< Jobs 7 >

1 Ja, mannen hev ein strid på jordi; hans dagar gjeng som leigedagar.
人生在世,豈不像服兵役﹖人的歲月,豈不像傭工的時日﹖
2 Som trælen lengtar etter skugge, og leigekar på løni ventar,
有如奴工切望陰涼,傭工期待工資:
3 so fekk eg månader av vonbrot og næter fulle utav møda.
這樣,我也只有承受失意的歲月,為我注定的苦痛長夜。
4 Eg segjer når eg gjeng til kvile: «Når skal eg atter standa upp?» Og kvelden vert so lang, so lang: Eg ligg uroleg alt til dagsprett.
我臥下時說:「幾時天亮﹖」我起來時又說:「黑夜何時到﹖」我整夜輾轉反側,直到天亮。
5 Og makk og sår min likam dekkjer, og hudi skorpnar og bryt upp att.
我的肉身以蛆蟲與泥皮為衣,我的皮膚破裂流膿。
6 Mi tid fer snøggar’ enn ein skutel, og ho kverv utan nokor von.
我的日月速於織梭,也因無希望而中斷。
7 Hugs på: mitt liv er som ein pust; mitt auga ser’kje lukka meir.
請你記住:我的生命無非像一口氣,我的眼再也見不到幸福。
8 Snart er eg løynd for alle augo; du fåfengt stirer etter meg.
注目於我的,再也見不到我;你的眼看我時、我已不在了。
9 Som skyi framum fer og kverv, so ingen att frå helheim vender, (Sheol h7585)
他去了,好像雲消霧散;下到陰府的,再也不得上來, (Sheol h7585)
10 snur ei attende til sitt hus; hans heimstad kjenner han’kje meir.
不再回家,本鄉也不認識他。
11 Difor vil’kje munnen stagga, men tala i min djupe hugverk og klaga i mi sjælenaud.
為此,我不能再閉口不言,我要吐露我心靈的憂愁,陳述我靈魂的苦楚。
12 Er eg eit hav, er eg ein drake, med di du vaktar so på meg?
我豈是海洋或海怪﹖你竟派遣警衛把守我。
13 Eg tenkjer: «Lægjet skal meg lindra, og sengi letta suti mi» -
我若想:「我的床榻會寬慰我,我的臥舖會減輕我的痛苦。」
14 då skræmer du meg upp med draumar, og støkkjer meg med ville syner,
你就以噩夢擾亂我,以異像驚嚇我。
15 so at eg heller ville kjøvast, ja døy, enn vera slik ei beingrind.
我的心靈寧願窒息,寧死不願受此苦痛。
16 D’er nok! Eg liver ikkje æveleg; Haldt upp! Mitt liv er som ein pust.
我已筋疲力盡,活不下去。任憑我去罷! 因為我的日月僅是一口氣。
17 Kva er ein mann, at du han vyrder og retter tanken din på honom,
人算什麼,你竟如此顯揚他,將他置諸心頭,
18 heimsøkjer honom kvar ein morgon, ransakar honom kvar ei stund?
天天早晨看護他,時刻不斷考察他﹖
19 Når tek du frå meg auga ditt? Meg slepper med eg svelgjar råken?
你到何時纔不注視我,而讓我輕鬆咽一下唾沫﹖
20 Hev eg gjort synd, kva gjer eg deg, du som på mannen vaktar stødt? Kvi hev du meg til skiva valt? So eg hev vorte meg ei byrd?
監察人者啊! 我犯罪與你何干﹖為何叫我當你的箭靶,使我成為你的重擔﹖
21 Kvi gjev du ikkje syndi til? Kvi ansar du på mine brot? No sig eg snart i moldi ned; og leitar du, so er eg burte.»
為何你不肯容忍我的過錯,寬赦我的罪惡﹖不久我將臥在塵土中,任你尋找我,我已不在了。

< Jobs 7 >