18og arvaditarne og semaritarne og hamatitarne. Sidan breidde kananitarfolki seg vidare ut.
19Og landskilet åt kananitarne gjekk frå Sidon til Gaza, når du tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når du tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim.
20Dette er Khams-sønerne, med sine ætter og tungemål, i sine land og rike.
21Og Sem, eldste bror hans Jafet, han fekk og born; han er det som alle Ebers-sønerne er ætta frå.
22Og sønerne hans Sem var Elam og Assur og Arpaksad og Lud og Aram.
23Og sønerne hans Aram var Us og Hul og Geter og Mas.
24Og Arpaksad fekk sonen Salah, og Salah fekk sonen Eber.
25Og Eber fekk tvo søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart jordi utbytt millom folki. Og bror hans heitte Joktan.
26Og Joktan vart far til Almodad og Salef og Hasarmavet og Jarah
29og Ofir og Havila og Jobab; alle desse var sønerne hans Joktan.
30Og dei budde i Austfjellet, frå Mesa og burtimot Sefar.
31Dette er sønerne hans Sem, med sine ætter og tungemål, i sine land og med sine rike.
32Dette var dei folki som hev kome frå sønerne hans Noah, etter sine ættgreiner, i sine rike. Og frå deim hev alle folkeslag greina seg ut yver jordi etter storflodi.