< Esaias 47 >
1 Stig ned og set deg i moldi, du møy Babel-dotter! Set deg på jordi utan kongsstol, du kaldæar-dotter! For ei skal du lenger kallast den kløkke og kjælne.
2 Tak handkverni og mal mjøl, legg sløret burt! lyft slæpet upp, næk leggen, vad yver elvar!
3 Lat skammi di syna seg, lat deim sjå di skjemsla! Hemn tek eg og sparer ikkje eit menneskje.
4 Vår utløysar, Allhers-Herren han heiter, Israels Heilage.
5 Set deg stilt og gøym deg i myrkret, du kaldæar-dotter! For ei skal du lenger kallast dronning yver riki.
6 Eg var harm på mitt folk, vanhelga min arvlut og gav deim i dine hender. Men du viste ikkje medynk. Jamvel på gamlingar la du ditt tunge ok.
7 Du sagde: «Eg skal alltid vera Æve-dronning, » du la ikkje det på hjarta, tenkte ikkje på endelykti.
8 So høyr no det, du kjælne, som trunar so trygt, du som segjer i ditt hjarta: «Eg og ingen annan! Eg skal ikkje sitja enkja, og aldri sjå meg barnlaus!»
9 Båe desse ulukkor skal brått koma yver deg på ein einaste dag, barnløysa og enkjestand kjem på deg i fullaste mål, tråss i dine mange trollingar og dine sterke bannlysingar.
10 Du var trygg i vondskapen din og sa: «Det er ingen som ser meg!» Visdomen din og vitskapen din hev dåra deg, so du sa i ditt hjarta: «Eg og ingen annan!»
11 So skal det då vondt koma yver deg, som du veit’kje å venda av, ei ulukka skal falla yver deg, som du ikkje kann sona burt, og brått skal det koma yver deg tjon når du ikkje varast.
12 Kom no med dine bannlysingar, dine mange trollingar, som du hev stræva med ifrå ungdomen! Kanskje kunde du finna hjelp, kanskje skræma ulukka burt.
13 Du hev trøytta deg med dine mange råder, lat deim so møta, lat dei himmelkunnige hjelpa deg, stjernekikaran’, dei som kvar månad forkynner kva som skal hendast deg!
14 Men dei hev vorte som halm, elden brenner deim upp, dei kann ikkje berga sitt eige livet or loge-vald. Det er ikkje glod til å verma seg med, ikkje bål til å sitja attved.
15 So gjeng det deg med deim du hev stræva for, handelsvenerne dine frå ungdomen din. Dei vildrar kvar sin veg, ingen som hjelper deg.