< Esaias 14 >
1 For Herren skal miskunna Jakob og endå ein gong velja ut Israel og lata deim koma til ro i landet deira; og utlendingar skal sameina seg med deim og halda seg til Jakobs hus.
2 Og folkeslag skal taka deim og føra deim heim att; men Israels hus skal leggja deim under seg som ein arvlut i Herrens land, og skal gjera deim til trælar og trælkvinnor. Dei skal få fangevaktarane sine til fangar og råda yver valdsherrarne sine.
3 På den dagen, då Herren gjev deg kvild for di møda og din angest og frå den harde trældomen din, som vart lagd på deg,
4 då skal du syngja denne spottevisa um kongen i Babel og kveda: «Kor hev ikkje valdsherren vorte still og pinestaden tagall!
5 Herren hev brote sund staven åt dei gudlause, kongsstaven åt hardstyrarane,
6 som slo folkeslag i harm med slag på slag og bøygde folk under seg i vreide og trælka deim utan nåde.
7 All jordi nyt no kvild og ro; dei bryt ut i fagnadrop.
8 Jamvel cypressarne gled seg yver deg, cedrarne på Libanon: «Sidan du no ligg der, stig ingen hitupp og høgg oss ned.»
9 Helheim der nede vert uroa for di skuld, når han skal taka imot deg. Han vekkjer skuggarne for di skuld, alle fyrstar på jordi; alle folkekongarne reisar seg frå sine kongsstolar. (Sheol )
10 Alle so tek dei til ords og segjer til deg: «So er du og vorten magtlaus som me, no er du vår like!»
11 Ned til helheimen hev din herlegdom sokke med brusen frå dine harpor; du ligg på ei roti lega, hev makkar til yverbreidsla. (Sheol )
12 Kor er du’kje fallen frå himmelen, du strålande morgonstjerna, kor er du ikkje felt til jordi, du som slo ned folkeslag!
13 Det var du som sagde i hjarta ditt: «Eg vil stiga til himmels, høgt yver Guds stjernor vil eg reisa kongsstolen min. Eg vil setja meg på Tingfjellet lengst uppe i nord!
14 eg vil stiga upp um skyborgi og gjera meg lik den Høgste.»
15 Ja, til helheimen laut du fara, lengst ned i svartaste hola. (Sheol )
16 Dei som ser deg, stirer på deg, undrast og segjer: «Er dette den mannen som skok jordi og fekk kongerike til å skjelva,
17 han som gjorde jordkringen til ei øydemark, jamna byarne med jordi, og som aldri gav fangarne heimlov?»
18 Folkekongarne dei ligg alle vyrdeleg gravlagde kvar i sitt kvilerom.
19 Men du er slengd ut, langt frå gravi di, som ei vanvyrd grein; du ligg yverbreidd med drepne, av sverdslegne menner - som vert kasta ned i ei steingrav - som ein nedtrakka daudskrott.
20 Nei, du fær ikkje vera saman med deim i gravi; for landet ditt hev du øydt og drepe ditt folk, og aldri meir skal nemnast det nidingseldet.
21 Gjev sønerne hans til dreping for misgjerdi åt deira feder! Ikkje skal dei få reisa seg og eigna til seg jordi og fylla verdi med byar!»
22 Eg vil reisa meg imot deim, segjer Herren, allhers drott, og eg skal rydja ut or Babel både namn og leivning, både born og barneborn, segjer Herren.
23 Eg gjer det til heim for bustyvelen, og vil fylla det med søkkjemyrar, eg skal sopa det burt med tynings-sopa, segjer Herren, allhers drott.
24 Herren, allhers drott, hev svore og sagt: I sanning som eg hev tenkt, soleis skal det verta, og det eg hev sett meg fyre, det skal hava framgang.
25 Eg vil krasa Assur i landet mitt og trakka honom under fot på fjelli mine. So skal oket hans verta burtteke, og byrdi hans lyft av herdarne deira.
26 Dette er den råd som Herren hev teke mot all jordi; og dette er den hand som er utrett mot alle folk.
27 For Herren, allhers drott, hev avgjort det; kven kann gjera det um inkje? Hans hand er det som er utrett; kven kann venda henne burt?
28 Det året kong Ahaz døydde, kom denne framsegni:
29 Gled deg ikkje, alt Filistarland, for di staven som slo deg er sundbroten! for or roti åt hoggormen skal det koma fram ein basilisk, og hans frukt skal verta ein fljugande eiterorm.
30 Dei armaste av dei arme skal finna rikeleg føda, og dei fatige få kvila i trygd! men di rot skal eg døyda med hunger, og leivningen av deg skal drepast.
31 Jamra deg, du port! øya deg, du by! Miss modet, alt Filistarland! For nordan ifrå kjem ein røyk! i fiendeskararne dreg ingen seg att-or.
32 Kva skal ein då svara sendemennerne frå heidningfolki? At Herren hev grunnfest Sion, og at der finn armingarne i folket hans livd.