< Hebreerne 5 >
1 For kvar øvsteprest vert teken bland menneskje og vert innsett for menneskje til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slagtoffer for synder,
2 som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han og sjølv ligg under vesaldom,
3 og for den skuld lyt han bera fram syndoffer, liksom for folket, so og for seg sjølv.
4 Og ingen tek seg sjølv den æra til, men den som vert kalla av Gud liksom Aron.
5 So hev ikkje Kristus heller tillagt seg den æra å verta øvsteprest, men han som sagde til honom: «Du er min son, eg hev født deg i dag.»
6 Liksom han og segjer ein annan stad: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.» (aiōn )
7 Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til honom som kunde frelsa honom frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,
8 og soleis lærde han, endå han var son, lydnad av det han leid;
9 og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle deim som lyder honom, (aiōnios )
10 med di Gud kalla honom øvsteprest etter Melkisedeks vis.
11 Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, då de hev vorte seinføre til å høyra.
12 For de som etter tidi skulde vore lærarar, de treng atter til at ein lærer dykk dei fyrste grunnar i Guds ord; og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.
13 For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.
14 Men fast føda er for vaksne, for deim som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.