< Esaias 64 >

1 Gjev du reiv himmelen sund og steig ned, so fjelli skalv for di åsyn,
utinam disrumperes caelos et descenderes a facie tua montes defluerent
2 som elden fatar i risved, elden set vatnet i kok, til å kunngjera namnet ditt for dine motmenn, so folki laut skjelva for di åsyn,
sicut exustio ignis tabescerent aquae arderent igni ut notum fieret nomen tuum inimicis tuis a facie tua gentes turbarentur
3 når du gjorde skræmeverk, som me ikkje venta - å, steig du ned, so fjelli skalv for di åsyn!
cum feceris mirabilia non sustinebimus descendisti et a facie tua montes defluxerunt
4 Aldri hev nokon spurt eller høyrt, aldri hev auga set nokon annan gud enn du gjera soleis med deim som ventar på honom.
a saeculo non audierunt neque auribus perceperunt oculus non vidit Deus absque te quae praeparasti expectantibus te
5 Du kjem imot dei som gjer rettferd med gleda, dei som kjem deg i hug på vegarne dine. Sjå, du vart harm, og me synda; so var det med oss frå gamalt, kann me verta frelste?
occurristi laetanti et facienti iustitiam in viis tuis recordabuntur tui ecce tu iratus es et peccavimus in ipsis fuimus semper et salvabimur
6 Me vart alle i hop som ein urein, og all vår rettferd som eit tilsulka plagg, som lauvet visna me alle saman, og våre skuld bles oss burt som vinden.
et facti sumus ut inmundus omnes nos quasi pannus menstruatae universae iustitiae nostrae et cecidimus quasi folium universi et iniquitates nostrae quasi ventus abstulerunt nos
7 Det var ingen som kallar på namnet ditt, som manna seg upp til å gripa deg; for du hadde løynt di åsyn for oss og late oss skjelva under vår skuld.
non est qui invocet nomen tuum qui consurgat et teneat te abscondisti faciem tuam a nobis et adlisisti nos in manu iniquitatis nostrae
8 Men no, Herre, er du vår fader; me er leiret og du vår formar, eit verk av di hand er me alle.
et nunc Domine pater noster es tu nos vero lutum et fictor noster et opera manuum tuarum omnes nos
9 Herre, ver ikkje so ovleg harm, og tenk ikkje ævleg på skuldi. Sjå no på me alle er ditt folk!
ne irascaris Domine satis et ne ultra memineris iniquitatis ecce respice populus tuus omnes nos
10 Dine heilage byar vart øydemark, Sion vart til ei øydemark, Jerusalem til ei audn.
civitas sancti tui facta est deserta Sion deserta facta est Hierusalem desolata
11 Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre deg lova, hev vorte uppbrent med eld, og all vår hugnad hev vorte grushaugar.
domus sanctificationis nostrae et gloriae nostrae ubi laudaverunt te patres nostri facta est in exustionem ignis et omnia desiderabilia nostra versa sunt in ruinas
12 Kann du halda deg att med alt dette, Herre? Vil du tegja og trykkja oss so tungt?
numquid super his continebis te Domine tacebis et adfliges nos vehementer

< Esaias 64 >