< Jobs 39 >
1 Steingeiti, veit du når ho kidar? Vaktar du riderne åt hindi?
Knowest thou the time when the wilde goates bring foorth yong? or doest thou marke when the hindes doe calue?
2 Tel måna’rne dei gjeng med unge, og kjenner du deira fødetid?
Canst thou nomber the moneths that they fulfill? or knowest thou the time when they bring foorth?
3 Dei bøygjer seg, fø’r sine ungar, so er det slutt med deira rider.
They bow them selues: they bruise their yong and cast out their sorowes.
4 På marki kidi veks seg store, spring burt og kjem’kje att til deim.
Yet their yong waxe fatte, and growe vp with corne: they goe foorth and returne not vnto them.
5 Kven let villasnet renna fritt, tok bandet av det skjerre dyr,
Who hath set the wilde asse at libertie? or who hath loosed the bondes of the wilde asse?
6 som eg gav øydemark til heim, den salte steppa til ein bustad?
It is I which haue made the wildernesse his house, and the salt places his dwellings.
7 Det lær åt byen med sitt ståk, slepp høyra skjenn frå drivaren.
He derideth the multitude of the citie: he heareth not the crie of the driuer.
8 Det finn seg beite millom fjell, og leitar upp kvart grøne strå.
He seeketh out the mountaine for his pasture, and searcheth after euery greene thing.
9 Skal tru villuksen vil deg tena, og natta yver ved di krubba?
Will the vnicorne serue thee? or will he tary by thy cribbe?
10 Kann du til fori honom tøyma, horvar han dalar etter deg?
Canst thou binde the vnicorne with his band to labour in the furrowe? or will he plowe the valleyes after thee?
11 Lit du på honom for hans styrke? Og yverlet du han ditt arbeid?
Wilt thou trust in him, because his strength is great, and cast off thy labour vnto him?
12 Trur du han til å føra grøda heim og draga henne inn i løda?
Wilt thou beleeue him, that he will bring home thy seede, and gather it vnto thy barne?
13 Struss-hoa flaksar kåt med vengen, men viser fjør og veng morskjærleik?
Hast thou giuen the pleasant wings vnto the peacockes? or winges and feathers vnto the ostriche?
14 Nei, ho legg sine egg på jordi, og let so sanden verma deim;
Which leaueth his egges in the earth, and maketh them hote in the dust,
15 ho gløymer at ein fot kann treda og villdyr trakka deim i kras.
And forgetteth that the foote might scatter the, or that the wild beast might breake the.
16 Hardt fer ho åt med sine ungar, som var dei ikkje hennar eigne; for fåfengt stræv ho ikkje ræddast.
He sheweth himselfe cruell vnto his yong ones, as they were not his, and is without feare, as if he trauailed in vaine.
17 For Gud let henne gløyma visdom, han ei tiletla henne vit.
For God had depriued him of wisedom, and hath giuen him no part of vnderstanding.
18 Men når ho baskar seg i veg, ho lær åt både hest og mann.
When time is, he mounteth on hie: he mocketh the horse and his rider.
19 Skal tru um du gjev hesten kraft og klæder halsen hans med mån?
Hast thou giuen the horse strength? or couered his necke with neying?
20 Let du han som grashoppen springa alt med han frøser skræmeleg.
Hast thou made him afraid as the grashopper? his strong neying is fearefull.
21 Glad i si kraft han marki skrapar og fer so fram mot væpna flokk.
He diggeth in the valley, and reioyceth in his strength: he goeth foorth to meete the harnest man.
22 Han urædd er og lær åt rædsla, for sverdet ei han vender um,
He mocketh at feare, and is not afraid, and turneth not backe from the sworde,
23 det skranglar pilhus yver honom, det blenkjer spjot til styng og skot.
Though the quiuer rattle against him, the glittering speare and the shield.
24 Med ståk og bråk han slukar jordi, ustyrleg når stridsluren gjeng.
He swalloweth the ground for fearcenes and rage, and he beleeueth not that it is the noise of the trumpet.
25 Han kneggjar: «Hui!» når luren læt, han verar striden langan leid, med skrik frå hovdingar og herrop!
He sayth among the trumpets, Ha, ha: hee smellleth the battell afarre off, and the noyse of the captaines, and the shouting.
26 Flyg hauken upp ved ditt forstand og spilar vengjerne mot sud?
Shall the hauke flie by thy wisedome, stretching out his wings toward the South?
27 Stig ørnen høgt av di du byd, og byggjer reiret sitt i høgdi?
Doeth the eagle mount vp at thy commandement, or make his nest on hie?
28 Han bur på berg og held seg der, på kvasse tind og høge nut.
Shee abideth and remaineth in the rocke, euen vpon the toppe of the rocke, and the tower.
29 Derfrå han spæjar etter mat, hans augo yver viddi skodar.
From thence she spieth for meate, and her eyes beholde afarre off.
30 Hans ungar gløypar i seg blod; der det finst lik, der er han og.»
His young ones also sucke vp blood: and where the slaine are, there is she.