< Haggai 1 >

1 I andre styringsåret åt kong Darius, fyrste dagen i sette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Zerubbabel Sealtielsson, jarl yver Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson:
In the second year of Daryavesh the king, in the sixth month, in the first day of the month, the word of the LORD came by Haggai, the prophet, to Zerubbabel, the son of Shealtiel, governor of Judah, and to Joshua, the son of Jehozadak, the high priest, saying,
2 So segjer Herren, allhers drott: Dette folket segjer: «Det er ikkje enno tid til å koma, tid til å byggja Herrens hus.»
"This is what the LORD of hosts says: These people say, 'The time hasn't yet come, the time for the LORD's house to be built.'"
3 Men so kom Herrens ord ved profeten Haggai:
Then the word of the LORD came by Haggai, the prophet, saying,
4 Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde?
"Is it a time for you yourselves to dwell in your paneled houses, while this house lies waste?
5 Og no segjer Herren, allhers drott, so: Agta på korleis det gjeng dykk!
Now therefore this is what the LORD of hosts says: Consider your ways.
6 De sår mykje, og haustar lite; de et og vert ikkje mette; de drikk og sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk og vert ikkje varme; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung.
You have sown much, and bring in little. You eat, but you do not have enough. You drink, but you aren't filled with drink. You clothe yourselves, but no one is warm, and he who earns wages earns wages to put them into a bag with holes in it."
7 So segjer Herren, allhers drott: «Agta på korleis det gjeng dykk!»
This is what the LORD of hosts says: "Consider your ways.
8 Far til fjells og henta timber og bygg upp templet, so eg kann hava hugnad i det og syna meg herleg, segjer Herren.
Go up to the mountain, bring wood, and build the house. I will take pleasure in it, and I will be glorified," says the LORD.
9 De vona mykje og vann lite; de førde heim og eg bles det burt. Kvifor? segjer Herren, allhers drott. Jau, for mitt hus skuld, av di det ligg i øyde, medan de sjølve hev det annsamt kvar med sitt hus.
"You looked for much, and, look, it came to little; and when you brought it home, I blew it away. Why?" says the LORD of hosts, "Because of my house that lies waste, while each of you is busy with his own house.
10 Difor hev himmelen meinka dykk dogg og jordi meinka dykk grøda.
Therefore for your sake the heavens withhold the dew, and the earth withholds its fruit.
11 Eg hev kalla turk yver land og fjell, yver korn og druvesaft og olje og alt som gror på marki, yver folk og fe og all dykkar arbeidsvinning.
I called for a drought on the land, and on the mountains, and on the grain, and on the new wine, on the oil, and on all what the ground produces, and on men, and on livestock, and on all the labor of the hands."
12 Zerubbabel Sealtielsson og øvstepresten Josva Josadaksson og alt det som var att av folket lydde på Herren, sin Gud, og ordi frå profeten Haggai, av di Herren, deira Gud, hadde sendt honom; og folket bar age for Herren.
Then Zerubbabel, the son of Shealtiel, and Joshua, the son of Jehozadak, the high priest, with all the remnant of the people, obeyed the voice of the LORD, their God, and the words of Haggai, the prophet, as the LORD, their God, had sent him; and the people feared the LORD.
13 Og Herrens sendebod Haggai bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren.
Then Haggai, the LORD's messenger, spoke the LORD's message to the people, saying, "I am with you," says the LORD.
14 Og Herren kveikte hugen hjå Zerubbabel Sealtielsson, jarlen yver Juda, og hjå øvstepresten Josva Josadaksson og hjå alle deim som var att av folket, so dei lagde i veg og arbeidde på huset åt Herren, allhers drott, deira Gud;
The LORD stirred up the spirit of Zerubbabel, the son of Shealtiel, governor of Judah, and the spirit of Joshua, the son of Jehozadak, the high priest, and the spirit of all the remnant of the people; and they came and worked on the house of the LORD of hosts, their God,
15 den fire og tjugande dagen i sette månaden i andre styringsåret åt kong Darius.
in the twenty-fourth day of the month, in the sixth month, in the second year of Daryavesh the king.

< Haggai 1 >