< Haggai 2 >

1 Den ein og tjugande dagen i sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai:
In the seventh month, in the one and twentieth day of the month, came the word of Yhwh by the prophet Haggai, saying,
2 Tala til Zerubbabel Sealtielsson, jarlen i Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson og til det som er att av folket.
Speak now to Zerubbabel the son of Shealtiel, governor of Judah, and to Joshua the son of Josedech, the high priest, and to the residue of the people, saying,
3 Finst det endå nokon attlivande millom dykk som hev set dette huset i sin fyrre herlegdom? Kva tykkjer de um det no? Er det ikkje for augo dykkar som inkjevetta?
Who is left among you that saw this house in her first glory? and how do ye see it now? is it not in your eyes in comparison of it as nothing?
4 Men ver hugheil no, Zerubbabel! segjer Herren, ver hugheil, øvsteprest Josva Josadaksson! ver hugheilt, alt folket i landet! segjer Herren, og arbeid! For eg er med dykk, segjer Herren, allhers drott;
Yet now be strong, O Zerubbabel, saith Yhwh; and be strong, O Joshua, son of Josedech, the high priest; and be strong, all ye people of the land, saith Yhwh, and work: for I am with you, saith Yhwh of Armies:
5 den avtalen eg gjorde med dykk ved utferdi frå Egyptarland, skal standa ved lag, og min ande skal bu millom dykk. Ver ikkje rædde!
According to the word that I covenanted with you when ye came out of Egypt, so my spirit remaineth among you: fear ye not.
6 For so segjer Herren, allhers drott: Enno ein gong um eit lite bil skal eg skaka himmel og jord og hav og land.
For thus saith Yhwh of Armies; Yet once, it is a little while, and I will shake the heavens, and the earth, and the sea, and the dry land;
7 Eg skal skaka alle folki, so dei dyraste eignaluterne frå alle folki skal koma hit, og eg skal fylla dette huset med herlegdom, segjer Herren, allhers drott.
And I will shake all nations, and the desire of all nations shall come: and I will fill this house with glory, saith Yhwh of Armies.
8 Sylvet er mitt, og gullet er mitt, segjer Herren, allhers drott.
The silver is mine, and the gold is mine, saith Yhwh of Armies.
9 Den komande herlegdom i dette siste huset skal verta større enn det fyrre, segjer Herren, allhers drott; og på denne staden vil eg gjeva fred, segjer Herren, allhers drott.
The glory of this latter house shall be greater than of the former, saith Yhwh of Armies: and in this place will I give peace, saith Yhwh of Armies.
10 Den fire og tjugande dagen i niande månaden i andre styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord ved profeten Haggai.
In the four and twentieth day of the ninth month, in the second year of Darius, came the word of Yhwh by Haggai the prophet, saying,
11 So segjer Herren, allhers drott: Spør kva prestarne lærer um dette:
Thus saith Yhwh of Armies; Ask now the priests concerning the law, saying,
12 Um ein mann ber heilagt kjøt i klædesnippen og so med snippen kjem nær noko brød eller kokemat eller vin eller olje eller anna etande, vert då det heilagt? Prestane svara nei.
If one bear holy flesh in the skirt of his garment, and with his skirt do touch bread, or pottage, or wine, or oil, or any meat, shall it be holy? And the priests answered and said, No.
13 So spurde Haggai: «Men um ein hev vorte urein av eit lik og so kjem nær noko av alt dette, vert det då ureint?» Prestarne svara ja.
Then said Haggai, If one that is unclean by a dead body touch any of these, shall it be unclean? And the priests answered and said, It shall be unclean.
14 Då tok Haggai til ords og sagde: Soleis er det med denne lyden, og soleis er det med dette folket i mine augo, segjer Herren, og like eins med alt det deira hender gjer, og det dei ofrar der, det er ureint.
Then answered Haggai, and said, So is this people, and so is this nation before me, saith Yhwh; and so is every work of their hands; and that which they offer there is unclean.
15 Gjev no gaum frå i dag og attende. Fyrr de tok til og lagde stein på stein i Herrens tempel,
And now, I pray you, consider from this day and upward, from before a stone was laid upon a stone in the temple of Yhwh:
16 når einkvan i den tid gjekk til ein korndunge på tjuge skjeppor, so fann han berre ti; når einkvan gjekk til ei vinpersa og vilde ausa upp femti mål, so fekk han ikkje meir enn tjuge.
Since those days were, when one came to an heap of twenty measures, there were but ten: when one came to the pressfat for to draw out fifty vessels out of the press, there were but twenty.
17 Eg søkte dykk med sotbrand og rust og haglver yver alt dykkar arbeid, og endå vende de ikkje um til meg, segjer Herren.
I smote you with blasting and with mildew and with hail in all the labours of your hands; yet ye turned not to me, saith Yhwh.
18 Men gjev gaum no frå i dag og attende, frå fire og tjugande dagen i niande månaden alt til den dagen då Herrens tempel vart tufta. Gjev gaum!
Consider now from this day and upward, from the four and twentieth day of the ninth month, even from the day that the foundation of Yhwh's temple was laid, consider it.
19 Finst det enno att noko sæde i kornburet? Og korkje vintreet eller fiketreet eller granatapallen eller oljetreet hev bore noko! Frå i dag skal eg velsigna.
Is the seed yet in the barn? yea, as yet the vine, and the fig tree, and the pomegranate, and the olive tree, hath not brought forth: from this day will I bless you.
20 Andre gongen kom Herrens ord til Haggai den fire og tjugande dagen i månaden:
And again the word of Yhwh came unto Haggai in the four and twentieth day of the month, saying,
21 Seg til Zerubbabel, jarlen yver Juda: Eg skal skaka himmel og jord;
Speak to Zerubbabel, governor of Judah, saying, I will shake the heavens and the earth;
22 eg skal velta i koll kongsstolarne og tyna veldet åt dei heidne kongeriki; eg skal velta stridsvognerne og deim som stend på deim, og hestarne skal stupa og ridarene med, den eine for sverdet åt hin.
And I will overthrow the throne of kingdoms, and I will destroy the strength of the kingdoms of the heathen; and I will overthrow the chariots, and those that ride in them; and the horses and their riders shall come down, every one by the sword of his brother.
23 Den dagen, segjer Herren, allhers drott, tek eg deg, Zerubbabel Sealtielsson, du min tenar, og gjer deg til ein seglring; for deg hev eg valt ut, segjer Herren, allhers drott.
In that day, saith Yhwh of Armies, will I take thee, O Zerubbabel, my servant, the son of Shealtiel, saith Yhwh, and will make thee as a signet: for I have chosen thee, saith Yhwh of Armies.

< Haggai 2 >