< Jobs 14 >
1 Sjå - menneskjet, av kvinna født, det liver stutt, av uro mett.
婦の産む人はその日少なくして艱難多し
2 Som blom det sprett og visnar burt, ja, lik ein skugge burt det fer.
その來ること花のごとくにして散り 其馳ること影のごとくにして止まらず
3 Men du med honom auga held, og meg du dreg for domen din.
なんぢ是のごとき者に汝の目を啓きたまふや 汝われを汝の前にひきて審判したまふや
4 Skal tru det av ein urein kjem ein som er rein? Nei, ikkje ein!
誰か清き物を汚れたる物の中より出し得る物あらん 一人も無し
5 Når dagetalet hans er sett, hans månads-tal sett fast hjå deg, når du for han ei grensa drog som ei han yverskrida kann,
その日既に定まり その月の數なんぢに由り 汝これが區域を立て越ざらしめたまふなれば
6 so snu deg frå, lat han få fred og ha sin dag som leigekaren!
是に目を離して安息を得させ 之をして傭人のその日を樂しむがごとくならしめたまへ
7 For treet er det endå von; um det vert det hogge, sprett det att, på renningar det vantar ikkje.
それ木には望あり 假令砍るるとも復芽を出してその枝絶ず
8 Når røterne i jordi eldest, og stomnen døyr i turre mold,
たとひ其根地の中に老い 幹土に枯るとも
9 ved dåm av vatnet skyt det knupp, fær som ein stikling grøne greiner.
水の潤霑にあへば即ち芽をふき枝を出して若樹に異ならず
10 Men døyr ein mann, då ligg han der; han andast, og kvar er han då?
然ど人は死れば消うす 人氣絶えなば安に在んや
11 Som vatnet renn ut or ein sjø, som elvi minkar, turkast ut,
水は海に竭き河は涸てかわく
12 so ligg ein mann, ris ikkje upp; til himmeln kverv, dei vaknar ikkje; ein kann’kje vekkja deim or svevnen.
是のごとく人も寢臥てまた興ず 天の盡るまで目覺ず睡眠を醒さざるなり
13 Å, gjev du gøymde meg i helheim, løynde meg, til din vreide gav seg, gav meg ein frest, og so meg hugsa! (Sheol )
願はくは汝われを陰府に藏し 汝の震怒の息むまで我を掩ひ 我ために期を定め而して我を念ひたまへ (Sheol )
14 Tru mannen døyr og livnar att? I all min strid eg skulde vona og venta til avløysing kom.
人もし死ばまた生んや 我はわが征戰の諸日の間望みをりて我が變更の來るを待ん
15 Eg skulde svara, når du ropa og lengta mot dine eige verk.
なんぢ我を呼びたまはん 而して我こたへん 汝かならず汝の手の作を顧みたまはん
16 Men no du tel kvart stig eg tek og agtar vel på syndi mi;
今なんぢは我に歩履を數へたまふ 我罪を汝うかがひたまはざらんや
17 mi synd er læst i pungen inn, og på mi skuld du gøymer vel!
わが愆は凡て嚢の中に封じてあり汝わが罪を縫こめたまふ
18 Som fjellet fell og smuldrast burt, og berget frå sin stad vert flutt,
それ山も倒れて終に崩れ巖石も移りてその處を離る
19 Som vatnet holar steinen ut, og flaumen skolar moldi burt, so tek du ifrå mannen voni
水は石を鑿ち 浪は地の塵を押流す 汝は人の望を斷たまふ
20 og tyngjer honom ned for alltid. Han fer av stad; med åsyn rengd du sender honom burt frå deg.
なんぢは彼を永く攻なやまして去ゆかしめ 彼の面容の變らせて逐やりたまふ
21 Han veit’kje um hans born vert heidra; han merkar ikkje um dei armast;
その子尊貴なるも彼は之を知ず 卑賤なるもまた之を曉らざるなり
22 Hans eigen kropp hans liding valdar, og sjæli græt for eigi sorg.»
只己みづからその肉に痛苦を覺え己みづからその心に哀く而已