2«Eg skynar at du allting kann; for deg er ingen plan umogleg.
ידעת (ידעתי) כי-כל תוכל ולא-יבצר ממך מזמה
3Kven vil uvitug myrkja rådgjerd? Eg tala som ein fåvis mann um under som eg ikkje fata.
מי זה מעלים עצה-- בלי-דעת לכן הגדתי ולא אבין נפלאות ממני ולא אדע
4Å høyr no, lat meg få tala! Eg vil deg spyrja, lær du meg!
שמע-נא ואנכי אדבר אשאלך והודיעני
5Fyrr høyrd’ eg berre gjete deg, no ser eg deg med eigne augo.
לשמע-אזן שמעתיך ועתה עיני ראתך
6Difor eg tek det i meg att og tregar djupt i mold og oska.»
7Då no Herren hadde tala desse ordi til Job, sagde han til Elifaz frå Teman: «Eg er harm på deg og dei tvo venerne dine, av di de hev ikkje tala rett um meg soleis som Job, tenaren min.
8Tak difor sju uksar og sju verar, og gakk til Job, tenaren min, og ofra brennoffer for dykk; og lat Job, tenaren min, beda for dykk! For berre honom vil eg taka til nåde, so eg ikkje gjer ulukka på dykk, for de ikkje hev tala rett um meg soleis som Job, tenaren min.»
9Og Elifaz frå Teman og Bildad frå Suah og Sofar frå Na’ama gjekk av stad og gjorde so som Herren hadde sagt til deim, og Herren høyrde Jobs bøn.
10No vende Herren lagnaden for Job, då han bad for venerne sine; og alt det Job hadde ått, fekk han tvifald att.
11Og alle brørne og systerne hans kom til honom, og like eins alle dei kjenningar han fyrr hadde havt, og dei åt og drakk med honom i huset hans. Og synte honom medynk og trøysta honom for all den ulukka som Herren ført yver honom, og kvar av deim gav honom ein gullpening og ein gullring.
12Og Herren velsigna den siste livetidi åt Job meir enn den fyrste; han fekk fjortan tusund sauer og seks tusund kamelar og tusund par uksar og tusund asnor.