< 1 Mosebok 43 >

1 Men svolten var hard i landet.
The famine continued to be really bad in Canaan,
2 Og då det traut det kornet dei hadde havt heim frå Egyptarland, sagde far deira med deim: «Far i vegen att og kjøp oss noko grjon!»
so once they had finished the grain they'd brought from Egypt, their father told them, “You have to go back and buy some more grain for us.”
3 Då sagde Juda med honom: «Denne mannen lyste so strenge ord og sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan yngste bror dykkar er med.»
But Judah responded, “The man was adamant when he warned us, ‘I won't even see you unless your brother is with you.’
4 Vil du no lata bror vår få vera med oss, so skal me fara ned og kjøpa grjon åt deg.
If you send our brother Benjamin with us then we'll go and buy food for you.
5 Men sender du honom ikkje med, so vil me ikkje fara. For mannen sagde: «De skal ikkje koma for augo mine, utan bror dykkar er med.»»
But if you won't send him, then we won't go, because the man was very clear, ‘I won't even see you unless your brother is with you.’”
6 Då sagde Israel: «Kvi gjorde de meg so ille imot og sagde det med mannen at de hadde endå ein bror?»
“Why have you made things so bad for me by telling the man you had another brother?” Israel asked.
7 Og dei svara: «Mannen spurde oss ut både um oss og ætti vår, og sagde: «Liver far dykkar endå? Hev de nokon bror?» So svara me, som han spurde til. Kor kunde då me tenkja at han skulde segja: «Kom hit med bror dykkar!»»
“The man kept on asking direct questions about us and our family like ‘Is your father still alive?’ and ‘Do you have another brother?’” they replied. “We just answered his questions. How were we to know he'd say, ‘Bring your brother here!’?”
8 Og Juda sagde med Israel, far sin: «Send du sveinen med meg, so vil me oss reiduge og fara, so me kann halda livet og ikkje døy burt, både me og du og småborni våre.
Judah said to his father Israel, “Send the boy in my care, and we'll leave immediately, so that we can stay alive and not die—and that includes you and us and our children!
9 Eg skal svara for honom. Av meg kann du krevja honom att. Kjem eg ikkje heim til deg att med honom og set honom framfyre deg, so skal eg bera skuldi for det all min dag.
I promise to take care of him—I'll be personally responsible for bringing him back to you. If I don't, then I will always carry the blame!
10 For hadde me ikkje drygt so lenge, so kunde me no vore heim att tvo vendor.»
Now let's go, because if we hadn't hesitated, we could have gone there and come back twice by now.”
11 Då sagde Israel, far deira, med deim: «Er det ikkje onnor råd, so gjer som eg segjer: Tak med dykk i sekkjerne dykkar av alt det gjævaste som finst i landet, noko balsam og noko honning, kryddor og rosekvåda, pistacie-neter og mandlar! Det skal vera ei gåva til mannen.
“If it has to be, then this is what you'll do,” Israel replied. “Take with you the best our country produces. Pack your bags with gifts for the man—balm, a little honey, spices, myrrh, pistachios, and almonds.
12 Og tak ein gong til so mange pengar med dykk! For dei pengarne som kom att og låg ovanpå i sekkjerne dykkar, fær de hava med attende; kann henda det berre var eit mistak.
Take double the money that was returned to you in your sacks—maybe it was a mistake.
13 Tak so bror dykkar med, og gjer dykk reiduge, og far attende til mannen!
Take your brother and go back to the man right away.
14 Og Gud den Allvelduge late dykk møta godvilje hjå mannen, so han sender Benjamin og den andre bror dykkar med dykk heim att. Og eg - skal eg vera barnlaus, so fær eg vera barnlaus!»
May God Almighty make the man treat you kindly so when you come before him he'll release your other brother and send Benjamin back. As for me, if I am to lose all my children, then so be it.”
15 So tok dei gåva, og ein gong til so mange pengar tok dei med seg, og so Benjamin. Og dei gav seg på vegen, og for ned til Egyptarland, og gjekk fram for Josef.
So they packed the gifts, took double the money, and set off, accompanied by Benjamin. They arrived in Egypt and went to have an audience with Joseph.
16 Då Josef såg at Benjamin var med deim, sagde han med den som stod fyre huset hans: «Bed desse mennerne inn, og slagta eit naut og laga det til; for dei skal eta til middags med meg.»
When Joseph saw Benjamin was with them, he told his household supervisor, “Take these men to my house. Slaughter an animal and make a meal, for they are going to eat with me at noon.”
17 Og mannen gjorde som Josef sagde, og bad deim inn i huset åt Josef.
The man did as Joseph ordered and took them to Joseph's house.
18 Men då dei skulde inn i huset åt Josef, vart dei rædde, og sagde: «Det er nok for dei pengarne skuld som låg att i sekkjerne våre fyrre gongen, at me skal her inn. Dei kjem til å velta seg inn på oss, og kasta seg yver oss, og taka oss til trælar, med asni våre.»
They were really worried that they were being taken to Joseph's house. “It's because of the money that was put in our sacks the first time we came,” they said to each other. “That's why we're being brought in—so he can accuse us and attack us! He'll make us his slaves and take our donkeys!”
19 So gjekk dei burt til mannen som stod fyre huset hans Josef, og tala til honom i husdøri,
So they went and spoke to Joseph's household supervisor at the entrance to the house.
20 og sagde: «Høyr her, gode herre! Du veit me hev vore her ein gong fyrr og kjøpt grjon.
“Please excuse us, my lord,” they said. “We came down the first time to buy food,
21 Men då me kom til kvilestaden, og løyste upp klyvjarne våre, då fann kvar sine pengar ovanpå i sekken sin; det var våre eigne pengar, med si fulle vegt, og no hev me deim med oss hit att.
and when we stopped for the night, we opened our sacks and each of us found our money—the exact amount—at the top of our sacks. So we've brought it back with us.
22 Og andre pengar hev me og med oss, til å kjøpa grjon for. Me veit ikkje kven som hev lagt pengarne i sekkjerne våre.»
We've also brought more money to buy food. We've no idea who put our money in our sacks!”
23 Då sagde han: «Ver de hugheile! Hav ingen otte på dykk! Dykkar Gud og Gud åt far dykkar hev lagt ei gåva til dykk i sekkjerne. Pengarne dykkar hev eg fenge.» So henta han Simeon ut til deim.
“Everything's fine!” he told them. “Don't worry! Your God, the God of your father, must have given you the treasure hidden in your sacks. I got your money.” Then he brought Simeon out to meet them.
24 Sidan fylgde mannen deim inn i huset hans Josef, og gav deim vatn, so dei fekk två føterne sine, og gav deim for til asni.
The steward took them inside Joseph's house, gave them water to wash their feet, and supplied food for their donkeys.
25 So lagde dei gåvorne til reide, til Josef skulde koma heim til middags; for dei hadde høyrt at dei skulde eta der.
They got their gifts ready for when Joseph would come at noon, because they had found out that they were going to eat there.
26 Då so Josef kom heim, bar dei inn til honom gåvorne som dei hadde med seg, og lagde seg å gruve for honom.
When Joseph arrived at the house they gave him the gifts they had brought for him, and bowed low to the ground before him.
27 Og han spurde korleis dei livde, og sagde: «Stend det vel til med den gamle far dykkar, som de tala um? Liver han endå?»
He asked how they were, and then he asked, “How is your elderly father doing that you spoke of? Is he still alive?”
28 «Ja, » svara dei, «det stend vel til med far vår, tenaren din. Han liver endå.» Og dei bøygde seg og kasta seg å gruve for honom.
“Yes, your servant our father is still alive, and is well,” they replied and bowed low in respect.
29 Då han fekk auga på Benjamin, bror sin, son åt hans eigi mor, sagde han: «Er dette den yngste bror dykkar, som de tala til meg um? - Gud signe deg, guten min!» sagde han.
Then Joseph looked over at his brother Benjamin, the son of his own mother. “Is this your youngest brother that you told me about?” he asked. “God be gracious to you, my son,” he said.
30 Og Josef skunda seg burt. For hjarta hans kløktest, då han såg bror sin, so han laut få gråta. Og han gjekk inn i koven og gret.
Joseph had to run out quickly because he was becoming so emotional at seeing his brother. He looked for a place to cry, and went to his room to weep there.
31 So tvo han seg i andlitet, og gjekk ut att, og han gjorde seg hard, og sagde: «Set maten fram!»
Then he washed his face, got his emotions under control, and went back out. “Serve the food,” he ordered.
32 Då sette dei fram, for honom i ser, og for deim i ser, og for egyptarane i ser, deim som åt hjå honom; for egyptarane torer ikkje eta i lag med hebræarane; dei held det for å vare ufjelgt.
Joseph was served at a table by himself, and his brothers were served at a separate table. The Egyptians were also served at another table, because Egyptians cannot eat with Hebrews because they find this repulsive.
33 Dei vart sessa midt fyre honom etter alderen, frå den eldste til den yngste, og dei såg på kvarandre og undrast.
The brothers had been seated in front of him in order by age, from the firstborn, the oldest, down to the youngest, and they looked at each other in complete surprise.
34 Og det vart sendt um til deim av dei retterne som han sjølv åt av, og Benjamin fekk fem gonger so mykje som dei andre. Og dei drakk med honom, og vart fjåge.
The food was served to them from Joseph's table, and Benjamin received five times as much as anyone else. So they ate and drank plenty with him.

< 1 Mosebok 43 >