< Esekiel 8 >
1 Og det hende i det sette året, den femte dagen i sette månaden, medan eg sat i huset mitt, og styresmennerne i Juda sat framfor mi åsyn, at Herrens, Herrens hand fall på meg der.
And it comes to pass, in the sixth year, in the sixth [month], on the fifth of the month, I am sitting in my house, and [the] elderly of Judah are sitting before me, and there a hand of Lord YHWH falls on me,
2 Og eg såg, og sjå, ein skapnad, sjåande til som eld; frå det som var sjåande av lenderne hans og nedetter som eld, og frå hans lender og uppetter var det som ei glima, som sylvblanda gull.
and I look, and behold, a likeness as the appearance of fire, from the appearance of His loins and downward—fire, and from His loins and upward, as the appearance of brightness, as the color of electrum.
3 Og han rette ut eitkvart som liktest på ei hand, og tok meg i ein lokk av hovudhåret, og åndi lyfte meg upp millom jord og himmel og førde meg til Jerusalem i syner frå Gud, dit der ein gjeng inn til den indre fyregarden gjenom den porten som snur mot nord, der som harmings-bilætet stod, det som valda harm.
And He puts forth a form of a hand, and takes me by a lock of my head, and [the] Spirit lifts me up between the earth and the heavens, and brings me to Jerusalem in visions of God, to the opening of the inner gate that is facing the north, where the seat of the figure of jealousy [is] that is making jealous,
4 Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, liksom den syni eg hadde set i dalen.
and behold, there the glory of the God of Israel [is] as the appearance that I saw in the valley.
5 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Lyft augo dine nordetter!» Og eg lyfte augo nordetter, og sjå, nordanfor altarporten var dette harmings-bilætet attmed inngangen.
And He says to me, “Son of man, now lift up your eyes [toward] the way of the north.” And I lift up my eyes [toward] the way of the north, and behold, on the north of the gate of the altar [is] this figure of jealousy, at the entrance.
6 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Ser du kva dei gjer? Store styggjor er det som Israels-lyden gjer her, so eg lyt fara langt burt ifrå heilagdomen min. Men du skal få sjå store styggjor.»
And He says to me, “Son of man, are you seeing what they are doing? The great abominations that the house of Israel is doing here, to keep far off from My sanctuary; and turn again, [and] see great abominations.”
7 Og han let meg koma til inngangen åt fyregarden. Og eg såg, å sjå, det var eit hol i veggen.
And He brings me to an opening of the court, and I look, and behold, a hole in the wall;
8 Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Brjot igjenom veggen!» Og eg braut meg igjenom veggen, og sjå, der var ei dør.
and He says to me, “Son of man, now dig through the wall”; and I dig through the wall, and behold, an opening.
9 Og han sagde med meg: «Gakk inn og sjå dei vonde styggjor som dei gjer der!»
And He says to me, “Go in, and see the evil abominations that they are doing here.”
10 Og eg gjekk inn og såg, og sjå, der var alle slag bilæte av krek og firføtingar, styggedom, og alle dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden, innrita på veggjerne rundt ikring.
And I go in, and look, and behold, every form of creeping thing, and detestable beast—and all the idols of the house of Israel—carved on the wall, all around,
11 Og framfyre deim stod sytti mann, styresmennerne i Israels-lyden, og Ja’azanja Safansson stod midt imillom deim, og kvar og ein hadde eit røykjelseskjerald i handi, og det steig upp ange av røykjelseskyi.
and seventy men from [the] elderly of the house of Israel—and Jaazaniah son of Shaphan standing in their midst—are standing before them, and each [with] his censer in his hand, and [the] abundance of [the] cloud of the incense is going up.
12 Og han sagde med meg: «Hev du set, menneskjeson, kva styresmennerne i Israels-lyden fer med i myrkret, kvar i sitt bilæt-rom? For dei segjer: «Herren ser oss ikkje; Herren hev vendt seg burt frå landet.»»
And He says to me, “Have you seen, son of man, that which elderly of the house of Israel are doing in the darkness, each in [the] inner chambers of his imagery, for they are saying, YHWH is not seeing us, YHWH has forsaken the land?”
13 Og han sagde med meg: «Du skal enn få sjå store styggjor som dei fer med.»
And He says to me, “Turn again, [and] see [the] great abominations that they are doing.”
14 Og han let meg koma åt inngangen til porten på Herrens hus, den som snur mot nord. Og sjå, der sat kvinnorne og gret for Tammus.
And He brings me to the opening of the gate of the house of YHWH that [is] at the north, and behold, there the women are sitting, weeping for Tammuz.
15 Og han sagde med meg: «Hev du set, menneskjeson? Du skal enn få sjå styggjor, større enn desse.»
And He says to me, “Have you seen, son of man? Turn again, [and] see greater abominations than these.”
16 Og han let meg koma i den indre fyregarden til Herrens hus. Og sjå, attmed inngangen til Herrens tempel, millom forhalli og altaret, var det ikring fem og tjuge menner; dei snudde ryggen til Herrens tempel og andliti i aust, og dei lutte seg austetter og bad til soli.
And He brings me into the inner court of the house of YHWH, and behold, at the opening of the temple of YHWH, between the porch and the altar, about twenty-five men, their backs toward the temple of YHWH, and their faces eastward, and they are bowing themselves eastward to the sun.
17 Og han sagde med meg: «Hev du set det, menneskjeson? Kunde ikkje Juda-lyden nøgja seg med å gjera dei styggjor dei her hev gjort, men måtte fylla landet med vald og atter harma meg upp? Og sjå kor dei no held kvisten upp for nosi!
And He says to me, “Have you seen, son of man? Has it been a light thing to the house of Judah to do the abomination that they have done here, that they have filled the land with violence, and turn back to provoke Me to anger? And behold, they are putting forth the branch to their nose!
18 So vil då eg og fara fram i vreide; mitt auga skal ikkje spara, og miskunn gjer eg ikkje. Og um dei ropar for mine øyro med sterkt mål, so vil eg ikkje høyra deim.»
And I also deal in fury, My eye does not pity, nor do I spare, and they have cried [with] a loud voice in My ears and I do not hear them.”