς καὶ θερμαινόμενος.
19 Øvstepresten spurde no Jesus um læresveinarne hans og um læra hans.
Ὁ οὖν ἀρχιερεὺς ἠρώτησεν τὸν ˚Ἰησοῦν περὶ τῶν μαθητῶν αὐτοῦ, καὶ περὶ τῆς διδαχῆς αὐτοῦ.
20 Jesus svara: «Eg hev tala fritt og ope for all verdi; eg lærde allstødt i synagoga og i templet, der alle jødarne kjem saman, og eg hev aldri tala i løynd.
Ἀπεκρίθη αὐτῷ ˚Ἰησοῦς, “Ἐγὼ παρρησίᾳ λελάληκα τῷ κόσμῳ· ἐγὼ πάντοτε ἐδίδαξα ἐν συναγωγῇ καὶ ἐν τῷ ἱερῷ, ὅπου πάντες οἱ Ἰουδαῖοι συνέρχονται, καὶ ἐν κρυπτῷ ἐλάλησα οὐδέν.
21 Kvi spør du meg? Spør deim som hev høyrt meg, kva det er eg hev tala til deim! Dei veit kva eg hev sagt.»
Τί με ἐρωτᾷς; Ἐρώτησον τοὺς ἀκηκοότας τί ἐλάλησα αὐτοῖς· ἴδε, οὗτοι οἴδασιν ἃ εἶπον ἐγώ.”
22 Då han sagde det, gav ein av sveinarne som stod innmed, Jesus eit slag i andlitet og sagde: «Svarar du øvstepresten so?»
Ταῦτα δὲ αὐτοῦ εἰπόντος, εἷς παρεστηκὼς τῶν ὑπηρετῶν ἔδωκεν ῥάπισμα τῷ ˚Ἰησοῦ εἰπών, “Οὕτως ἀποκρίνῃ τῷ ἀρχιερεῖ;”
23 «Hev eg sagt noko urett, » svara Jesus, «so prova at det er urett; men var det rett det eg sagde, kvi slær du meg då?»
Ἀπεκρίθη αὐτῷ ˚Ἰησοῦς, “Εἰ κακῶς ἐλάλησα, μαρτύρησον περὶ τοῦ κακοῦ· εἰ δὲ καλῶς, τί με δέρεις;”
24 So sende Annas han bunden av stad til Kajafas, øvstepresten.
Ἀπέστειλεν οὖν αὐτὸν ὁ Ἅννας, δεδεμένον πρὸς Καϊάφαν τὸν ἀρχιερέα.
25 Medan stod Simon Peter og vermde seg. Då sagde dei til honom: «Du skulde vel ikkje vera ein av læresveinarne hans, du og?» Han neitta det og sagde: «Nei, det er eg ikkje.»
Ἦν δὲ Σίμων Πέτρος ἑστὼς καὶ θερμαινόμενος. Εἶπον οὖν αὐτῷ, “Μὴ καὶ σὺ ἐκ τῶν μαθητῶν αὐτοῦ εἶ;” Ἠρνήσατο ἐκεῖνος καὶ εἶπεν, “Οὐκ εἰμί.”
26 So segjer ein av huskararne åt øvstepresten - han var skyld den som Peter hadde hogge øyra av -: «Såg eg deg ikkje sjølv i lag med honom i hagen?»
Λέγει εἷς ἐκ τῶν δούλων τοῦ ἀρχιερέως, συγγενὴς ὢν οὗ ἀπέκοψεν Πέτρος τὸ ὠτίον, “Οὐκ ἐγώ σε εἶδον ἐν τῷ κήπῳ μετʼ αὐτοῦ;”
27 Då neitta Peter att. Og med det same gol hanen.
Πάλιν οὖν ἠρνήσατο Πέτρος, καὶ εὐθέως ἀλέκτωρ ἐφώνησεν.
28 Frå Kajafas fører dei Jesus til borgi. Det var tidleg på morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borgi; for dei vilde ikkje gjera seg ureine, so dei ikkje kunde eta påskematen.
Ἄγουσιν οὖν τὸν ˚Ἰησοῦν ἀπὸ τοῦ Καϊάφα εἰς τὸ πραιτώριον· ἦν δὲ πρωΐ. Καὶ αὐτοὶ οὐκ εἰσῆλθον εἰς τὸ πραιτώριον, ἵνα μὴ μιανθῶσιν, ἀλλὰ φάγωσιν τὸ Πάσχα.
29 So gjekk Pilatus ut til deim og sagde: «Kva er det for klagemål de fører mot denne mannen?»
Ἐξῆλθεν οὖν ὁ Πιλᾶτος ἔξω πρὸς αὐτοὺς καὶ φησίν, “Τίνα κατηγορίαν φέρετε κατὰ τοῦ ἀνθρώπου τούτου;”
30 «Var han ikkje ein illgjerdsmann, so hadde me ikkje gjeve honom yver til deg, » svara dei.
Ἀπεκρίθησαν καὶ εἶπαν αὐτῷ, “Εἰ μὴ ἦν οὗτος κακὸν ποιῶν, οὐκ ἄν σοι παρεδώκαμεν αὐτόν.”
31 Då sagde Pilatus til deim: «Tak de honom og døm honom etter lovi dykkar!» «Me hev ikkje lov til å taka livet av nokon, » svara jødarne.
Εἶπεν οὖν αὐτοῖς Πιλᾶτος, “Λάβετε αὐτὸν ὑμεῖς, καὶ κατὰ τὸν νόμον ὑμῶν, κρίνατε αὐτόν.” Εἶπον αὐτῷ οἱ Ἰουδαῖοι, “Ἡμῖν οὐκ ἔξεστιν ἀποκτεῖναι οὐδένα”·
32 Soleis skulde det sannast det ordet Jesus hadde sagt då han vitra um kva slag avferd han skulde få.
ἵνα ὁ λόγος τοῦ ˚Ἰησοῦ πληρωθῇ, ὃν εἶπεν, σημαίνων ποίῳ θανάτῳ ἤμελλεν ἀποθνῄσκειν.
33 So gjekk Pilatus inn i borgi att; han kalla Jesus fyre seg og sagde til honom: «Er du kongen yver jødarne?»
Εἰσῆλθεν οὖν πάλιν εἰς τὸ πραιτώριον ὁ Πιλᾶτος, καὶ ἐφώνησεν τὸν ˚Ἰησοῦν καὶ εἶπεν αὐτῷ, “Σὺ εἶ ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων;”
34 Jesus svara: «Segjer du det av deg sjølv, eller hev andre tala soleis til deg um meg?»
Ἀπεκρίθη ˚Ἰησοῦς, “Ἀπὸ σεαυτοῦ σὺ τοῦτο λέγεις, ἢ ἄλλοι εἶπόν σοι περὶ ἐμοῦ;”
35 «Er då eg ein jøde?» svara Pilatus; «folket ditt og øvsteprestarne hev gjeve deg yver til meg. Kva hev du gjort?»
Ἀπεκρίθη ὁ Πιλᾶτος, “Μήτι ἐγὼ Ἰουδαῖός εἰμι; Τὸ ἔθνος τὸ σὸν καὶ οἱ ἀρχιερεῖς παρέδωκάν σε ἐμοί. Τί ἐποίησας;”
36 Jesus svara: «Mitt rike er ikkje av denne verdi; var riket mitt av denne verdi, so vilde sveinarne mine strida for meg, so eg ikkje skulde koma i henderne på jødarne. Men no er’kje riket mitt av denne verdi.»
Ἀπεκρίθη ˚Ἰησοῦς, “Ἡ βασιλεία ἡ ἐμὴ οὐκ ἔστιν ἐκ τοῦ κόσμου τούτου· εἰ ἐκ τοῦ κόσμου τούτου ἦν ἡ βασιλεία ἡ ἐμή, οἱ ὑπηρέται οἱ ἐμοὶ ἠγωνίζοντο ἄν, ἵνα μὴ παραδοθῶ τοῖς Ἰουδαίοις. Νῦν δὲ ἡ βασιλεία ἡ ἐμὴ οὐκ ἔστιν ἐντεῦθεν.”
37 «Men so er du då ein konge?» sagde Pilatus. Jesus svara: «Det er som du segjer; eg er ein konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verdi, at eg skal vitna for sanningi. Kvar den som er av sanningi, lyder på mi røyst.»
Εἶπεν οὖν αὐτῷ ὁ Πιλᾶτος, “Οὐκοῦν βασιλεὺς εἶ σύ;” Ἀπεκρίθη ὁ ˚Ἰησοῦς, “Σὺ λέγεις ὅτι βασιλεύς εἰμι Ἐγὼ. εἰς τοῦτο γεγέννημαι, καὶ εἰς τοῦτο ἐλήλυθα εἰς τὸν κόσμον, ἵνα μαρτυρήσω τῇ ἀληθείᾳ. Πᾶς ὁ ὢν ἐκ τῆς ἀληθείας, ἀκούει μου τῆς φωνῆς.”
38 «Kva er sanning?» svara Pilatus, og med so sagt gjekk han ut att til jødarne og sagde til deim: «Eg finn ingi skuld hjå honom;
Λέγει αὐτῷ ὁ Πιλᾶτος, “Τί ἐστιν ἀλήθεια;” Καὶ τοῦτο εἰπὼν, πάλιν ἐξῆλθεν πρὸς τοὺς Ἰουδαίους, καὶ λέγει αὐτοῖς, “Ἐγὼ οὐδεμίαν εὑρίσκω ἐν αὐτῷ αἰτίαν.
39 men de er vane med at eg gjev dykk ein fri på påskehøgtidi - vil de då at eg skal gjeva dykk kongen yver jødarne fri?»
Ἔστιν δὲ συνήθεια ὑμῖν, ἵνα ἕνα ἀπολύσω ὑμῖν ἐν τῷ Πάσχα· βούλεσθε οὖν ἀπολύσω ὑμῖν τὸν Βασιλέα τῶν Ἰουδαίων;”
40 Men dei ropa alle på nytt: «Ikkje han, men Barabbas!» Barabbas, det var ein røvar.
Ἐκραύγασαν οὖν πάλιν λέγοντες, “Μὴ τοῦτον, ἀλλὰ τὸν Βαραββᾶν!” Ἦν δὲ ὁ Βαραββᾶς λῃστής.

< Johannes 18 >